Honorarstøtteordning - MRFL 2026

1. Føremål

Tilskotsordninga skal stimulere til auka aktivitet, synlegheit og deltaking innan folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal. MRFL set av ein årleg pott på kr 120 000 til formålet.

 


 

2. Kven kan søke

  • Alle arrangørar kan søke, både enkeltpersonar, medlemslag, andre organisasjonar og uavhengige aktørar.
  • Organisasjonar som ikkje er medlemmar i MRFL kan få støtte, men kan maksimalt få dekka eitt honorar per år.
  • Medlemslag i MRFL, samt MRFL-medlemmar som sjølve arrangerer aktivitet, kan søke om fleire honorar per år. 

 


 

3. Kva det kan søkast støtte til

  • Honorar til utøvarar (musikarar, dansarar, instruktørar, formidlarar), inntil kr 6000 per person. 
  • Andre kostnader kan vurderast dersom dei klart bidreg til å styrke folkemusikkaktiviteten, men honorarstøtte blir prioritert.

 


 

4. Tildelingsprinsipp

  • Midlane blir tildelte fortløpande gjennom året, så lenge det er midlar igjen i potten.
  • Det blir lagt vekt på:
    • At arrangementet bidreg til å styrke folkemusikkaktiviteten i Møre og Romsdal.
    • At tiltaket blir godt synleggjort og marknadsført.
    • At arrangementet er ope og tilgjengeleg for MRFL sine medlemmar.

 


 

5. Krav til marknadsføring

  • All marknadsføring av arrangementet skal innehalde ein synleg tekst som viser at tiltaket har motteke støtte frå Møre og Romsdal Folkemusikklag.
  • Arrangementet skal marknadsførast til MRFL sine medlemmar, til dømes via MRFL sine kommunikasjonskanalar (epost, sosiale medium, nettside, e.l.).

 


 

6. Utbetaling av tilskot

  • Tilskot blir utbetalt etterskotsvis. 
  • Etter gjennomføring skal søkjar sende inn:
    • Stadfesting på at arrangementet er gjennomført.
    • Dokumentasjon på utgifter.

 


 

7. Avgrensingar

  • MRFL kan avvise søknader dersom:
    • Midlane er brukt opp.
    • Tiltaket ikkje er i tråd med MRFL sitt føremål.
    • Krav til marknadsføring eller tilgjenge for medlemmar ikkje er oppfylt.

 


 

8. Gyldigheit og endringar

  • Desse statuttane gjeld frå dato for vedtak i MRFL-styret.
  • MRFL-styret kan gjere endringar ved behov.

 

 

Send søknad til: mrfolkemusikklag@gmail.com