sjokoplakaten_

Sjokoladekappleik i Ørsta 2021

Folkemusikkarkivet inviterer til Sjokoladekappleik på Ivar Aasen-tunet i Ørsta 30. mai.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!

 

Om påmeldinga vert stor deler vi dagen opp i bolker, slik at vi ikkje har for mange tilstades samstundes.

 

Viktig! Er det nokon som er sjuke, skal desse ikkje delta under arrangementet. Alle må vere nøye med handvask og å halde avstand gjennom dagen.


Tid:Sundag 30. mai frå kl. 12.00

Stad:Ivar Aasen-tunet, Ørsta
Deltakaravgift:GRATIS!

Arrangør:Folkemusikkarkivet ved Musea på Sunnmøre og Møre og Romsdal Folkemusikklag

Påmelding:Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 18. mai
 

 

Helsing

Folkemusikkarkivet ved Musea på Sunnmøre og Møre og Romsdal Folkemusikklag