sjokoplakaten_

SJOKOLADEKAPPLEIK 30. januar 2016

Vi har flytta Sjokoladekappleiken

Spelemannslaget Dåm og Drag inviterar til Sjokoladekappleik på Tresfjord skule. Sjokoladekappleik er eit uformelt kappleiksarrangement for born og unge som driv med tradisjonsmusikk og -dans. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik!

Informasjon om påmelding kjem snart. Håper flest muleg sett av datoen. Her er det mulighet for å opptre som solist, i grupper og i lag. Kappleiken er åpen for songarar, dansarar og spelemenn på alle slags instrument.

Aldersgrense : 0-18 år ( eller for dei som er ekstra glade i sjokolade )

For meir informasjon, ta kontakt med Britt Elise Skram beskram@hotmail.com