Arkivseminar 2013

Arkivseminar i Leikanger

Sogn og Fjordane Folkemusikklag innbyr til arkivseminar laurdag 7. september kl. 1000-1700. Seminaret vert halde på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i Leikanger. Kursleiarar vert Erle Hind frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Anna Liv Skjelten Gjendem frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

INNHALD: 
Del 1: kl. 10.00-13.00 Presentasjon av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane v/Erle Hind 
Her får deltakarane ei innføring i kva som finst i arkivet og korleis dei kan søkje i arkivet sin database. Det vert demonstrasjon av opptaksutstyr og korleis det vert gjort opptak til arkivet. 
Deltakarane får også løyse praktiske oppgåver ved å bruke fylkesarkivet sin database. 

OBS! Deltakarane må så langt som mogleg, ta med eigen berbar pc. Dersom nokon ikkje har eigen pc, gjer vel og opplys om dette ved påmelding så skal vi prøve å skaffe nokre ekstra pc-ar til utlån!! 

Kl. 13.00-14.00: Felleslunsj på Café Herman 
Del 2: kl. 14.00-17.00 Presentasjon av Rff-arkivet v/Anna Liv Skjelten Gjendem 
Deltakarane får presentert for kva som finst i arkivet og korleis dei kan låne arkivmaterial. Her vert gjeve døme på klipp frå arkivet og korleis desse kan brukast i undervisning 
Deltakarane får prøve dette i praksis då her vert enkel danseinstruksjon etter arkivopptak. 
Seminaret vert avslutt med ein presentasjon av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 

Påmeldingsavgift: kr 3oo, -. ( inkl. lunsj/kaffi) 
Påmelding til: post@folkemusikklaget.no innan fredag 30. august 

Vi oppfordrar alle om å vidaresende innbydinga til sine lagsmedlemmar og andre interesserte! 

Alle velkomne! 

Med helsing 
Sogn og Fjordane Folkemusikklag 
v/leiar Antonia Karete Kongsvik 

Arkivseminaret er i samarbeid med: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Rff-senteret