Vedtekter

Vedtekter for Møre og Romsdal Folkemusikklag - vedteke 26.03.2017

 

Vedtekter for Møre og Romsdal Folkemusikklag

Revidert 26.03.2017

 

§ 1. Føremål

Møre og Romsdal Folkemusikklag skal arbeide for å fremje interessa for folkemusikk og folkedans. Laget skal dyrke og ta vare på dei lokale tradisjonane i spel, vokal folkemusikk og dans.

 

§ 2. Lagsoppgåver

Fylkeslaget skal :

- Samordne arbeidet for folkemusikk og folkedans i samsvar med føremålet for organisasjonen,

- leggje tilhøva til rette for arbeidet i lokallaga

- medverke til å skipe nye lag - drive opplærings- og kursverksemd

- i samsvar med føremålet ivareta interessa andsynes fylkeskommunale styresmakter

- syte for at det vert skipa til fylkeskappleik kvart år

- drive innsamlingsarbeid og vere med i folkemusikkarkivets verksemd

 

§ 3. Medlemskap, tilknyting

Fylkeslaget er knytt til FolkOrg. Alle spelemannslaga i fylket som er med i FolkOrg, er medlemmer av fylkeslaget.

Laga og lagsmedlemmene betaler medlemskontingent til fylkeslaget.

Einskildmedlemmene kan bli direkte medlemmer i fylkeslaget dersom dei ikkje naturleg kan vere medlem i eit lokallag. Dei betaler kontingent til FolkOrg og fylkeslaget.

 

§ 4. Årsmøte

Årsmøte vert halde kvart år og skal avviklast seinast 2 veker før landsmøtet i FolkOrg. Kvart lokallag har rett på 2 utsendingar. Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane og styret i fylkeslaget. Styret har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap.

Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet til avgjerd, må sendast styret seinast 5 veker før årsmøtet. Laga skal ha melding om årsmøtet i god tid før denne fristen. Sakslista vert sendt lokallaga minst 3 veker før årsmøtet. Alle saker som ikkje gjeld oppløysing eller lovendring, vert avgjorde med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal avgjer leiaren si røyst utfallet.

Årsmøtet skal

1) Velje møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka saman med møteleiaren

2) Handsame styret sitt framlegg til årsmelding, rekneskap og arbeidsprogram for komande år

3) Fastsetje kontingent

4) Velje styre med varamedlemmer, revisor, valnemnd, og utsending(ar) til årsmøtet i FolkOrg

5) Handsame andre saker som er tekne opp av styret eller lokallaga og som ligg innanfor føremålet for organisasjonen

 

§ 5. Val

Styret er samansett av ein leiar og fire faste medlemmer med varamedlemmer. 1. varamedlem vert alltid innkalla til styremøte. Leiaren vert vald av årsmøtet for eitt år, styremedlemmene for to år, slik av minst to er på val kvart år. Dessutan vel årsmøtet for eitt år to varamedlemmer til styret, og to revisorar. Det skal også veljast ei valnemnd på to personar, for eitt år, der ein vert vald som leiar. Dersom nokon av utsendingane krev det, skal vala skje skriftleg. Styret vel sjølv seg imellom nestleiar, skrivar og kasserar.

 

§ 6. Styret

Styret er ansvarleg for leiing av fylkeslaget og skal gjennomføre arbeidsprogram og gyldig vedtak som årsmøtet har gjort. Styret kan elles ta opp saker som ligg innanfor laget sitt føremål og arbeidsoppgåver. Leiaren kallar inn til styremøte og er ansvarleg for leiing av møta. Styreleiar og nestleiar signerer på vegne av laget.

Styret er vedtaksført når minst tre av medlemmene er til stades og innkallinga er sendt med minst ei vekes varsel. Styret kan vedta at tre av medlemmene skal fungere som arbeidsutval. Styret kan nemne opp nemnder som kan ta seg av særskilde oppgåver innanfor laget sitt føremål.

 

§ 7. Omframt årsmøte

Det skal haldes omframt årsmøte dersom styret finn at særskilde høve gjer det naudsynt, eller minst 1/3 av laga krev det.

 

§ 8. Oppløysing

Vedtak om å løyse opp laget må fattast på to påfølgande ordinære årsmøter. Vedtaket krev 2/3 fleirtal.

Laget sine midlar blir sett på sperra konto, rekneskap skal gjerast opp og reviderast. Det siste ordinære årsmøtet skal i samråd med FolkOrg avgjere korleis laget sine midlar og eigedelar skal nyttas, i høve laget sine føremål.

 

§ 9. Lovendring

Denne lova kan berre endrast av årsmøtet eller omframt årsmøte med 3/4 fleirtal.