sjokoplakaten_

Sjokoladekappleik i Ørsta 2021

Folkemusikkarkivet inviterer til Sjokoladekappleik på Ivar Aasen-tunet 7. november.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!
Om påmeldinga vert stor deler vi dagen opp i bolker, slik at vi ikkje har for mange tilstades samstundes.
Viktig! Er det nokon som er sjuke, skal desse ikkje delta under arrangementet. Alle må vere nøye med handvask og å halde avstand gjennom dagen. 
 
Tid: Sundag 7. november frå kl. 12.00
Stad: Ivar Aasen-tunet, Ørsta
Deltakaravgift: GRATIS!
Arrangør: Folkemusikkarkivet ved Musea på Sunnmøre og Møre og Romsdal Folkemusikklag
Påmelding: Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 25. oktober.
 
Helsing
Folkemusikkarkivet ved Musea på Sunnmøre og Møre og Romsdal Folkemusikklag