Påmeldinga til kappleiken er god med omlag 200 deltakarar, av dei 70 born. Her er startlista (kan kome endringar):
Hjarteleg velkomne til Fylkeskappleik og Distriktsmesterskap på trekkspel og toradar 21-23. oktober 2022 på Quality Hotel Ulstein. Etter to år med avlyste arrangement er vi no veldig klare for å møte alle igjen. Denne gongen er det Folkemusikklaget og Trekkspelforbundet i Møre og Romsdal som er arrangørar, og det vert lagt opp til konsert fredag og konkurranse laurdag og sundag.
Fylkeskappleiken 2020 er diverre avlyst pga. situasjonen rundt Covid-19.
21.-22. mars vert det Fylkeskappleik i Surnadal. Kappleiken vert arrangert på Thon hotell Surnadal av Nordmøre spelmannslag.
23.-24. mars vert det Fylkeskappleik i Valldal. Kappleiken vert arrangert på Martin Linge-huset av Valldal Spelemannslag.
Nytt av året er at ”gruppespel senior med komp” vert flytta til laurdag slik at tevlinga går føre seg til dans i salen. Dermed vert det ikkje kulturkveld, men mykje god dansemusikk heile kvelden.
Her kjem litt informasjon og startliste for Fylkeskappleiken 2018.