Kristian Skeide

Ungt speletreff

Er du ung felespelar i Møre og Romsdal? Då treng vi deg!

Spelemannslaget Havella skal arrangere Fylkeskappleiken 2017 i det nye konserthuset i Fosnavåg laurdag 25.-26. mars. Vi har søkt om mykje midlar og fått god støtte til eit spennande prosjekt for ungdom. Nedre aldersgrensa er sett til 8. Klasse, og du må spele vanleg fele. I Havella er ungdomane 14-26 år.

Instruktør blir Jorun Marie Kvernberg. Ho vil grave i arkivet og finne ny-gamle skattar som ho kan formidle delvis gjennom denne ungdomsgruppa under komande FK. Snakk om gåvepakke! men vi må ha dåkke med. Vi har siste åra fått mykje inspirasjon frå Jorun Marie gjennom kurs og sprelske arrangement som fengjer ungdomane.

 

Vi har som mål å opne Fylkeskappleiken med denne ungdomsgruppa, og det vert også som innslag under kulturkvelden.

 

Det blir 3 kursdager, og alle som er med vere på all øving.

Kursdag 1 : Laurdag 28 januar kl 11.00  - 17.00

Kursdag 2 : Laurdag 18. Mars kl 11.00 – 17.00

Generalprøve/siste kursdag: Fredag 24.mars  ca kl 18.00 – 21.00

 

Påmelding til Andrine Longva Kopparstad på mail innan 15. januar 2017.

Det blir ikkje ei veldig stor gruppe, så først til mølla.

Mail for påmelding: longvakopperstad@tussa.com

 

Kursstaden vert litt etter geografien til dei påmeldte, men på denne sida av Moldefjorden.

 

Vi i Havella håper du vil vere med =)