5197416_3103756

Har du lyst til å reise på Sommarkurs i folkemusikk- eller folkedans?

Folkemusikklaget gir økonomisk stønad til deltakarar på ma. Mokurs!

 
 
5197416_3103756
Har du lyst til å reise på Sommarkurs i folkemusikk- eller folkedans?
 
Om du vil reise får du litt økonomisk hjelp på vegen frå Møre og Romsdal Folkemusikklag. Folkemusikklaget støtter dei av våre medlemmar som ønsker å delta på sommarkurse med kr 1000,- per person. Søknaden er enkel å fylle ut, berre send ein mail til mrfolkemusikklag@gmail.com med følgende informasjon om vedkommande som søker støtte:
- Navn

- Fødselsdato

- Adresse
- E-postadresse
- Kontonummer for utbetaling
- Kurs det søkes stønad for
Frist for søknad om kursstønad er 1. september 2019.
 
MOKURS
Fra 9.-14. juli kan du vere med Mokurs på Mo i Sunnfjord. Der har dei mange flinke lærarar og mange kurstilbud innan dans, song og spel. Minstealder for å melde seg på Mokurset er 9 år. Det er inga øvre aldersgrense. For å melde deg på kurs i hardingfele, fele, trekkspel eller durspel, må du ha spelt i minst 2 år.
Påmeldingsfristen til kurset er 1. juni og meir info finn du her: http://www.folkemusikklaget.no/mokurset-2019.5197416.html
 
STRUNKEVEKO
Påmeldinga til noregs største sommarkurs i folkemusikk og –dans for ungdom er no open! I 2019 er datoen for Strunkeveko 7.-12. juli. No kan ein også melde seg på Ministrunken!  På Strunkeveko får du kyndig kursing av dei beste lærarane, fleire konsertar og ikkje minst eit stort og triveleg folkemusikkmiljø som varar livet ut. Strunkeveko tilbyr kurs i alt frå torader og hardingfele til hallingdans og pardans. Skal du delta på Jørn Hilme-stemnet? Då er Strunkeveko ei kjempefin oppkøyring og øvingsarena! Noko du lurer på? Send ein e-post til leiar@strunkeveko.no!  http://www.hilme.no/strunkeveko.aspx