Sjokoladekappleik - bilde

Sjokoladekappleik i Ulsteinvik

Velkomne til Sjokoladekappleik i Ulsteinvik 28. februar!

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 16 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!
 
Tid: Laurdag 28. februar frå kl. 14.00
Stad: Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik
Deltakaravgift: GRATIS!
Arrangør: Møre og Romsdal Folkemusikklag
Påmelding: Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 6. februar.
 
Helsing Møre og Romsdal Folkemusikklag