Folkepedia

Folkepedia

Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit førprosjekt for og med barn og unge der me lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans.

Formidling av folkedans for og med barn og unge

Noregs Ungdomslag har lange tradisjonar med å laga undervisingsmateriale for og med folkedans, og desse filmane er resultat frå eit førprosjekt som me har kalla Folkepedia. Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit førprosjekt for og med barn og ungdom. Folkepedia er for deg som har lyst til å dansa folkedans, som allereie dansar folkedans eller for deg som underviser folkedans. Sjå filmane her.

Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag

Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum

B-fotografar: Lukasz Zamaro og Nils Eilif Bremdal

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai C. Stigar

Prosjektgruppe: Anna Gjendem, Vegar Vårdal, Anette Figenschou og Trine Sjølyst

Spørsmål eller tilbakemeldingar til prosjektet, kontakt: folkepedia@ungdomslag.no

Filmane i forprosjektet er spelt inn i Oslo med Norsk Folkemuseums dansegruppe og BULder og Brak, i Bodø med elevar frå Aspåsen skole og BUL Bodø, og Hellesylt/Bjørke med dansarar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag.

Folkepedia skal på sikt verta ei generell side om folkedans og folkemusikk i Noreg saman med andre aktørar på feltet.

Forprosjektet er støtta av Landsrådet for Noregs barne-og ungdomsorganisasjonar  (LNU).