sjokoplakaten_

Sjokoladekappleik 2020

Romsdalsmuseets Leikarring inviterer til Sjokoladekappleik på Romsdalsmuseet 8. november.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!
 

Tid: Sundag 8. november frå kl. 12.00

Stad: Krona på Romsdalsmuseet, Molde

Deltakaravgift: GRATIS!

Arrangør: Romsdalsmuseets Leikarring og Møre og Romsdal Folkemusikklag

Påmelding: Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 25. oktober
 

Helsing

Romsdalsmuseets Leikarring og Møre og Romsdal Folkemusikklag