Teger

Kurs i folkeleg song og felespel

Laurdag 14. september vil Gro Kjelleberg Solli og Britt Elise Skram ha kurs i folkeleg song og felespel i Tresfjord.

Laurdag 14. september vil Gro Kjelleberg Solli vere instruktør på eit kurs med folkeleg song.
Dette er ope for alle interesserte over 15 år.

Ho vil lære frå seg bånsullar, viser, slåttestev, lokkar med meir frå Nordmøre og Romsdal.
Britt Elise Skram vil samstundes halde kurs i felespel for dei som har spelt ei stund. Ho vil ta for seg ornamentikk, spelestil og slåttar frå Romsdal.

Velkomne til ei triveleg og uhøgtidleg stund. Song og fele er moro!

Kurset varar frå kl 1300-1600. Deltakaravgift : Kr. 300.- (inkludert lunsj)

Stad: Tresfjord kyrkjelydshus

Informasjon og påmelding til beskram@hotmail.com 

Påmelding innan 6. september.