Sjokoladekappleik - bilde

Sjokoladekappleik i Molde 21. januar

Romsdalsmuseets leikarring inviterer til Sjokoladekappleik på Romsdalsmuseet i Molde 21. januar.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!

 


Tid: Sundag 21. januar frå kl. 12.00

Stad: Krona på Romsdalsmuseet

Deltakaravgift: GRATIS!

Arrangør: Romsdalsmuseets leikarring og Møre og Romsdal Folkemusikklag

Påmelding: Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 10. januar.
 

 

Helsing

Romsdalsmuseets leikarring og Møre og Romsdal Folkemusikklag