Sjokoladekappleik - bilde

Sjokoladekappleik Volda, 12. november 2023

«Øyrafolk» frå Volda kulturskule inviterer til Sjokoladekappleik på Øyra skule i Volda 12. november.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!


Tid: Sundag 12. november frå kl. 12.00

Stad: Amfisalen til Øyra skule
Deltakaravgift: GRATIS!

Arrangør: «Øyrafolk» frå Volda kulturskule og Møre og Romsdal Folkemusikklag

 

Påmelding: Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 1. november
 

 

Helsing

«Øyrafolk» og Møre og Romsdal Folkemusikklag