Foto: Knut Arne Aarset

TONEVERDA

Ytring frå Dagfinn Nupen

Lesing av ymse slag artiklar/tema har gjennom tidene vore godt utbreidt. Har vi ei ledig stund og er i tvil om valet, t.d. handarbeid eller ein tur ut i det fri, er dei fleste vitande om kva dei skal velje.

Dagfinn Nupen
Foto Knut Arne Aarset
 
Mogleg vil vêret/temperaturen gjere denne
problemstillinga lett.

Ein ting er i alle fall sikkert, alternativet kan seiast å gå minste motstands veg.
Lesing har dermed vore ein viktig veg å gå, gjerne det lette stoffet, finne ein ting
som også engasjerer, og på ein enkel måte aukar vår viten både lettfatteleg og
givande.

Ingen tvil, mykje vert sagt om born i dag. Inntrykket eg sit igjen med etter mange
år, er at ledige stunder snøgt vert utfylte med å finne seg eit eller anna å lese i,
studere bilete m.m. Kva les ungdommen, og eldre personar, når «ledige» stunder
melder seg? Dette skal du få svar på, truleg vil svara i dette tilfelle vere spreidde.
 
Mange i dag er mykje opptekne med musikk i ei eller anna form. Under dette feltet
er mykje gledeleg å melde, og dagleg kan avisene skrive om fleire musikkformer.
Vi stiller eit spørsmål om lesing av musikklitteratur står i høgsetet, eller kva.
Eg har inga god oversynsliste her, idrettsstoff har til tider mange tilhengarar og vil
nok toppe ei liste også i ettertid.

Ein vil merke godt kva som engasjerer den einskilde, og kjem vi inn på musikken,
som innan dette feltet, får vi mange svar. Mellom anna oppdaga vi tidleg i barneåra
at nettopp der vil ein finne «morgondagens» person.
 
Når sant skal seiast, fekk dei fleste svært lite musikkgjennomgang i den
avgjerande fasen i livet - barneskulen. Ein time av og til, med då-re-mi, var faktisk
alt. I slutten på songboka fann vi eit par sider med musikkuttrykk som pianissimo,
andante osb., og det var alt. Ikkje så svært mykje å byggje på for vidare utvikling.
 
Eg har støtt på «bokleg musikk», kva er no dette? I dag vil ein finne mange slag
bøker, der musikken er omtala, og teoretisk kan mykje kunnskap samlast og
vidareførast til andre av den grunn – og utan meistring av eit instrument.
 
Tenk på skuleklassa, for fleire ti-år sidan, som framførde mykje av songen vår,
utan at læraren hadde god songrøyst sjølv. Det verbale stoffet må (nok) verte utført
og levandegjort med klangar, skal det få meining. Eller som eg noterte for fleire tiår
sidan: «Tonane må alltid kome fyrst, deretter går ein i gang med analysen.»
 
Døme både vokalt og instrumentalt er såleis ein viktig veg å gå innan musikkundervisninga,
+ bøker med gode illustrasjonar, teikningar og foto. Likevel, men
sjølvsagt med unnatak, har musikkundervisninga for ymse aldersgrupper (12 år og
oppover) hatt store vanskar. Årsaka til dette kan vere så ymse, t.d. kjem andre
aktivitetar (idrett) inn som ein stor konkurrent. Kva skal ein så seie, når dei
dyktigaste forballspelarane hevdar seg best også innan musikken!? Svært ofte.
 
Musikk kan vere så mange ting. Tek vi eit oversyn, vil ein finne at mange føremål
vert stetta omkring musikken sine forskjellige felt. Dei fleste av oss er mogleg
berre passive tilhøyrarar. Vi kan berre sitje roleg heime, sjå og høyre frå toneverda
kringom i alle verdshjørne. Media har gjort dette mogleg.
 
Vi legg også til at musikken, som mange komponistar har skrive, har sine føremål
som t.d. danse etter, eller berre å lytte til.

Dette er også tilfelle med folkemusikken. Tenk på spelemannslaget som framfører
ymse slag dansemusikk, men også lydarslåttar.
 
Innan vokalmusikken har vi gruppa «Religiøse folketonar», som er den største
gruppa her, og som spelar sine melodiar i samband med kyrkjelege handlingar som
gudsteneste og møte. I seinare år har vi elles fått ei mengd folketonar på plater,
som lyder i mange samanhengar og i tillegg til festprogram, jubileum etc.
 
Ord som vi høyrer, er sakral musikk, kyrkjemusikk, verdsleg – osb. – variantane er
mange.

Mykje av musikken vi høyrer og opplever i dag, er skapt under heilt andre kvardagslege
tilhøve. Dette gjeld både vokalmusikken og den instrumentale delen.
Medan menneskerøysta før og no er vel omlag den same?! Instrumenta har nok
endra seg litt ): desse mange som i dag kan kjøpast.
 
Folkemusikkinstrumenta seljefløyte og lur har gjennom tidene vore ganske stabile.
Berre lengda (volumet) og blåsestyrken kan endre toneomfanget. Naturtonane har
frå tidas morgon til i dag sjølvsagt vore dei same. For mange er dette eit poeng, og
ein blir aktivisert når denne musikken lyder. Tenk å få høyre tonar som aldri (?) i
dagleglivet sin musikik, på dei tempererte instrumenta.
 
God eller mindre god musikk. Kjenslelivet er oftast avgjerande kva vi likar, i alle
fall er det viktig å spele, lytte til mange slag musikk og dermed danne seg eit
grunnlag for vidare drøftingar.

I fysikktimane fekk vi mange døme om fleire ting. Eit spørsmål som melde seg,
var rett og slett «Korleis musikken vart registrert.
 
Regelmessige svingingar der lufta omkring vert sett i rørsle, og vi får ein tone.
Støy snakkar vi om når uregelmessige svingingar råder (lyder).
 
Ein ting som nærast alle har sett, er stemmegaffelen. Alle dirigentar for eit songkor
eller orkester har ein sådan. Stemmegaffelsen vert sett i svingingar (med eit lite
slag) og lufta omkring kjem i rørsle. Denne lufta vert forplanta i absolutt alle
retningar, og når øyrene våre.
Ein parallell til dette har vi når ein stein vert sleppt ned i vatnet. Små bølgjer
spreier seg då utover i ringar.
 
Dette kan du teikne(!)
 
Lufta kring stemmegaffelen høyrer vi, og trommehinna vår tek imot dei regelmessige
svingingane i lufta. Trommehinna vert sett i rørsle, er i kontakt med det indre
øyra, og nerveimpulsane vert vidare registrerte av hjernen som ein tone.
 
Kvifor likar vi denne betre enn andre songar/notar, ymse slag stemmer (baryton),
alt osb.? Klangfarge er ymse på forskjellige instrument, du høyrer om det er ei
fløyte, ein klarinett eller eit horn.
 
Kan du lage ein regel eller definere dette nærare!?
 
Folkemusikken har vore eit viktig tema for musikkgransking, og forskarane fortel
oss m.a. at denne musikken kan førast attende til kyrkjetoneartane i fleire høve.
Prøver vi oss fram, høyrer du at ein god del av musikken har eit preg av
pentatonikk, dvs. femtoneskala.
 
Musikk av denne art har både den skotske folketonen og angelsaksisk tonestoff eit
tydeleg preg av. Som døme kjenner mange og har sunge både «Were you there»,
«Steal away» og den meir kjende «Loch Lomond».
 
Både solistar og kor har negro spirituals på sine repertoar. Spel berre på dei svarte
tangentane (piano) og lytt til korleis klangen er i dine øyre. Kva legg du elles
merke til når Morgenstemning frå Peer Gynt suite av Edvard Grieg lyder?
 
I alle fall kan musikken verke noko ukjend for oss, sidan vi høyrer mange slag,
sprang. Komponistar har skrive musikk, og nytta ymse slag tonerekkjer. Spel ei
heiltonerekkje! Kva høyrer du ved å syngje heiltoneskalaen, eller den kromatiske
halvtonerekkja?
 
Skulle desse forsøka ikkje vere nok, lytt til musikk frå Orienten, arabiske land,
Japan, og andre land sine særeigne musikkformer, desse byggjer på sine faste
tonerekkjer.
 
Intervall er eit ord vi høyrer om mykje i musikken. Du har sikkert prøvd å slå ein
prim, ein kvint og ein kvart (oktaven), desse kan vere - reine, forstørra og forminska.
 
Eit anna uttrykk du høyrer, er samklang, som kan vere både konsonerande og
dissonerande. Kvar og ein kan prøve dette på eit piano, og ein føler lett kva som
kling godt saman. Men er vi alle like på dette punktet? Musikkgranskarar fortel
oss at tre eller fleire forskjellige tonar sunge/spelte saman vert kalla akkord, og
musikken har masse fleire dur- og moll-akkordar/klangar. Spel ein grunntone, stor
eller liten ters og rein kvint. Kva slag lydbilete får du?
 
Ei setning seier at grunnlaget for den klassiske musikk, homofone, er treklangen.
Spel grunntonen, saman med fjerde- og femtetrin, og vi får eit klangfullt tonevell.
 
Tonane, desse tre, kjem tydeleg fram på naturtoneinstrumentet, lur (neverlur), og
går att i ei mengd av tonematerialet til dette instrumentet. Vidare kan treklangen
utvidast med ein ters, og får då ein septimakkord.
 
Litt kunnskap (teoretisk) er ein interessant ballast å ta med seg, i tillegg til sjølve
spelinga.

Mange som driv med folkemusikk, særleg dei eldre instrumenta, får spørsmål om
tidene for mange hundre år sidan. Kva spelte/song dei, kva slag instrument rådde
desse forfedrane over m.m.? Her er berre brotstykke å melde attende om. Gamle
buplassar kan gi oss i alle fall nokre svar. Funn er gjort fleire stader, som fører oss
ganske langt attover i tida kan gi oss fleire svar.
 
Eit tal synest å vere meir enn utruleg, og seier at fløyter laga til av dyrebein, kan
sporast ca. 30 000 år attover i soga. Desse svært eldre sogene kan fortelje oss om
(i tillegg til fløyter og bein) kjeder av perler som vart bundne kring kroppen, både
på armane og leggene.
 
Skrapeinstrument vart dregne og framkalla ymse slag lydar; ting festa til ei snor
vart svinga rundt i lufta, og gav då frå seg ein brummelyd. (Sjå soga om Eirik
Raude som fortel om dette primitive instrument som vi i dag kallar ei hurre.)
Flint var brukt, og bein. Dette var material som desse forfedrane våre hadde lett
tilgang til. Vidare var det berre fantasien som sette grenser. Men korleis dei spelte/
song denne tida, veit vi lite om, då skriftlege kjelder sjølvsagt ikkje eksisterer.
 
Vi er ganske sikre på at menneska heilt frå yngre steinalder har hatt trong for å
uttrykkje seg både vokalt og instrumentalt. Totalt har vi lite dokumentasjon å
leggje fram, men forskarar har gått ein sideveg, studert lågtståande folkegrupper
som i dag lever i urskogen. Deira uttrykksformer for musikk er granska. Desse
kjenner knapt noko instrument, men dei har likevel sine vokaltonar som eit viktig
uttrykksmiddel. Desse tonane kan i dag høyrest i urskogen både i Sør-Amerika og
Asia, og vidare. Berre to tonar lyder, dei kan lage teksta spontant, og desse enkle
melodistrofene varierer frå stamme til stamme.
 
I fleire høve minner dette oss om hauking i fjellet, som eg framleis har eit minne
om frå ein fjelltur til Dinglavatnet i 1938 (6 år gammal) der folk gjorde seg kjende
over fjell og dalar.
 
Hauka høgt til opning og røysta tagna / minka etter kvart. Har vi ein parallell her
frå forfedrane våre sin måte å uttrykkje seg på – til dagens?
 
Denne vokalsongen har vidare auka med både tre, fire og fem tonar, og nedetter i
toneleiet. Songar med fem tonar kan høyrast i mange land. Ei spennvidde over fem
tonar er pentatonisk (penta = 5). Melodiar som er bra utbreidde av dette slaget,
finn vi i alle verdsdelar, både i Skottland og til og med i norsk folkemusikk.
 
Songen ): vokalmusikken er sjølvsagt den eldste forma. Hjå primitive folkestammer
har kjennskap til instrument utvikla seg etter lange prøver. Musikkgranskarar
har såleis lært mykje om utviklinga fram til våre dagar ved å studere andre
kulturar, og funne gode svar.
 
Dermed lyder spørsmålet om kva slag instrument som er det eldste, og då får tankane
våre eit nytt spørsmål: Kva er funne i eldre buplassar og kva slag material var
tilgjengeleg?
 
Eitt er sikkert – dei brukte det som var lett å finne, deretter det som var enkelt å
lage til.
 
Slaginstrument vil nok mange tenkje på, og ymse slag trommer hadde desse primitive
folkegruppene.
 
Ei instrumentgruppe som er gammal, og mykje utbreidd, er fløyta, som er det
fyrste instrumentet (ved sida av lyra) som Bibelen fortel oss om. Fløyter vart laga
både av bein, greiner, tre, siv, strå, bork osv.
 
I samlinga mi har eg såleis fleire sortar material som har gamle tradisjonar, og gir
oss klåre tonar.
 
Dyrehorn har vore, og er ypparleg materiale for laging av ymse slag fløyter, og
både blåse- og slag-teknikken (av trommer) har vore viktige varsel for å sende
meldingar mellom stammene, langt inn i jungelskogane. Mogleg kjenner du
liknande signaleffektar også i dagens samfunn?!
 
Etter det vi har lese, ser ein at musikk har vore drive uendeleg langt attende.
Forfedrane våre tok til takke med det dei fann i naturen, fekk fram skrapelydar,
svinga rundt ymse slag beinbitar, bles i dyrebein, slo på ting m.m. Eit ope spørsmål
har likevel alltid vore: Korleis lydde songen/musikken for tusen år sidan?
 
Forskarane har dermed teke sin omveg, søkt til lågtståande folkegrupper i fleire
urskogar – lytta til desse folka, og trekt sine konklusjonar. Song/musiserte desse
omlag såleis som folka i yngre steinalder? Vi veit i alle fall med sikre teikn at det
vart sunge melodiar på berre to tonar. Så utvikla dei dette til små melodiar på 3, 4
og 5 tonar.
 
Desse siste kallar vi pentatone, og dei lydde i alle verdsdelar. Her legg vi til at
pentatone melodiar har ein både i norsk og skotsk folkemusikk. Kjem du på
konkrete døme? Kan vi snakke om slektskap? Ganske truleg.
 
Etter kvart, ein lang tidsbolk, og utviklinga gjekk sin gang. Instrumenta kom, men
kva er eldst?
 
Tromma utvikla seg i ymse utformingar Fleire slag fløyter kom, og mange ymse
material vart brukt, tregreiner, siv osb. konkylar.
 
Dei oppdaga nok at slag på trestykke i ymse lengder gav forskjellige tonehøgder(?).
 
Xylofonar tok til å verte skapte etter eit utal av forsøk.
 
Strengeinstrumenta kom etter kvart, der strengen var av ymse slag material:
tarmar, siv, fibrar osb.
 
Neste steg var å utforske lengda på ein streng, som vi i dag veit mykje om, for å få
høge/låge toner. Eit artig knep var å klimpre på strengen og halde open munn like
ved. Munnhola verka då som resonansrom (klangbotn). Nokre folkegrupper bles
med nasen (nasefløyte), dette var liksom ein pust direkte på menneske-sjela.
 
I denne musikken låg ei trolldomsmakt og tonar høyrde med i alle slag feiringar av
høgtider, frå fødsel til grav.
 
Toneverda er, kan vere underleg. Dei eldste tonane er dei vokale ): menneskerøysta.
Her må leggjast til at gjennom livet møter vi mange inntrykk utanfrå. Kva
er ekte (norsk)?
 
Gjennom fleire hundrad år har vi sett og høyrt mange slag instrumentale tonar. frå
Nidarosdomen finn ein denne spelemannen. Kva slag instrument er dette, og kva/
kven har inspirert kunstnaren– Kva veit vi om alderen?
 

DN
Innskrive av Øystein Sande.