Ålesund kommune logo

Fylkeskappleiken 2013

Fylkeskappleiken er den største mønstringa av folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal og arrangerast i år av Ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund.

PÅMELDINGSFRIST UTSATT TIL 12. APRIL :)

Du finn påmelding på nettet her: http://www.paamelding.folkemusikk.no/

Kappleikane har tradisjonelt vore for felespelarar og dansarar. I år lagar vi ein kappleik som er ein mellomting mellom kappleik og gammaldansfestival. Vi håpar de finn dei klassane de leitar etter.
 
Nokre forandringar:
 
- Klassedelinga er ny. Vi har vald å fjerne A, B, C og D klassane, og har erstatta dei med junior, senior og rekrutt.
- Fele og hardingfele er samla i same klasse.
- Rekrutt er under 12 år, junior 12 - 18 år, senior er over 18 år.
- Gammaldanstevling pardans: Vi har vald ut skorsk som tevlingsnummer. Dansen finns i dei fleste delar fylket og det er mange som er glad i den. Tevlinga blir arrangert slik at alle dei påmelde får eit startnummer godt synleg på klærne. Så dansar alle dansen mens domarane veljer ut dei som skal gå vidare til finale. Finaledansing forutset at det blir god påmelding. Vi håpar at riktig mange melder seg på!
- Vokal folkemusikk har fått gruppe for rekruttar og juniorar. Tradisjonelt er songen for solistar, og vi har difor ikkje opna for gruppesong for vaksne. Vi vil vere fleksibel for antall deltakarar i desse gruppene.
- Toradarmiljøet har etterspurt klasser for seg og det har dei fått, både solo og lag. I gruppespel må dei tevle saman med felegruppene.
 
 
Påmeldingsfrist:
 
Påmeldingsfrist for kappleiken er 6. april! Kontakt Leikny på tlf. 909 58 013 for meir informasjon.
 
Overnatting i Ålesund:
 
Camping:
Volsdalen Camping med nyrenoverte moderne hytter for to og flere personer fra kr. 475,-. Der er og eit nyrenovert hovedhus med fasiliteter som har rom som er rimelig, kan leige sengkle hvis man vil og elles ta med lakenpose, putevar og laken.
 
Hotel:
Avtale med Thon hotel i sentrum (tlf. 70 15 77 00) til kr 895 for dobbeltrom og kr 750 for enkeltrom. Må tingast før 6.4.13 og sei det gjeld kappleik.
 
Bubil:
Bubil kan få parkere utanfor tevlingsarenaen men der er ikkje straum. Der er bobilparkering like ved Thon Hotel i Ålesund sentrum. Vi er ikkje sikre på om det er tilgang til straum her.
 
 
All tinging av overnatting må skje direkte til overnattingsstaden.