Sjokoladekappleik 2013

Å VERTE EIN BETRE DOMMAR

Tradisjonskurs, 21.-22.februar, Skei Hotel 

Folkemusikklaget ser ein stor verdi i å skape moglegheiter til å kunne diskutere dommargjerninga. Det å verte spurt om å vere dommar kan vere skremmande for mange. Ein skal meine noko om andre, stå for meiningane sine, vere observant og reflektert under tidspress.

Tradisjonskurset «Å verte ein betre dommar» er meint som ei vitamininnsprøyting for dei som allereie har vore dommarar samt rekruttering av nye aktuelle.

Kursinstruktørar er Sigmund Eikås og Vidar Underseth. Med deira rettleiing vert det både diskusjon og praktisk arbeid, som i uformell dømming. Sigmund har vore, og Vidar er fylkesmusikar, og begge er av fylkets beste tradisjonsberarar. Dei vil dele sin kunnskap og gler seg til diskusjon rundt tema som kva som er godt tradisjonelt spel/dans, kva som er rådande estetikk, og ikkje minst kva som er god/dårleg dømming.

Kurset er for alle folkemusikarar/folkedansarar, både dei som har og dei som ikkje har vore dommarar før, men som kan tenkje seg eit innblikk i korleis det er å skulle sitje på ein kappleik å dømme.

Påmeldingsfrist: 6.februar
Påmelding:
ingrid@folkemusikklaget.no

Kursavgift kr.500,-

Kursplan:

Laurdag 21.februar

11.00 Kursstart
13.00 Lunsjpause 14.00 Framhald av kurs

Sundag 22.januar

10.00 Framhald av kurs og oppsummering 13.00 Slutt

14.00 Lunsj
15.00 Årsmøte i Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Vel møtt!