sjokoplakaten_

Sjokoladekappleik i Valldal 2016

Valldal Spelemannslag inviterar til Sjokoladekappleik på Valldal skule 6. november. Sjokoladekappleik er eit uformelt kappleiksarrangement for born og unge som driv med tradisjonsmusikk og -dans. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik!

Her er det mulighet for å opptre som solist, i grupper og i lag. Kappleiken er åpen for songarar, dansarar og spelemenn på alle slags instrument. 

Aldersgrense : 0-18 år ( eller for dei som er ekstra glade i sjokolade )

Påmelding skjer på epost til: ingunnlinge@gmail.com

Kontaktinfo / informasjon: Ingunn Linge Valldal, tlf: 905 81 156

Påmeldingsfrist: 29. oktober 2016

Overnatting: Muri Hytteutleige har hytter til leige: http://www.murihytteutleige.no/