sjokoplakaten_

Sjokoladekappleik 2019

Spelemannslaget Dåm og Drag inviterar til Sjokoladekappleik på Tresfjord skule 3. november.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans, som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er ein fin anledning til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!


Tid: Sundag 3. november frå kl. 12.00

Stad: Tresfjord skule, Vestnes

Deltakaravgift: GRATIS!

Arrangør: Spelemannslaget Dåm og Drag og Møre og Romsdal Folkemusikklag

Påmelding: Send påmelding på epost til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 16. oktober
 

Helsing

Spelemannslaget Dåm og Drag og Møre og Romsdal Folkemusikklag