Havella bunadsbilde 2016

Fylkeskappleik 2017

Spelemannslaget Havella ønskjer velkomen til Fosnavåg Konserthus 25. og 26. mars. Det er tredje Fylkeskappleiken i kystbyen, og denne gongen gler vi oss ekstra til å fylle det nye konserthuset med folkemusikk. Påmeldingsfrist 3. mars 2017.

 

 

Vi håper på deltakarar frå heile fylket, i alle aldrar og i alle disiplinar. Tevlingane går på tradisjons vis utover ettermiddagen, med kulturkveld, dansespel og premieutdeling. Vi prøver å gjere unna alt på ein dag, men skulle påmeldinga verte større enn venta, må vi revurdere det. Vi kan love god akustikk og  flott hotell under same tak.

Det vert halde eit kurs for ungdom i førekant av kappleiken, der Jorun Marie Kvernberg skal dykke djupt i arkivet etter spor frå ytre luten. Som ein del av Kunstnarstipendet ho mottok tidlegare i år vil ho finne ny-gamle skattar som ungdomane får presentere under kappleiken. Jorun Marie vil også vere sentral under kulturkvelden som solist i tillegg til at jazzpianist Norvald Dahl kjem heim til Fosnavåg. Ved hjelp av profesjonelle aktørar, vert dette ein god miks av tradisjonsmusikk og nyarrangeringar av folketonar og slåttar. Meir om konserten kan du lese her.

 

Påmelding kjem på nettsidene til Møre og Romsdal Folkemusikklag, folkemusikklag.no

Overnatting på Thon Hotel Fosnavåg, i samme bygg. Alternativt lengre unna, på Quality Hotel Ulstein, og andre alternativ kan finnast med søk på internett.

Ved lite påmelding vert kappleiken arrangert berre laurdag.