Ole Eltvik

Tradisjonskurs i Valldal

Velkomen til Tradisjonskurs i Valldal 5. november. Møre og Romsdal folkemusikklag tilbyr kurs i dans, fele, song og hardingfele. 

Velkomen til Tradisjonskurs i Valldal 5. november. Møre og Romsdal folkemusikklag tilbyr kurs i dans, fele, song og hardingfele. 

Kursstad: Valldal skule

Timeplan: ​Kursstart kl.12.00, kursslutt kl.17.00.

Registrering: Registrering av kursdeltakarar frå klokka 11:30 

Matservering: Middagspause ca klokka 14.00. Frukt, kaffi/te og drikke blir tilgjengeleg under heile kurset. 

Kursavgift: ​Born/student: kr 200,- / Vaksen: kr 400,- Kursavgifta inkluderer fire timar kurs samt middag, frukt og drikke. 

Overnatting: Muri hytteutleige - ta kontakt for leige 

Betaling: Kusavgift kan betalast kontant ved oppmøte eller til kontonummer: 6562.05.16613 innan 11.11.2016

Påmelding til epostadresse: hannemoldver@hotmail.com 

Frist for påmelding: 29. oktober 2016 

Etterpåmelding: Det er framleis ledig kapasitet på alle kursa. Vi opnar difor for etterpåmelding fram til kursstart - kontakt Hanne Salthammer på hannemoldver@hotmail.com / tlf: 95220638

Arrangementet mottek støtte av Rådet for folkemusikk og folkedans samt KOMP-midlar frå Norsk Musikkråd

 

Instruktør Halldis Folkedal.jpgKurs i dans med: Halldis Folkedal kjem frå Hardanger, men bur i Oslo der ho til dagleg arbeider som folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag. Av utdanning har ho Nordisk mastergrad i dans (NO-MA-DS), i tillegg til pedagogisk utdanning i dans frå Kunsthøgskolen i Oslo. Halldis har undervist både i DKS, på vidaregåande, på folkehøgskule og på ei rekkje kurs over heile landet. Til kurset i Valldal tek ho med seg sine kjekkaste dansar og danseleikar og gler seg til å dansa med deg.

For kven: For alle frå 4. klasse og oppover.

 

 

Kurs i song med: AInstruktør Anne Sofie Linge Valdal.jpgnne Sofie Linge Valdal kjem frå Valldal og er oppvaksen i ein tradisjonsrik familie. Ho har folkesong som hovudinstrument, men er også gjerne innom jazz og pop. På repertoairet står også seljefløyte, bodhran og skotsk steppedans.
Anne Sofie har delteke på mang ein kappleik og oppnådd gode plasseringar der. Som frilansmusikar har ho fått brukt tradisjonsbakgrunnen sin i fleire prosjekt både i Norge og Skottland, og gjorde sterkt inntrykk i ein av Skottlands mest ettertrakta musikar og produsent Jim Sutherlands sitt bestillingsverk “Cold Weather Dancing”, for Celtic Connerctions 2004.

Anne Sofie er ein av grunnleggjarane i bandet Fribo, eit av banda i spissen for “Nu-Nordic Scene”-retninga. Fribo har utmerka seg for publikum såvel som promotorar og presse i både Norge og Skottland med grunnleggjande og nyskapande musikk. Gruppa har bl.a. fått terningkast 5 i Aftenposten og strålande kritikkar i mange musikkmagasin i Skottland, samt England, Amerika, Australia, Danmark, Belgia og tyskland. 

For kven: For alle

 

 

 

Instruktør Jo Einar Sterten Jansen.jpgKurs i felespel med: Jo Einar Jansen er felespelar og songar frå Frosta i Nord-Trøndelag. Varmblodig etter mange års leiking med -, og graving i den nordiske folkemusikken bruker han no forskjellige strykeinstrument og vokal for å uttrykkje seg gjennom musikken. Jo Einar spelar i grupper som Rim, Duo Jansen/Jüssi, V A S S V I K og Hildur Dansekompani. Jansen komponerer stadig ny musikk, ofte i tradisjonell stil, -ikkje bunde til ett spesielt område, men med sitt eige uttrykk som utgangspunkt. Den nye musikken bruker han side om side med gullkorn frå det stadig veksande repertoaret av deilig gammal felemusikk.

For kven: For deg som har spelt i minst to år.

 

Instruktør Britt Pernille Frøholm.jpgKurs i hardingfelespel med: Britt Pernille Frøholm er ein allsidig felespelar frå Hornindal i Nordfjord. Ho fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i bygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre lokale spelemenn. Frøholm er utdanna frå Ole Bull Akademiet og har ein Mastergrad i Tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark der ho arbeidde med samtidsmusikk og improvisasjon på hardingfele, og har på dette grunnlaget jobba mykje med musikarar innan fleire ulike sjangrar. Ho har vore svært aktiv og ettertrakta som frilans musikar siste ti åra, og i tillegg til turnering i Noreg har ho også turnert i Japan, USA, Canada og store delar av Europa både med grupper og som solist. Frøholm har gitt ut ei rekkje plater og er for tida aktiv i gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas og Friensemblet, i tillegg til mange ulike solistoppdrag. Ho vart nyleg tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend for etablerte kunstnarar.

For kven: For deg som har spelt i minst to år.