310188936_646284940402514_3901681391478543953_n

Landsfestivalen i gammaldansmusikk til Vestnes i 2024

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er noregsmeisterskapen i gammaldans, og vert arrangert på ein ny stad i landet kvart år. 31.juli - 4. august 2024 vert den arrangert i Vestnes.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er eit av dei tre årlege hovedarrangementa til FolkOrg.

Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år. I tillegg til tevling er det dansespel og sosialt samvære som er i hovedfokus dei fem dagane Landsfestivalen varar. Det kjem om lag 3000 besøkjande og det deltek omlag 1000 personar i tevlingane. Det vert tevla i omlag 15 ulike klasser - solistar, grupper, spelemannslag og dansarar.

Det er eit lokallag som saman med administrasjonen i FolkOrg arrangerar Landsfestivalen, kvart år tek eit av dei mange lokallaga på seg oppgåva og inviterer heile Noreg til festival.

I 2024 blir det Møre og Romsdal Folkemusikklag som står som lokal arrangør, og då i samarbeid med alle spelemannslaga, danselaga og folka i miljøet ellers i fylket.

Det blir fem dagar der det vil merkast at folkemusikk-Noreg tek turen til Vestnes og Vestneshallen. Dei tilreisande må ha overnatting og mat, det vil bli konsertar og speling både på festivalområdet og andre plassar i kommunen. Dette er ein storfestival som det vil bli fole kjekt å arrangere i Vestnes.