Dagfinn Nupen

Vesterhavet. Kva møtte forfedrane våre av musikken der?

DAGFINN NUPEN

 

Språket var annleis, framandt, kva med kulturformene? Der ute møtte dei songdansen, som etter kvart også slo rot i Noreg. På 1300-talet seier soga at den norske folkevisa stod rimeleg høgt.

Innskriving: Øystein Sande

2016-12-13
Dagfinn Nupen

Eldre folkesong i Norderlanda

DAGFINN NUPEN

Åra går, mangt minkar, men interessa for historie (særleg den norrøne) er framleis oppegåande. I år (2016) vert det ikkje kappleikar for meg, men soger kring den eldre folkemusikken + dagens skisport og fotball blømer framleis godt.

Alternativ til framføring på dei eldre folkemusikkinstrumenta kan difor vere å ta ein penn og skrivepapir, kose seg med notatar og klipp, og dermed ta del i kulturen vår på den fronten vidare.

2016-11-16
Dagfinn Nupen

Ytring frå Dagfinn Nupen

Noregsveldet

Noregsveldet, eit interessant geografisk område
Norsk folkemusikk og keltiske melodiar. Kva veit vi??

 
av Dagfinn Nupen
Innskriving: Øystein Sande
 
Stort sett alle som studerer vår eigen folkemusikk, vil i mange høve også sjå til musikk i andre land og drage parallellar. Opphav og samanfallande trekk, evt. ulikskapar vil kome fram, og drøftast. Musikken i grannelanda kjem tydeleg inn her. Den eldre stilen kan vere eit godt grunnleggjande moment. Dei vokale folketonane med sine former er i alle fall eit godt utgangsapunkt.
2015-11-10
Dagfinn Nupen

Ytring frå Dagfinn Nupen

Den norske tone

Den norske tone

Folkemusikkbladet for Møre og Romsdal var oppegåande i 29 år. Utsendinga av bladet tok til slutt knekken på redaktøren – for lita hjelp, og punktum vart resultatet. I ettertid har både samtalar og telefonar kima, med spørsmål om stopp = slutt.

2015-11-10
Dagfinn Nupen

Ytring frå Dagfinn Nupen

Særdrag i vår norske musikk

Vi som har drive med ymse musikkvariantar nokre år, skulle kjenne til at ein har mange former som t.d. granskarane har sett i system og kartlagt. Utøvarar sine nedteikningar av folketonane våre har i årevis lege til grunn, som eit utgangspunkt der fleire enn mange komponistar har nytta enkle tonar som eit grunnleggjande utgangspunkt for arbeidet sitt.

2015-11-03
Foto: Knut Arne Aarset

Ytring frå Dagfinn Nupen

TONEVERDA

Lesing av ymse slag artiklar/tema har gjennom tidene vore godt utbreidt. Har vi ei ledig stund og er i tvil om valet, t.d. handarbeid eller ein tur ut i det fri, er dei fleste vitande om kva dei skal velje.

2015-11-02

Her finn du

Årsmøtedokumenta 2015 komplett med rekneskap og budsjett

Klikk deg vidare i denne artikkelen og finn årsmøtedokumenta.

Som leiar i folkemusikklaget har eg prøvd å få til ei digitalutgåve av Folkemusikkbladet, men tida og teknikken strakk ikkje til. Dette kan eg berre beklage!

2015-04-10
Folkemusikkbladet haust 2014 - forside

Nytt nr. av Folkemusikkbladet

 
Folkemusikkbladet for Møre og Romsdal kjem ut to gonger i året - til Fylkeskappleiken på våren og Sjokoladekappleiken på høsten.
Bladpengar for Folkemusikkbladet er 60 kr året.
 
Redaktør: Dagfinn Nupen,
Grepalivegen 25, 6150 Ørsta.
Tlf.: 70068547/41693934
2014-10-24

Her finn du den digitale utgåva av bladet som blir delt ut på Fylkeskappleiken

Folkemusikkbladet 01/2014

2014-03-30
henry

Redaktøre av Folkemusikkbladet, Dagfinn Nupen, har skrive dette minneordet

Henry Vike (1921 – 2013) til minne

I Romsdal som elles kringom i fylket har vi i mange ti-år vore heldige. Nokre skapande personar har teke godt vare på musikken som har utvikla seg i dei mange bygdene.

            Gode kjelder ofra mykje både tid og krefter, sette seg ned og førde eldre tradisjonar vidare både i tekst og tonar. Dette var gullkorn som i lang tid hadde eksistert mellom fleire skapande personar, ofte berre til husbruk. Men - dette var ikkje på nokon måte nok, for dei verdfulle kulturskattane måtte vidare ned på notearket og dermed ut til folket, både i inn- og utland.

            Ein som hadde dei rette evnene til å vidareføre dette på ein framifrå måte, var Henry Vike, Vikebukt i Romsdal.

2014-01-27