NMSpl

Informasjon om Fylkeskappleiken i Surnadal

Fylkeskappleiken 2020 er diverre avlyst pga. situasjonen rundt Covid-19.

21.-22. mars vert det Fylkeskappleik i Surnadal. Kappleiken vert arrangert på Thon hotell Surnadal av Nordmøre spelmannslag.

Kjære deltakar og gjest på fylkeskappleiken for Møre og Romsdal 2020.

Det er med tungt hjarte at vi må informere deg om at fylkeskappleiken 2020 i Surnadal diverre er avlyst. Møre og Romsdal folkemusikklag tok beslutninga om dette seint tirsdag kveld , 10.mars saman med arrangørlaget Nordmøre Spelmannslag. Diverre er situasjonen rundt spredning av Coronavirus slik at det ikkje var praktisk mogleg å gjennomføre kappleiken på den måten vi ønsker. Vi ønsker også å vise samfunnsansvar ved å ikkje bidra til auka smittespreiing.

Neste fylkeskappleik blir i 2021, vi kjem tilbake til tid og stad for denne seinare.

Alle som har betalt inn deltakaravgift kan kreve denne refundert frå Nordmøre spelmannslag. De må sjølv ta kontakt med laget for å få refundert innbetalinga. Send epost med opplysningar om kontonummer og navn på kontoinnehavar, kva beløp de ønsker refundert og kva påmelding dette gjeld til rkholte@online.no eller til mrfolkemusikklag@gmail.com

Dersom de har bestilt hotel og overnatting bør dette avbestillast snarast råd. Graden av refusjon avhenger av avtala de sjølv har med overnattingsstaden.

Mvh Hanne Moldver Salthammer,
Styreleiar for Møre og Romsdal folkemusikklag

 

 

Førebels program for fylkeskappleiken i Surnadal:

 

Laurdag 21. mars

11.00 Opning og tevling

17:30 Premieutdeling hittil deltaking

18.30 Konsert med Kviven duo m/gjester

20:00 Tevling og Dans til klassen lagspel med komp 

 

Søndag 22. mars

10.00 Årsmøte Møre og Romsdal Folkemusikklag 

11.00 Tevling 

Xx:xx Premieutdeling (avhengig av påmelding)

(I fjor gjekk gruppespelet også laurdag kveld. I år må vi sjå an påmeldingane om vi får det til)

 

Endeleg program kjem etter påmeldingsfristen som er 1. mars

 

Tips til overnatting:

- Thon Hotel Surnadal

- Surnadal Camping Brekkøya

 

Sjå her for meir informasjon om klasser og påmelding.

 

Helsing

Nordmøre spelmannslag og Møre og Romsdal Folkemusikklag