Munnspel Hammarberg

MUNNSPELKURS i Hornindal 26.-28. april

Spelar du munnspel? Her er kanskje noko for deg!

Kurset vil bli lagt opp etter mønster av tidlegare kurs med John- Erik Hammarberg frå Sverige som hovudlærar og tidlegare kursdeltakarar som hjelpelærarar. Hovudføremålet er å vekke til live den gamle måten å bruke munnspel til tradisjonsmusikk som reinlendar, vals, masurka, marsj, pols mm. og å basse "kompe" ved hjelp av tunga til eige spel.
Munnspel Hus
Munnspel Hytter

Innbyding til kurs i tradisjonspel på munnspel Arbeidet med å få opp interessa for å spele tradisjonsmusikk på munnspel held fram, og vi inviterar til kurs i Hornindal i Nordfjord 26. - 28. april 2013.

Kurset vil bli lagt opp etter mønster av tidlegare kurs med John- Erik Hammarberg frå Sverige som hovudlærar og tidlegare kursdeltakarar som hjelpelærarar. Hovudføremålet er å vekke til live den gamle måten å bruke munnspel til tradisjonsmusikk som reinlendar, vals, masurka, marsj, pols mm. og å basse "kompe" ved hjelp av tunga til eige spel. Kurset blir lagt opp på to nivå: Nybyrjarar og dei som har spelt noko før, men også samkøyring av dei to gruppene. I år vil det bli lagt meir vekt enn tidlegare på norske melodiar. Kursstart blir fredag 26. april kl 18.00 og avslutning søndag formiddag den 28. april. Kurstilskipar er Halkjelsvika Spelemannslag som held til i Volda, 1/2 times veg nordvest for Hornindal. Leiar for spelemannslaget er Jacob Heltne som har vore kursdeltakar på dei tidlegare munnspelkursa. Instrument: Under kurset nyttar vi diatonisk munnspel i G-dur (ikkje kromatisk). Eit 10-hols munnspel til 250-300 kroner får du i dei fleste musikkbutikkar.

Kursstad Vi skal halde til i Knausen Hyttegrend og Selskapslokale i Hornindal. Her er det rikeleg plass til oss i hus, hytter og den fullisolerte "Låven" som er innreia til selskapslokale. Vi får rimeleg overnatting i oppreidde sengar, eller at du har med sovepose eller lakenpose. Matserveringa ordnar Halkjelsvika Spelemannslag. Vertskap på Knausen er Solveig og Atle Tomasgard (du finn Knausen Hyttegrend på internet). Reisemåte: Hornindal ligg 20 minutt med buss frå Stryn. Til Stryn er det bussforbindelse frå heile landet. Næraste flyplassar er Hovden i Ørsta/Volda og Anda flyplass på Sandane. Fest/konsert: Laurdag kveld blir det fest, konsert og dans etter musikk av Halkjelsvika Spelemannslag og kursdeltakarar.

Pris. Kursstaden har fem hytter med to doble soverom i kvar. Her er kjøkken, bad, toalett og stove med TV. Det er hems i kvar hytte. Gjestehuset som ligg i tunet har sju doble soverom. Her er tilgang til kjøkken, bad og wc. Pris for overnatting: Hytter kr. 600,- pr hytte pr. natt. Rom i gjestehuset: Frå kr. 250,- til kr. 350 pr. rom pr natt. Tillegg for oppreidd seng kr. 100,- pr deltakar. Pris for kursavgift og alle måltid frå kveldsmat fredag til frukost søndag: kr. 1.200,- For å få plass til alle kursdeltakarane og å gjere det så rimelig som mogleg ønskjer vi å utnytte kapasiteten på romma så godt det let seg gjere, men dei som ønskjer det kan få rom åleine. På kursgarden er god parkering både for privatbilar, campingvogner og campingbilar.

For tinging av rom/soveplass ser vi gjerne at de kontaktar kursstaden direkte: Eigarar er: Solveig og Atle Tomasgard (tlf.57879612/48042750) Heimesida til Knausen hyttegrend er: www.knausenhyttegrend.no Mail adresse er: at-tomas@online.no

Raftevold Hotell (tlf. 57879605) ligg ca fire km. frå kursstaden.

Påmelding til: Jacob Heltne. Tlf. 70076103/40482696. Epost: jacob.heltne@mimer.no eller Einar Eimhjellen. Tlf. 95203597. Epost: eineim@online.no Påmeldingsfrist: Torsdag 4. april. Opplys om namn, telef.nr. epostadresse og om du er nybyrjar eller litt øvd.

Velkomen til Hornindal

Helsing Halkjelsvika spelemannslag Einar Eimhjellen Jac Heltne medhjelpar leiar