73110400_874445772956786_6953073910694805504_n

Fylkeslag til Landsfestivalen 2022

Vil du spele og danse med oss?

Det er for mange spelemannslag og danselag vanskeleg å stille eige lag på kappleikar utanfor fylket.Folkemusikklaget og Folkemusikkarkivet ynskjer å samle spelemenn og dansarar til å stille i lagspel og lagdans under Landsfestivalen på Vågå. Landsfestivalen er i perioden 3.-7. august og har fokus på runddans og runddansmusikk.
Britt Elise Skram vil fungere som musikalsk leiar for spelemannslaget og Anna Gjendem vil leie danselaget. Det vert to øvingar i forkant av arrangementet. Kvar desse øvingane vert i fylket kjem ann på kven som ynskjer å vere med.
Ynskjer du å vere med i spelemannslaget/danselaget til Landsfestivalen på Vågå? Send oss ei melding på mrfolkemusikklag@gmail.com innan 2. april.
 
Helsing Møre og Romsdal Folkemusikklag og Folkemusikkarkivet i Viti