klubbe

Årsmøtet for Møre og Romsdal Folkemusikklag

NY DATO FOR EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE: Måndag 6. mai kl 19:00 på Teams 
 
NY DATO FOR EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE: 
Måndag 6. mai kl 19:00 på Teams 
Årsmøtesaker: Godkjenning av revidert årsrekneskap for 2023
 
Fredag 8.mars vart det halde årsmøte for Møre og Romsdal Folkemusikklag. Der vart det vedtatt at styret skal kalle inn til ekstraordinært årsmøte for å godkjenne årsrekneskap for 2023. Føringa av rekneskapen har blitt forseinka grunna uforutsette hendingar. 
 
Møtelenke blir tilsendt ved påmelding til mrfolkemusikklag@gmail.com
 

 

Beste helsing 

Styret i Møre og Romsdal Folkemusikklag 

 


 
 
Årsmøtet for Møre og Romsdal Folkemusikklag for 2023 blir arrangert fredag 8. mars 2024 kl 1900, i Ørsta ungdomslag sine lokaler i kjellaren på Ørsta kulturhus.
 
 
Kvart lokallag har rett på 2 utsendingar. Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane og styret i fylkeslaget. Styret har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap. 
 
Frist for innsending av saker er sett til 1.mars 2024. Saker sendes til mrfolkemusikklag@gmail.com 
 
 
Sakliste for årsmøtet for Møre og Romsdal folkemusikklag: 
1. Registrering av deltakarar med stemmerett
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Velje møteleiar, referent og to til å skrive under protokollen
4. Godkjenning av årsmelding
5. Godkjenning av årsrekneskap og revisormelding
6. Godkjenning av budsjett og handlingsplan
7. Fastsetjing av lags- og medlemskontingent
8. Saker frå styret og medlemmane
9. Val av styre, revisor og valkomite
 
 
 
 
 

Årsmøte vert halde kvart år og skal avviklast seinast 2 veker før landsmøtet i FolkOrg. Kvart lokallag har rett på 2 utsendingar. Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane og styret i fylkeslaget. Styret har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap.

Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet til avgjerd, må sendast styret seinast 5 veker før årsmøtet. Laga skal ha melding om årsmøtet i god tid før denne fristen. Sakslista vert sendt lokallaga minst 3 veker før årsmøtet. Alle saker som ikkje gjeld oppløysing eller lovendring, vert avgjorde med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal avgjer leiaren si røyst utfallet.

Årsmøtet skal

1) Velje møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka saman med møteleiaren

2) Handsame styret sitt framlegg til årsmelding, rekneskap og arbeidsprogram for komande år

3) Fastsetje kontingent

4) Velje styre med varamedlemmer, revisor, valnemnd, og utsending(ar) til årsmøtet i FolkOrg

5) Handsame andre saker som er tekne opp av styret eller lokallaga og som ligg innanfor føremålet for organisasjonen

 
 
Årsmøteprotokollar:
2013_Årsmøteprotokoll MRFL 
2024 - Årsmøteprotokoll MRFL
 
Årsmøteliste. Dato, stad
2000: 26. februar. Vertshuset Hjorten, Batnfjordøra. Nordmøre Spelmannslag.
2001: 10. mars. Lagshuset S. Bullsgt.4, Ålesund Spelemannslag og U.L. Ivar Aasen, Ålesund.
2002: 2. mars. Gjermundnes vidaregåande skule (Landbruksskulen). Spelemannslaget Dåm og Drag.
2003: 1. mars. Vertshuset Hjorten, Batnfjordsøra. Nordmøre Spelmannslag.
2004: 28. februar. Herøy kyrkje, Fosnavåg. Spelemannslaget Havella.
2005: 26. februar. Tresfjord skule, Tresfjord. Tressalaget.
2006: 18. februar. Hjorten Kro, Batnfjordsøra. Nordmøre spel- og dansarlag.
2007: 3. februar. Volda vidaregåande skule, Volda. Halkjelsvika Spelemannslag.
2008: 23. februar. Rauma kulturhus, Åndalsnes. Rauma Spelmannslag.
2009: 21. februar. Reknesstabburet, Romsdalsmuseet, Molde. Romsdal Spelemannslag.
2010: 13. mars. Kyllingstova. Romsdalsmuseet, Molde. Romsdal Spelmannslag.
2011: 5. mars. Kyllingstova, Romsdalsmuseet. Romsdal Spelemannslag.
2012: 3. mars, Reknesstabburet. Romsdalsmuseet. Romsdal Spelemannslag.
2013: 9. mars. Frivilligsentralen, Vestnes. Møre og Romsdal Folkemusikklag
2014: 6. april. Rica hotell, Molde. Møre og Romsdal Folkemusikklag
2015: 12. april. Tresfjord oppvekstsenter/fleirbrukshus. Møre og Romsdal folkemusikklag
2016: 10. april. Vårsøg hotell, Surnadal. Møre og Romsdal folkemusikklag
2017: 26. mars. Thon hotel, Fosnavåg. Møre og Romsdal folkemusikklag
2018: 8. april kl 10.00, Grand Hotel Bellevue, Åndalsnes. Arr: Møre og Romsdal folkemusikklag
2019: 24. mars kl 10.00 - Valldal skule
2020: 12. september kl 17.00, Vestnes frivilligsentral
2021: 23. mars kl 19:00. Digitalt via Zoom
2022: 2. april kl 13:00. Vestnes Frivilligsentral
2023: 28. april kl 19:00, Grand Hotel Åndalsnes, Møre og Romsdla Folkemusikklag
---