(c) knut utler

Raudan gull 5

Eit folkemusikk- og folkedansprosjekt for ungdom i alderen 13 – 30 år

For kven: Unge og vaksne utøvarar frå Møre og Romsdal i ungdomsskulealder og oppover, på spel*, song og dans.

Kva: Folkemusikk- og folkedanskurs med spesialskrivne arrangement basert på tradisjonsmusikk frå Gjemnes og Sunndal. Avsluttast med ein konsert 6. februar.

Instruktørar: Sturla Eide (spel), Øystein Sandbukt (komp/spel), Gro Kjelleberg Solli (song), Kirsty Mckinnon (dans), Anna Gjendem (dans), Marius Berglund (spel) og Thea Marie Ytterdal (spel).

Arrangør: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal i samarbeid med Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag og Møre og Romsdal Folkemusikklag. Prosjektet er støtta av Dextra Musica, Sparebanken Møre, Rådet for Folkemusikk og Folkedans, FriFond og Møre og Romsdal Fylkeskommune.

(*Fele er hovudmålguppa, men i år har vi også valt å legge fokus på komp-instrumenter ved å leige inn ein eigen instruktør for dette! Alle andre instrumenter er sjølvsagt også velkomne!)

 

27.-29. november 2020:      Seminar på Hjelset (mest sannsynleg)

5.-7. februar 2021:               Seminar i Romsdal/Nordmøre + konsert same stad

Smittevern: Vi følger sjølvsagt dei råd og retningsliner som vert gjeve frå myndigheitene kva gjeld koronaviruset. Difor vil vi enn så lenge ha begrensa med plassar. Her gjelder det å vere “første mann til mølla”. På grunn av korona er det vanskeleg å finne eit eigna lokale. Difor er det fortsatt usikkert kor første samling vil finne stad. Informasjon kjem fortløpende!

PÅMELDING: Påmelding innan 25.oktober (bindande). Send ein e-post til folkemusikk@hivolda.no med namn, adresse, telefonnummer, fødselsår, instrument/dans/song og kor lenge du har spelt/dansa/sunge. Pris for begge seminara inklusive mat er 600kr.

 

Lurer du på noko, ikkje nøl med å ringe Anna Gjendem på tlf. 47409302 eller Thea Marie Ytterdal på tlf. 41576702