Vandrepremiar

Statuttar for vandrepremiar ved Fylkeskappleiken 

Aktive vandrepremiar for Møre og Romsdal folkemusikklag:

Spel fele - Maleri av Liv Kitch

  • 2018 - Britt Elise Skram
  • 2019 - Britt Elise Skram

Dans - Trevase

  • 2019 - Anna Liv Skjelten Gjendem og XXX

Vokal/Eldre folkemusikkinstrument - Tretine

  • 2016 - Unni Boksasp
  • 2017 - Ikkje napp (for få deltakarar)
  • 2018 - Gro Kjelleberg Solli
  • 2019 - Linnea Langset og Aurora Sæter

 

Statuttar for vandrepremiar på Fylkeskappleiken (forslag):

  • Møre og Romsdal Folkemusikklag har ansvaret for vandrepremiane til Fylkeskappleiken
  • Det skal vere vandrepremiar i kategoriane:
    • Spel solo - felles for klassane fele, hardingfele, durspel og trekkspel - klasse A,B,C, D og E
    • Dans - solo og pardans - klasse A,B,C, D og E
    • Vokal solo/eldre folkemusikkinstrument solo - klasse A,B,C, D og E
  • Den/dei utøvaren/e som har oppnådd høgaste poengsum innan kvar kategori får eit napp i vandrepremien
  • Etter tre napp får utøvaren vandrepremien til odel og eige. Det blir då sett opp ny vandrepremie i klassa neste år
  • Det må delta minst to deltakarar i kategorien for å få napp i vandrepremien
  • Vandrepremien har tradisjonelt sett vore kjøpt i området der kappleiken skal vere
  • Vandrepremiar delast ut i samband med premieutdelinga
  • Møre og Romsdal Folkemusikklag fører liste over vandrepremiar og vinnarar på nettsidene