Språket var annleis, framandt, kva med kulturformene? Der ute møtte dei songdansen, som etter kvart også slo rot i Noreg. På 1300-talet seier soga at den norske folkevisa stod rimeleg høgt.
Innskriving: Øystein Sande
Åra går, mangt minkar, men interessa for historie (særleg den norrøne) er framleis oppegåande. I år (2016) vert det ikkje kappleikar for meg, men soger kring den eldre folkemusikken + dagens skisport og fotball blømer framleis godt.
Alternativ til framføring på dei eldre folkemusikkinstrumenta kan difor vere å ta ein penn og skrivepapir, kose seg med notatar og klipp, og dermed ta del i kulturen vår på den fronten vidare.
Den norske tone
Folkemusikkbladet for Møre og Romsdal var oppegåande i 29 år. Utsendinga av bladet tok til slutt knekken på redaktøren – for lita hjelp, og punktum vart resultatet. I ettertid har både samtalar og telefonar kima, med spørsmål om stopp = slutt.
Vi som har drive med ymse musikkvariantar nokre år, skulle kjenne til at ein har mange former som t.d. granskarane har sett i system og kartlagt. Utøvarar sine nedteikningar av folketonane våre har i årevis lege til grunn, som eit utgangspunkt der fleire enn mange komponistar har nytta enkle tonar som eit grunnleggjande utgangspunkt for arbeidet sitt.
Lesing av ymse slag artiklar/tema har gjennom tidene vore godt utbreidt. Har vi ei ledig stund og er i tvil om valet, t.d. handarbeid eller ein tur ut i det fri, er dei fleste vitande om kva dei skal velje.
Klikk deg vidare i denne artikkelen og finn årsmøtedokumenta.
Som leiar i folkemusikklaget har eg prøvd å få til ei digitalutgåve av Folkemusikkbladet, men tida og teknikken strakk ikkje til. Dette kan eg berre beklage!
I Romsdal som elles kringom i fylket har vi i mange ti-år vore heldige. Nokre skapande personar har teke godt vare på musikken som har utvikla seg i dei mange bygdene.
Gode kjelder ofra mykje både tid og krefter, sette seg ned og førde eldre tradisjonar vidare både i tekst og tonar. Dette var gullkorn som i lang tid hadde eksistert mellom fleire skapande personar, ofte berre til husbruk. Men - dette var ikkje på nokon måte nok, for dei verdfulle kulturskattane måtte vidare ned på notearket og dermed ut til folket, både i inn- og utland.
Ein som hadde dei rette evnene til å vidareføre dette på ein framifrå måte, var Henry Vike, Vikebukt i Romsdal.