sjokoplakaten__500x698[1]

Sjokoladekappleik på Sunndalsøra 2023

Nordmøre spelemannslag inviterer til Sjokoladekappleik i Sunndal kulturhus 22. januar.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!


Tid: Sundag 22. januar frå kl. 12.00

Stad: Sunndal kulturhus

Deltakaravgift: GRATIS!

Arrangør: Nordmøre spelemannslag og Møre og Romsdal Folkemusikklag

Påmelding: Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 11. januar
 

 

Helsing

Nordmøre spelemannslag og Møre og Romsdal Folkemusikklag