236581181_4067028303392807_6355598770994778166_n

Seminar: Samarbeid mellom spelemannslag og kulturskular

Fleire av spelemannslaga i fylket har eit nært samarbeid med sin lokale kulturskule. Alt frå felles prosjekt i ny og ne, til at det vert kjøpt undervisningstimar frå kulturskulen til å leie spelemannslaget. Medan nokre spelemannslaga slit med rekrutteringa av born og unge, har andre spelemannslag god rekruttering frå til dømes kulturskulen.

Kva moglegheiter og utfordringar ligg det i eit samarbeid mellom spelemannslag og kultuskular?

 

Vi har fått med oss tre innleiarar:

  • Britt Elise Skram vil snakke om korleis Spelemannslaget Dåm og Drag samarbeider med Vestnes kulturskule. 
  • Andrine Longva Kopperstad vil snakke om korleis Spelemannslaget Havella og Herøy kulturskule arbeider. 
  • Representant frå kulturskulerådet i Møre og Romsdal vil gje oss ei innføring i kva kulturskulen er i dag og korleis framtidas kulturskule vil vere.

 

 

Dato: 2. april

Tid: kl. 12-13

Stad: Vestnes frivilligsentral eller digitalt

 

Påmelding innan 31. mars til mrfolkemusikklag@gmail.com. Vi sender ut lenke (Zoom) til dei som ynskjer å delta digitalt.