dommarkurs

Dommarseminar på Voss

Møre og Romsdal folkemusikklag støtter medlemmar som vil dra på dommarkurs

5737629_2581562

Møre og Romsdal folkemusikklag støtter medlemmar som ønsker å delta på dommarkurs med kr 1000,- per person. Søknaden er enkel å sende inn, send epost til hannemoldver@hotmail.com med følgande informasjon om søkjaren:

  • Namn
  • Fødselsdato
  • Adresse
  • Epostadresse
  • Kontonummer

Støtta blir utbetalt deltakaren etter kurset er gjennomført. Frist for søknad er 14. oktober 2017.

 

OM KURSET:

Seminar i spel, vokal og dans
Det er om lag 20 ulike kappleikar/tevlingar av ulike storleikar gjennom eit år. For å arrangere kappleikar og for at deltakarane skal blir vurdert, treng ein kompetente og kunnskapsrike dommarar. Å takke ja til å vere dommar og setje seg i ein formell vurderingssituasjon, kan verke skremmande dersom ein ikkje har vore i slike situasjonar før. Det stadige etterspørselen etter dommarar og tilbakemeldingar om at folk har lyst til å gå på dommarseminar, gjer at det denne hausten vert arrangert seminar att. Førre gongen det vart arrangert dommarseminar var hausten 2015, den gong i samarbeid med Buskerud Folkemusikklag.

På Voss vert det seminar i vokal, spel og dans. Seminarhelga vert arrangert av Folkorg, Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Hordaland Folkemusikklag.

Seminara er for deltakarar frå heile landet som vil lære om dommargjerninga, med eller utan dommarerfaringar sjølv. Det er eit krav om at deltakarane har god kjennskap til det tema dei ønskjer å fordjupe seg i, og eigne erfaringar frå kappleikar som deltakar.

Tidsramma for seminara er 14 timar, og seminara vil gå parallelt frå fredag kveld til det vert avslutta søndag ettermiddag.

Felles stikkord for seminara vil blant anna vere: sentrale omgrep, dommarskjema, tevlingsreglementet, praktisk dømming, refleksjon og diskusjonar.

Detaljert program dei ulike seminara kjem etter kvart.

Dommarseminaret i spel vert med:
Anne Hytta, Aslak O. Brimi og Rikke van Ommeren

Dommarseminaret i dans vert med:
Stian Roland og Mette Vårdal

Dommarseminaret i vokal vert med:
Camilla Granlien og Gunnlaug Lien Myhr