Dagfinn Nupen

DAGFINN NUPEN

Vesterhavet. Kva møtte forfedrane våre av musikken der?

 

Språket var annleis, framandt, kva med kulturformene? Der ute møtte dei songdansen, som etter kvart også slo rot i Noreg. På 1300-talet seier soga at den norske folkevisa stod rimeleg høgt.

Innskriving: Øystein Sande

Norske folkemelodiar var påverka av songen i kyrkja, men konkrete prov, melodiar, er mangelvare. Fleire viser (elskhugsviser) var i alle fall mislikte innan kyrkja. Vidare vert sagt at nye syngjemåtar trengde vekk eldre tonar, då også. Ser vi til Island, hadde dei der Tvisøngur, og eit notat fortel oss at islendingane dreiv med fleirstemd song i parallelle kvintar (og lydisk toneart) i 1323. Her møtte denne songen motbør, men eldre lydrullar tok vare på denne songforma, m.a. i kor.

På sagaøya vart rimur sine vers henta frå islandske ættesoger og historiske forteljingar, og meir og meir eit folkeleg uttrykk.

Rimur vart sunge frå 1300-talet og eit par hundrad år utetter, og blømde då. Denne eldre tradisjonen var også ein viktig kulturarv som var seigliva, og kunnskapen om rimur vart utvikla og spreidd - også i utlandet.

Biskopen på Holar (1571) ville ha kontroll med litteraturen som skulle lesast, og denne G. Þorlaksson, var ei motkraft til folkemusikken på øya, ei vanskeleg tid for den heimlege kultur.

Rimur vert rekna som eldste, kjende tradisjonen på Island, med sine enkle og korte melodiar og repetisjonar. I mørke kveldar kom folket saman, kveikte i med selfett som ljoskjelde, las frå sagaen, song, – og kvinnene strikka i tillegg.

Dette kan lesast meir om i dag, «Tonlistarsafn Islandsk».

Forskning og registrering kring tradisjonen har etter kvart vorte teke vare på. Rimur vart ikkje sett på som høgkultur, og arbeidet for fremjing gav resultat og kom vidare fram med at musikk(orkester) auka interessa med sine lette tonar.

Merkeleg? Nær sagt i alle krinsar har ein motsetningar. Kyrkja var i alle fall motstandar av den islandske folkesongen.

Pave Johannes XXII (1323) mislikte også kormusikk.

Teksta var det primære i rima, tonen var lett og versa vart repeterte fleire gonger trass i at historia kunne vere ganske mørk og grotesk. Språket var bygt på Edda-dikta, skrivne på 1200-talet og såleis av grunnfesta materiale.

Kloster_500x321.jpg

Klosteret på Iona slik det står i dag, er restaurert 1100-tal, men bygt på restane av det eldste klosteret, som vart plyndra og nedbrent av vikingar. No står berre to høgkrossar att, men på eit tidspunkt skulle det ha vore heile 360. Den typisk keltiske krossen med sirkelen vart truleg til her.

*

Dermed dreg vi frå det nære Island og set kursen sørvestover, på leiting etter kulturinnslag. som sikkert var annleis enn her i Norden.

Frå Vestlandet drog dei, mange frå Møre og Romsadal fylke, over havet til Dei britiske øyane. Langt attende i soga les vi om vikingane, seinare om mange som dreiv fiske både ved England, Skottland og dei velkjende øygruppene vest i havet.

Frå turane mine til desse øysamfunna etter mykje lesing om deira folkekultur, fyrst og fremst om språkutviklinga, streifa tankane om musikken. Rett nok var det berre små drypp eg fekk med meg.

Interessant var det å lytte til ein fjern slektning frå heimbygda mi Ørsta, og namnet er O.M. Sandvik. Han hadde mykje å fortelje om, frå denne delen av Europa. Stikkordet her er keltisk, og dermed måtte kartet over desse landa fram, og vidare synfaring over dei ymse språka i desse landområda.

I same rennet kan nemnast at på andre sida av kanalen, nærare sagt i Nord-Frankrike, Bretagne, jau også der vil vi finne keltisk melodikk, sa den dugande musikkforskaren.

Irland høyrest mykje spennande ut for oss norske, og fleire forskarar har hatt studieturar dit. Vestanfor Irland ligg Hebridane, som ein del av det eldre Noregsveldet. Der vest finn vi også øya Barra (Castle Bay), som kunne melde om melodiar frå deira miljø. Enkle melodiar, med sine fem tonar, og ein med berre fire tonar. Dermed synsar vi litt og spør oss om vi har melodiar med berre fire tonar.

Legg også til at i dette vesle materialet var ingen grunntone som sluttar av melodien såleis som vi er kjende med i vår musikk, etter det eg veit.

O.M. Sandvik nemner kvartsprang i denne samanhengen. Kva seier dette til deg, og kva føler du sjølv når ein song eller melodi skal slutte?

Også andre melodiar frå desse øysamfunna med fleire enn desse enkle, hadde sin spesielle slutt. Nærare gransking fortel oss at melodiane der vest kunne også karakteriserast som enklare enn dei pentatoniske. Dermed må vi vel dra fram songar som byggjer på primitivt grunnlag.

Her var mange som vert kalla arbeidarsongar, og då vil eg trekkje fram minne frå mine yngre gutedagar. På fleire arbeidsstader både inne på fabrikken og ute på marka, i skogen eller på fjellet, kunne foreldra mine høyre kvar eg hadde vore.

Songar og sullar vart repeterte etter mi evne, og så kom kommentarane kven som var føredøme og hadde sunge og tralla for vesleguten.

På vesterhavsøyane dreiv mange med å stampe ullklede, og medan arbeidet gjekk, «kompa» dei arbeidet med å tralle til. Eg berre legg til at her i Ørsta har vi den dag i dag ein veg vi kallar Stampevegen, i sentrum. Bestemor kunne fortelje i mine barneår at ho skulle «oppi/til Stampå», og alle var vitande om kva for eit lite bygg dette var. Ein kunne berre gå etter songen. Ingen tvil, dei nynna og song når arbeid skulle utførast der, som på andre arbeidsplassar.

Materialet ein har samla inn, syner oss ein god del er, eller vert kalla pentatoniske, men vi må leggje til at fleire melodiar faktisk har mindre enn dei fem tonane.

Kva kan vere opphavet til denne syngjemåten?

Lite kontakt med andre folkeslag og kulturar?

Forskarar seier det må vere rimeleg, rett og slett å dra lina attende til eit primitivt grunnlag. Enkle, mindre songar, arbeidarsongar, og mest heilt utan forsiringar der oftast det daglege arbeidet, t.d. når dei stampar ullklede, har vore eit godt utgangspunkt. Andre enkle melodiar kan vere utførde under syrgjehøgtid, når ein i den nærasrte familie har gått bort.

Mogleg kunne ein høyre strofer som hadde med naturen å gjere - vind, regn osb.

*

Dreg vi lenger vest, til Hebridane, så har forskarar også der funne verdien av å fange inn folket sitt daglege virke og tonane som lydde mellom innbyggjarane på denne vêrharde øygruppa. Faktisk har ein samla inn dei enkle tonane frå denne utposten, som i dag ligg føre både med keltisk og engelsk tekst. Framsynt måtte nedskrivaren vere som under notebiletet hadde med dobbel tekst.

Fleire bøker er samla med denne musikken, som for dei fleste av oss er ganske fjern. Det pentatoniske draget er i fleirtal av melodifanget, men vi finn også melodiar som kan kome under overskrifta «Kyrkjetonar».

Ein kort historikk, oppsummering av det innsamla materialet frå øygruppene vest i havet, Det eldre Noregsveldet, fortel oss at på Hebridane fann ein sjølve urgrunnen i den keltiske musikken!

Få tonar, enkle samansette og med små sprang, eller som ein forskar skreiv til tider med «friske sprang».

Nokre samlingar er også gitt ut og harmoniserte i våre dagar. Tek vi atter ein gong eit blikk på kartet, vil ein sjå den vesle øya Skye, austan hovudøya som også har hatt vitjing av forskarar, som for fleire ti-år sidan skreiv ned melodiar der, like etter hundreårsskiftet (1911).

Stor honnør til dei som gav oss eit innblikk frå desse avstengde bygdene og med ein musikkultur som gir oss viten om eldgamle former.

Dette øyriket i vest seier oss tydeleg at her talar vi om mange øyar. Shetland, det eldre namnet meiner eg var Hjaltland, og er det nørdste av Storbritannia.

Vi kjenner Hebridane, og Orknøyane, og i tillegg kjem den einslege øya Isle of Man, som ligg midt mellom Skottland og Irland.

Vi veit at på denne øya har norske og keltarar levd saman i fleire hundre år.

Nordbuarane hadde sin standplass i nord, og i folket der borte i Irskesjøen hadde ein mykje norsk eller nordisk blod i årane. Ja, endåtil i seinare år kunne vi sjå tydelege drag, som minner om oss nordbuarar. Ein liten rundtur omkring i dette landskapet fortel om ein norsk namneskikk og skrivemåte på mange ord , fortel dette tydeleg.

Kva så med musikken hjå dette kulturfolket?

Ein har nedskrivingar av musikkspråket som er heile 200 år gammalt , dvs. omlag frå 1820.

«Manx National Songs», «Manx Ballads» og fleire publikasjonar, ymse hefte er utgitt av framifrå kjennarar som hadde fyrstehands kjennskap til deira musikktradisjonar.

Fyrste gongen eg gjekk der, tykte eg Noregs-soga kom meg svært nær, likar å nynne på melodiar når ein går for meg mest heilt åleine. Skulle eg stemme i med «Gud signe Noregs land» eller med ein framandlandsk  tekst. Valet var lett.

Rett skrift å blade i var nok «Journal of the Folk Song Society» av A Gilchrist, som i 1924 gav ut denne gode publikasjonen, som for det meste går attende til ypparleg arbeid av John Clague sine nedskrivingar.

Clague var ein stor og viktig kjennar av ikkje berre musikken, men hadde heile spekteret av folkloretradisjonane på Man som sitt arbeidsfelt.

O. M. Sandvik, den allsidige tonesamlaren næraste slekta frå Ørsta (Ivar Aasen sin fødestad) har systematisert mangt og mykje frå denne delen av Norden også. Han kunne fortelje levande frå og om desse eldre utbygdene våre, og seier m.a. at han tok ei saumfaring av Clague sine melodinedskrivingar. 12 nummer av vel 90 var av pentatonesk opphav, ca. 1/4 av alle kjem under kyrkjetoneartar.

Ca. 30, eller fleire, har eit nordisk preg eller linje. Endeleg kunne 8 seiast å vere primitive eller berre brotstykke av denne art.

Songar og melodiar som vi kjenner som dur og moll frå vår nordiske karakteristikk, finn vi også. I tillegg har vi melodiar som vandrar, dvs. går frå dur til moll. Denne

«a Scandinavian flavour», som går frå G-dur til e-moll, og sluttar på 6. trin i durtonen, må reknast som eit pentatonisk drag.

I fleire av desse melodiane frå dette kulturområdet finn ein sprang som ikkje er vanlege hjå oss nordmenn. Alle skulle vite kva ein leietone (ledetone) er, og kva vi legg i denne. Korleis er leietonen i ein ganske enkel song, som du syng, mest dagleg? Endar melodiane våre på ein septim eller ein sekst?

Kva med overgangen frå sluttonen og vidare over til neste vers? Her gøymer seg mange spørsmål, som granskarane skal få som oppgåve å skildra for oss.

Shetland kom for alvor inn i samtalar under 2. verdskrigen. Mange norske kunne med tyngd snakke om denne øygruppa, som eit fridommens land, for ei mengd småbåtar drog frå vestlandsbygdene, og over eit fårefullt havstykke, før dei kunne gå i land på ei av desse øyane, og dermed nytte djupare drag i kvardagen sin.

Denne øygruppa som er mykje omtala i Noregssoga, er ei av dei eldre norske nybygdene i vesterhavet.

Gløymer ikkje fyrste gongen eg var der, og kunne ta med meg mange element som synte oss at nettopp norske forfedrar hadde vore der før. Fleire norske ord som eg uttalte, var godt kjende hjå litt eldre personar. Dermed kom tanken, kva med musikken? Ville eg finne interessante drag der? I leikarringar har desse reelane vore kjende lenge, og så streifa ein inn på tanken om desse rytmene kom frå denne øygruppa ute i havet.

Eit anna spørsmål melde seg sjølvsagt for oss som spankulerte der i det vesle øysamfunnet. Eitt og anna måtte vel vere skrive? Den finske forskaren Otto Andersson hadde vore der i mellomkrigstida (1934) og nokre opplysningar kunne han melde om.

Det eldgamle instrumentet giga, eller «gue», som dei sa der ute, var nok i eldste laget i dag, men spreidde notat måtte vel finnast? O. Andersson nedteikna fleire slåttar og marsjar (for fele) som vart brukte i bryllaup, i tillegg til nokre frå viser. Desse tekstane er gode for dei som ser nærare på språket, for nettopp i desse visene vil vi finne eit språk (eit mål) med mykje blanding.

Notatane mine seier at av dei 11 nummer som er nedskrivne, kan 9 av slåttane tilhøyre vårt eige, norske musikktema. To, mogleg tre, er prega av den keltiske tradisjonen, tonalt sett.

Her kan leggjast til at under bryllaup var songen ofte i front, der norsk og nordisk var dominerande.

Konklusjonen i dette tilfelle seier at musikken der ute i havgapet må ha røter i den norske folketonen. Vidare dokumentasjon vil vere ei oppgåve for musikkforskarane våre.

Orknøyane, eller Orkenøy som også vert sagt, er øygruppa like nord for Skottland. Fyrste gong eg kom til desse øyane der vest i havet, landa flyet der. Ei underleg kjensle av å gange der i gammalt norsk land. Bilete og teikningar frå den norrøne saga vart med eitt ein røyndom. Heilt frå unge år hadde hugen og tankane mine krinsa kring desse historiske stadene, om ein gong måtte eg kome meg nettopp dit.

Minnest ei vakker teikning av ei eldre kvinne som sat der borte på ei av øyane og funderte. (Sjå teikning i sogeboka.) Kva heitte ho og kva slag tankar sveiv i hugen til denne framståande kvinna? No skulle eg vel ha ei gylden tid, og finne svar på dei mange spørsmåla som hadde lege i undermedvitet lenge, men som enno mangla svar.

I arbeidet mitt med eldre musikkstoff måtte fleire bøker saumfarast. Kva med to-stemmig song, og kva tid, og kven. gjekk føre i dette feltet i Norden.

To-stemmig, måtte vere noko heilt nytt for 1000 år sidan!? Eg reiste spørsmålet ved fleire høve, og kva, kva vart utfallet?

Ei hymne frå Orknøyane vart det endelege svaret. Fyrste notat i

Orknoyane_500x333.jpg

 

 

Neste fangst, lenge etter kjem her:

Magnushymna_500x248.jpg

Sidan mange i dag har historie som sitt hovudfag, tek ein med ei noteutskrift til, som du kan studere og finne ut soga om  denne .....Kongane_500x182.jpg

Kongane fekk mang ein gong grundige repetisjonar, og namna sat ganske godt utetter til 1263, då Noregsveldet tok slutt. Så måtte musikksoga på nytt gjennomgå med fleire streif, og spørsmål som sjølvsagt melde seg, var og vart: På desse Orknøyane måtte vel finnast musikkformer som enno fengde ein nordmann?! Musikksoge var ikkje så mykje å finne. «Folk Song Society» hadde lite omtale av musikkaktivitetar frå denne øygruppa. Mogleg har ein del stoff kome saman med nedskrivingar som stamma frå Skottland. Namn på kongar kom atter ein gong fram, og jarlar, som også er ein viktig del av soga til øyfolket.

Ei musikkhistorie av stor interesse er ei hymne til Magnus Orknøy-jarl. Notatane mine seier at O. Kolsrud i 1911 fann denne i Uppsala-biblioteket. Ein kan dermed spørje, kvifor der og ikkje heime i Noreg?

Dette er ein klostersong frå 13. hundreåret som går i parallelle tonesprang og vert rekna som den eldste to-stemmige musikksats frå Norden. Stort meir var visstnok ikkje å finne der. (Sjå note-utskrift)

Berre nemner at eg spurde organisten i den gamle, erverdige Magnus-katedralen i Kirkwall og etterlyste denne hymna, men svaret var negativt (for gammalt).

Musikk langt attende kan vere ei vanskeleg, men svært interessant oppgåve. Nokre notat skal i alle fall opplysast. Melodien til denne Magnus-hymna, med 20 strofer, har mykje i slekt med Olavs-sekvensen. St. Magnus vart feira som ein helgen på Orknøyane, og hymna vart arkivert i Uppsala. Universitetsbiblioteket der (frå ca. 1280) eller mogleg 140 år før.

Ein reknar denne som den eldste fleirstemmige frå Norden.

Parallelle tersar vart ikkje rekna som påverknad frå den kyrkjelege fleirstemminge musikken, etter det eg veit.

Soga seier elles at det på Orknøyane (i tillegg til andre stader) i nordiske område eksisterte ein del folkeleg songtradisjon, særleg musikk kring 1000-årsskiftet.

Granskarar har i årevis konstatert at i Wales har dei hatt tradisjonar for tonar som merkte seg ut frå andre område.

Magnus leid martyrdøden, og etterpå vart den mektige katedralen reist i Kirkwall. Dette var det mektigaste byggverket etter Nidarosdomen i det eldre Noregsveldet. Like ved denne katedralen låg bygget der Håkon Håkonsson døydde i 1263.

Soga seier m.a. at han tapte slaget i Largs, men det er ei anna historie.

I 1885 kom ei bok med namnet «Ancient Orknøy melodies». Denne boka gir oss mogleg mestedelen (alt?) av musikken som kan daterast attende til eldre musikk med røter frå Orknøyane.

Nærare granskingar både i norsk og britisk kringkasting kan fortelje at viktigaste melodifanget som desse kulturinstitusjonane rådde over, var henta frå Balfour sine samlingar, heilt eller delvis. Melodiane sitt opphav er mykje likt med tonesamlingar frå vårt eige miljø ute ved kysten.

I lange og mørke vinterkveldar vart mykje sunge til det daglege arbeidet. Parallelt mellom øyfolket og formødrene her vest, les vi om kvinnene sydde, spøta (strikka) og sat ved rokken og spann.

Eg måtte studere den vesle rokken i ein heim der borte, og likskapen var ganske såleis som heime i gamlelandet. Kulturformene er svært like. Ved fleire høve fekk eg forteljingar, og livlege skildringar, der kveldane hadde eit kulturelt innhald.

Mange nytta songstemma si flittig, og forteljargleda var stor. Eldre segner fanga stor interesse, der borte i øyriket, på same vis som ein kjenner det her på Vestlandet. Ei og anna lita fløyte var å høyre også, og ymse bøker med interessant innhald fekk god plass.

Vi tek med ei av desse: «To Orknøy these dying echoes og old melodies are inscribed a loving son».

Fleire eldre melodiar kom fram når personar var samla, nynna og song. Teksta var i mange høve enkel, kunne ein mann fortelje, og dermed måtte nye tekststrofer fram i dagen. På ein song er dette nedskrive:

            Vain is my woe,

            low in the grave he lies - Elorelo.

Etter notata mine er enkelt tonefylgje (akk.) sett til av den tidlegare nemnde David Balfour, som var meister for det absolutt meste av eldre meloditilfang frå Orknøy-musikken. Her kan ein finne meloditilfang heilt attende til ca. 1830. Soga seier at han hadde nytta kjelder som i alle fall var 90 år gamle. Nærare gammal tid skulle såleis vere vanskeleg å finne i levande live.

Mennene vert sjeldan gløymde, ikkje i denne samanhengen heller. Dei hadde sine viktige arbeidsoppgåver. Sko skulle lappast, hesteselen måtte reparerast, og i naustet var ei mengd fiskeutstyr som trong vedlikehald. Der sat karane og utførde viktige arbeidsoppgåver med eige tonefylgje som eit kjært og viktig «komp». Eit notat seier at både kvinner og menn frå bygda (nærmiljøet) samla seg i ei stove, fyrte på peisen, og samlast såleis i eit sosialt miljø til sams hyggje. Samtalar kom snøgt på bane, og emna vart livleg debatterte, der segner og ymse soger frå eldre tider fekk føter å gå på.

Også det underjordiske kom på bane. Vi reknar også at ei og anna enkel fløyta kunne lyde i slike lette samankomstar. Eg måtte berre slå fast at fløyter av det eldre slaget ikkje er å finnne i dag.

Mi store, viktige kjelde, O. M. Sandvik, fortel vidare, som eg var mindre kjend med at Balfour sine nedskrivingar hadde høg leietone. Dette med høgt leietone, kontra låg, ville gi oss ein annan dåm på musikken.

Opphavet til melodiar frå Orknøyne som er samla frå eldre tider, må musikkgranskarar fortelje meir om. Dei nedteikningane eg har sett, fortel at mange har pentatonisk preg, eit par er heilt ut pentatoniske. I tillegg kjem kyrkjetonen inn med fleire, og ein god del kan kallast «nordiske».

Analyse seier også at innan kyrkjetonemelodiane finn ein melodipreg som kan minne oss om eit drag av nordisk element.

Kva så med vårt norske (og nordiske) språk og det meir «britiske» område sine formuleringar? Vi har på fleire vis eit fellesskap på begge sider av Nordsjøen.

Her kan det pentatone tonespråket vere ein fellesskap. Vidare er det gregorianske eit viktig tema å røkje nærare etter.

Kva så med skalaformene, som også vil fortlje oss ein god del når denne delen av den eldre musikken skal kartleggjast på øyane i vest?

Rein pentatonisk her i Noreg finn vi heller lite av, men forskarane nemner delvis større mengder melodiar som har eit pentatonisk preg i kyrkjetonane. Nærast desse døma vil vi finne i avstengde bygder i Setesdal her hjå oss, i dei kjende steva. Tankar kjem på nytt fram. Fleire norske vandra over sjøen både til Skottland, og desse øyane som ligg like ved, med direkte prov på at det eldre, norske meloditilfanget, og overføring av den kulturskatten til dei nye folkegruppene i vest, har vi nok ikkje fullgodt oversyn over.

Likevel er det nok klårt at melodistrofer herifrå sette sitt preg på øyfolket. Kringom i verda har vi som kjent mange døme på at samrøde har vorte overført til nye og andre folkegrupper.

Då vi var unge, hadde vi ei stor interesse for vikingtida og ferdene til desse forfedrane våre. I denne samanhengen stod Skottland sentralt. I dag kan vi m.a. lese om dei høgskotske melodiane som har ei pentatonisk linje i si urforming. «Opp-ned, opp-ned» seier O.M. Sandvik, som vidare går over til andre toneartar, og nærmar seg dur/moll også.

At norske tok med seg sitt tonespråk til vesterhavsøyane, er ein ganske sikre på, men når to frontar møtte kvarandre, manglar vi nok heilt sikre prov innan den musikalske utfaldinga. Kva så med det daglegdagse språket? Truleg har musikken og talespråket utvikla seg nokolunde i same tempo?

Vi talar om det urnordiske, over til gammalnorsk språk og musikk sine utviklingar har truleg stegvis, stegvis utfalding. Forskarar kan fortelje at forfedrane våre kom i kontakt både med ein primitiv og ein godt utvikla musikk. Kyrkja, som etter kvart fekk betre og betre fotfeste nordvestover i Europa, sette preget sitt på folket, og dermed musikken. Her må nok Irland nemnast særskilt, og prestane spesielt. Vi har høyrt og lese om Olavs-dyrkinga i Norden, som også var godt kjend på Dei britiske øyane. Frå den perioden kom mykje interessant musikkstoff utover til folket, og vi fekk ein kultur som sette sitt preg på livsstilen hjå forfedrane våre.

Vil ein få betre kjennskap til musikken si utvikling i vesterhavet, må kyrkja sin liturgi saumfarast nærare. Kyrkjemusikken, og arbeidet særleg hjå prestar i Irland, har ein fleire døme på.

Vi hadde ei bryting (og nyvinning) kring år 1000, då kristendommen gjorde inntoget sitt på Dei britiske øyane, og hjå nordmennene. Musikkstilen, den engelske, smitta ganske sikkert over til oss her oppe i nord. Skal vi studere eldre former av vår eigen musikk, må vi stikke ned i musikken i Storbritannia og Irland for å få det heile oversynet i dei musikkområda. Eit notat seier: «Melismene er umåtelig utbredt i irske melodier, mens dei synes mindre virksomme i skotsk-engelsk, og annan gælisk musikk.»

Melismer har vi ein god del av både i salmar frå Nordmøre, og i Kingo-tonar, som vi veit Lindeman teikna ned i Valdres (1848) og andre stader.

I denne samanhengen må eg ta fram fyrste gong sekkepipemusikken lydde godt og kraftig på nært hald her heime. Der var melismer i den musikken, og det gjekk ei god stund før eg kunne dra parallellar til andre musikkframføringar.

Ja vel, den som gjer ei reise, har mykje å fortelje i heimemiljøet, eit notat som er gammalt. Parallelle kvintar var særleg venvakre, dei parallelle er kjende frå før år 1000.

 

Kjelder:

Personlege samtalar og notat

O. M. Sandvik og Arne Bjørndal

Innskriving ved Øystein Sande

 

KART OVER NOREGSVELDETNorgesveldet.jpg