henry

Henry Vike (1921 – 2013) til minne

Redaktøre av Folkemusikkbladet, Dagfinn Nupen, har skrive dette minneordet

I Romsdal som elles kringom i fylket har vi i mange ti-år vore heldige. Nokre skapande personar har teke godt vare på musikken som har utvikla seg i dei mange bygdene.

            Gode kjelder ofra mykje både tid og krefter, sette seg ned og førde eldre tradisjonar vidare både i tekst og tonar. Dette var gullkorn som i lang tid hadde eksistert mellom fleire skapande personar, ofte berre til husbruk. Men - dette var ikkje på nokon måte nok, for dei verdfulle kulturskattane måtte vidare ned på notearket og dermed ut til folket, både i inn- og utland.

            Ein som hadde dei rette evnene til å vidareføre dette på ein framifrå måte, var Henry Vike, Vikebukt i Romsdal.

            Alle vi som etter kvart kom med i musikklivet i Møre og Romsdal, kom tidleg i kontakt med denne mannen. Fele spelte han, hadde ypparlege evner for å sveise saman fleire ungdommar og skipa eit orkester. Økonomien var heller svak, og enkle notar kosta også ein del i dei dagar. Kva gjorde Henry då? Han tok til å arrangere musikk, og dette arbeidet veit vi vart stor hobby for han, og som gjennom årtier kunne drivast med stor dugleik.

            Mellom vener i spelemannslaget hadde han ei stor stjerne og spelte i mange samanhengar, også i stemne og kappleikar. Ein gong nemnde han at mange spelemenn spelte same slåttane år etter år, noko som Henry var noko skeptisk til.

            Spelemann eller arrangør?

            Du har i alle fall høyrt om dirigenten, han som dirigerte både kor og korps i tillegg til orkester.

            Vi trur at særleg folketonen hadde eit godt ankerfeste i Henry Vike sitt indre. Dermed kom nokre gode skildringar, for å kome i kontakt med andre personar i nærmiljøet. Vinterstid, den tida det var mykje snø og is på vegane, kunne vere ei prøve. Men, han møtte trufaste spelemenn som t.d. Peter L. Rypdal og fleire, og nytta spark dei mange kilometrane. Ein spark var "doningen" den tida, men smilet og gleda over å dra heim med notar for å skrive av dagane etterpå var stor.

            Både i heimen og nærmiljøet lydde folketonen, så Henry fekk gå i ein aktiv skule som sette denne tonekunsten på eit høgdedrag.

            I ettertid, når Folkemusikkarkivet fekk basis i Volda, veit vi at hyllene der, og andre stader, fekk samle store verdiar. Etterkomarane har dermed eit rikt utval av ekte, eldre og grunnleggjande tonematerial som dagleg vert signa og brukt. Ein gong fekk eg høyre m.a. "Dersom ting/hendingar ikkje har vore nemnde på 1. fyrste side i dei store avisene, i radio/TV - så har det ikkje hendt."

            Media har vore, er og vert viktige kanalar for opplysning, i alle fall for dei som kjem til der (utanom å tyte eit dusin gonger om same, om fotball).

            Henry var ein skatta person, noko "Svingom på gamlemåten" skulle dokumentere i rikt mon. Samtalar med denne tonekunstnaren var alltid givande, oppbyggjande, og mangt kunne ha vore betre arrangert. Dette sannar vi også i våre dagar, 2013/14. Nærast eg kan kome er sitatet frå ei eldre. Ho fekk høyre ein ny prest som heldt ei god preike, putta inn nye salmar som var noko ukjende. Kommentaren var enkel:

"Du he (har) mykje å lære - du farr."

            Henry var reine leksikonet, og faktisk betre. Samsnakkar vi om havet, fjorden og båten, så var han på heimebane der også.

            Vestnes er vide kjend som båtbyggjarkommunen. Der også hadde han ein viktig penn i aktivitet. Ei fryd å lytte til kunnskapane hans, og eit framifrå språk - så ein faktisk merka at sjøen gjekk over skorne våre.

            Henry Vike fekk eit langt og rikt liv, gjekk varleg fram og kunne i rolege, taktfaste andedrag overføre kunnskapsmengder i fleng til oss som kom etter. Han vann seg trufaste vener i alle lag av folket, difor vil hjarto våre banke med varme rørsler kvar gong namnet og kulturverket hans kjem fram.

            Du sådde dei gode frøa, og vil hauste.

Dagfinn Nupen