17505116_1228721510556848_7466535909857640977_o

Raudan gull 3

Eit folkemusikk- og folkedansprosjekt for ungdom. 2.-3. nov. 2018 + 11.-12. jan. 2019

 

For kven:Unge og vaksne utøvarar frå Møre og Romsdal i ungdomsskulealder og oppover, på strykeinstrument*, song og dans.  

Kva:Folkemusikk- og folkedanskurs med spesialskrivne arrangement av Jorun Marie Kvernberg basert på tradisjonsmusikk frå Ørsta og Volda. Avsluttast med ein konsert 12. januar 2019.  

Instruktørar:M.a. Jorun Marie Kvernberg, Anna Gjendem og Oline Løvlid. 

Arrangør:Jorun Marie Kvernberg og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal v. Anna Gjendem i samarbeid med Ørsta og Volda folkedanslag, Sunnmøre Frilynde Ungdomslag og Møre og Romsdal Folkemusikklag.

(*Fele er hovudmålgruppa, men i og med materialet blir spesialarrangert opnar me for at også andre instrument kan vere med.)

 

2.- 3. nov. 2018:         Seminar på Mork skule og grendahus (Volda)  

11.-12. jan. 2019:       Seminar på Mork skule og grendahus + Forestilling i Ørsta Kulturhus 

 

PÅMELDING: 

Påmelding innan 15. september(bindande). Send ein e-post til folkemusikk@hivolda.nomed namn, adresse, telefonnummer, fødselsår, instrument og kor lenge du har spelt. Pris for begge seminara inklusive mat er 400 kr. 

 

Lurer du på noko, ikkje nøl med å ringe Anna Gjendem på tlf. 47409302 eller Jorun Marie Kvernberg på tlf. 91318235