Dagfinn Nupen

Særdrag i vår norske musikk

Ytring frå Dagfinn Nupen

Vi som har drive med ymse musikkvariantar nokre år, skulle kjenne til at ein har mange former som t.d. granskarane har sett i system og kartlagt. Utøvarar sine nedteikningar av folketonane våre har i årevis lege til grunn, som eit utgangspunkt der fleire enn mange komponistar har nytta enkle tonar som eit grunnleggjande utgangspunkt for arbeidet sitt.

Folkemusikken, den særeigne, var ei rikdomskjelde som kunne ausast frå, etter at personar ofte frå avstengde bygder tok til å røyre på seg, for andre. På den vesle bondegarden, ofte isolert frå andre menneske og bygdelag, oppdaga ein at nettopp der hadde den rike tonen vore odla og dyrka i generasjonar gjennom praktisk utøving.
 
Her tenkjer vi på lokking, kalling av husdyra ute på beite, samling av huslyden til felles måltid m.m. Dette hadde lange tradisjonar både her ute ved kysten og i innlandet.
 
Ingenting var skrive ned i mange høve, så vidareføring gjekk til neste generasjon munnleg – ei ypparleg samkjensle som har hatt stor gjenskaparkraft i ettertid. Minnet fekk dermed ei utfordrande og god øving. Eldre personar har gitt oss unge mykje, og gode opplevingar på denne måten.
 
Etter mange år kom nedskrivingane, som vart reine redninga for denne delen av kulturlivet vårt, Ofte får vi høyre at det som ikkje er skrive ned, eller på annan måte vorte arkivert, vil gå over i gløymeboka.
 
Eg har gjennom åra lese ein god del (folke)musikk i andre land, og funne ein gjennomgåande tone, at musikkstoffet etter fleire år endeleg vart festa til papiret, og dermed dokumentert, eksakt, for tida som fylgde etter.
 
Vidare studie av nokre komponistar fortel oss at ein fekk mangt eit viktig motiv, og tilfang nettopp av den eldre kjelda, som fanst på den garden – og gav dei mangt eit interessant uttrykk. Stoffet var ikkje noko akademisk verk, men  kjernen, som stoffet var bygt over, vart teke godt vare på.
 
Korleis tok dei imot, og brukte komponistane desse vokale tonane som dei fekk – oftast for fyrste gong? Vart tonane nedskrivne slavisk, eller festa dei seg ved å nytte nokre motiv dei tykte godt om, og som let vakkert i deira øyro?
 
Dette kan stå ope for vidare drøfting.
 
Litt meir studie (eller synsing?) fortel fleire motiv har gått «ordrett» ned på komponisten sitt ark – til tider berre brotstykke. Så har vi dette uttrykket at komponisten har skrive slåtten/vokaltonen ned i folkemusikalsk stil, gjennom sin komposisjon.
 
Sikkert kan vi seie at begge desse måtane har vore brukte, også av fleire hjå dei leiande tonekunstnarane våre. Ja, ein kan faktisk spørje om ein melodi berre er avskrift frå ein folketoneslått, eller om komponisten sjølv har skrive ned eit meir personleg tema/motiv.
 
Ope for drøfting.
 
Høyrer vi eit stiltrekk som fortel oss meir om dette? Då må vel kvar og ein granske harmoniane, og vil dei fortelje oss meir eksakte ting?
 
Har folkemusikken, i sitt opphav, dei same drag i landet vårt som i grannelanda? Kva med dei andre landa kringom i Europa? Her er vi inne i ein storm av spørsmål som treng meir systematisk gransking.
 
Dialektane våre fortel ofte, ved fyrste ord, kvar han/ho kjem ifrå. Ymse enkle ord er ein god peikepinn her – har vi liknande drag i musikken? Forskarane seier m.a. at folkemusikken i Noreg skil seg ut frå grannelanda sin folkemusikk, ofte. Her må vi skyte til at dei andre landa ikkje har hardingfele, så akkurat på dette punktet er vi eineståande.
 
Hardingfela gav m.a. Grieg mykje akkordar, som ein finn i musikken til denne tonekunstnaren. Klangtilhøva er ganske tydelege hjå dette særnorske instrumentet, og den lydiske tonika-
akkorden kring den auka kvarten er eit markert kjenneteikn.
 
I tillegg seier også eit notat at dissonansbruk i slåttemusikken er eit særnorsk drag, ein impuls i denne musikken hans (Grieg).
 
Men også andre musikantar har nytta grunnlaget sitt når dei har brukt dette tilfanget frå det norske hardingfelestoffet i sin musikk.
 
Lydiske drag kom tidleg inn i hardingfelemelodiane, og ein har døme på at andre toneslag har vorte farga nettopp av dette lydiske, som nettopp hardingfela er eksponent for. Mange har sikkert grubla mykje over desse hardingfeletonane, som med sine særpreg har auka interessa for nettopp den sida i folkemusikken.
 
Musikken er mykje to-tonig, med bogestrøk på to strenger (ganske flat stol). Stryk på dei to nedste strengene (lause), det lyder som ein kraftig grunnklang. Grunntonen er d underkvarten og overkvinten har altså d, som grunntone.
 
Ein kan seie at hardingfeleslåttane har d-dur og d-lydisk i mykje av sin musikk. Vi kan snakke om ein underklang-ljom, som er særmerkt for instrumentet sin tonalitet.
 
Granskarar fortel oss om ein hardingfelemusikk der tetra-akkordane kan føre til ei form for skalautviding. Sjølve spelet går i fyrste posisjon, der tetra-akkordane ligg lagleg til på kvar og ein av strengene, oppetter.
 
Nokre komponistar har nytta desse særdraga som hardingfeleslåttetilfanget har, når nye komposisjonar vart skrivne.
 
Som døme kan vi studere dette nærare hjå t.d. Klaus Egge, som kjenneteiknar harmoniane til denne toneskalden.
 
Akkordane her er ikkje dei meir vanlege som er bygde over tersen. Derimot finn ein samansetjing av kvartar og kvintar, i tillegg til både septimar og nonar. Skalautvidingar var også diatoniske, ei lydisk oktavrekkje, som var samanbunde til grunntonen sin klang. Spenninga kunne dermed lyde som svært skifterik med dissonansar. Egge kunne «eksperimentere» så at ein fekk omskifte i slåtten sitt linjespel, laga modulasjonar t.d. med tetra-akkorden. Eit notat seier: «Tetra-akkordane kan trekkjast saman med eit halvt – eller heilt tonesteg imellom, med ein sams tone, såleis at siste tonen i ein – vert fyrste tonen i neste – og jamvel skrivast inn i kvarandre.»
 
Slåttemusikken har nytta alle desse tre måtane. Eg berre legg til at musikkgranskarane har gjort grundige analysar, som bør vidare studerast for å få klart dette med tritonus-tetraakkorden.
 
Du kan sjå meir om klangintervall, lydiske innslag m.m., og finne ut at her er ei interessant oppgåve å greie ut, korleis nokre komponentar har funne fram til rytmikken og dåmen i vår norske folkemusikk – knytt til slåttane våre, om ikkje i rett linje.
 
Naturtonar høyrer med i toneverda vår, og kling godt på lur og signalhorn, og når seterjenta lokka. Sjå døme, som byggjer (alle) på desse tonane s001.jpg
 
Alle desse er overtonar til   s002.jpg
s003.jpg
 
Vi oppfatter (høyrer) desse fire eigenskapane høgda, styrken, lengda og klangfargen. Høgda vil variere med svingetalet. Lengda av det som svingar (ein lekam), og vekta + elastisitet av massa er avgjerande for tonehøgda. Prøv med ein lang streng, og ein kort – og med ymse slag vekt/dimensjon. Strammar vi ein streng, vil tonehøgda stige, og den tynne strengen gir oss ein høgare tone.
 
Regelen for blåseinstrumenta er ei luftsøyle som svingar, kort-kort, lang-lang, djup tone. Vidare nemner ein at melodirytmen gir den einskilde tonen sitt særpreg. Dirigentar passar elles på å ha ei fjøing i taktslaga, elles lyder tonen stiv/hakkut. Vi snakkar om ei markering av taktslaga 
): musikkens pulsslag. Einaren i kvar takt opnar med nedslag, dei lette taktdelane har  oppslag hjå dirigenten. Øv på dette, alle.
 
s004.jpg
 
 dn002.jpg
 
Særdrag i den heimlege musikken vår er nok eit mangfaldig tema. Tidlegare har eg nemnt eit sprang frå lokken i «Fjelleventyret» av W. Thrane.
 
Typiske instrument har vi vel? Ja, det har nok alle nasjonar. Ser vi på blåseinstrumenta, har ein i nær sagt alle land, dersom vi trudde at seljefløyta var typisk vår, fekk eg prøve ei i Suomi/Finland som var eilt lik den vi laga heromkring.
 
Ser vi på strengeinstrumenta, er dei meir varierte rundt om i verda.
 
Eit lite åk/tregrein med to (ein) eller fleire strenger, finn vi nær sagt over alt på jorda.
 
Skilnaden er nok mest markert (ymse) i sjølve musikken si utforming. Musikk på den eldre lyra, frå Norden eller Balkan, øyro våre vil greie ut dette når vi får høyre godt på fingerslaga!? Der er ymse trekk som kan variere frå land til land.
 
Skilnad på måten ymse folkegrupper spelar, kan du truleg fortelje meir om etter at du har høyrt t.d. spel her i landet, og spelfrå andre verdsdelar?!dn003.jpg
 
DN
Innskrive av Øystein Sande