Frå Noreg til Balkan - kurs med Jovan Pavlovic

Den serbiske trekkspelaren Jovan Pavlovic skapte balkanstemning i Molde siste helga i januar. Då arrangerte Møre og Romsdal folkemusikklag kurs i balkanmusikk for 15 deltakarar frå heile fylket. 

På dette todagarskurset lærte deltakarane om balkansk folkemusikk. Denne musikken har ofte ei litt anna taktart enn det vi er vand med i Noreg. Dei lærte også melodiar som kan minne om dei norske og om korleis folkemusikken har spredt seg mellom landa til alle tider. Det var ein entusiastisk gjeng som avslutta kurset søndag med eit sterkt ønske om fleire kurs med Jovan. 

Her er nokre glimt frå kurset: 

IMG_1922.JPG

Kursdeltakarane saman med kurshaldar Jovan Pavlovic. Initiativtakar og teknisk arrangør Arnt Inge Sæter fremst til høgre. 

IMG_1889.JPG

Kurshaldar Jovan Pavlovic med solokosert på slutten av kurset

 

IMG_1895.JPG

Mange deltakarar på trekkspel

 

 

IMG_1881.JPG

Hjelpelærar Jasmina Zivic (fløyte) saman med Guttorm Ulvund og Arnold Farstad (begge klarinett)