Dagfinn Nupen

Noregsveldet

Ytring frå Dagfinn Nupen

Noregsveldet, eit interessant geografisk område
Norsk folkemusikk og keltiske melodiar. Kva veit vi??

 
av Dagfinn Nupen
Innskriving: Øystein Sande
 
Stort sett alle som studerer vår eigen folkemusikk, vil i mange høve også sjå til musikk i andre land og drage parallellar. Opphav og samanfallande trekk, evt. ulikskapar vil kome fram, og drøftast. Musikken i grannelanda kjem tydeleg inn her. Den eldre stilen kan vere eit godt grunnleggjande moment. Dei vokale folketonane med sine former er i alle fall eit godt utgangsapunkt.
Materialet vi har teke vare på, er ganske rikt og omfattande trass i at nedskrivarane kom heller litt seint i sving. Dei kunne fyrst kome til med blyant og papir, men etter at fleire gode kjelder var borte. Likevel vil vi prise mange samlarar som gjorde eit grundig og iherdig arbeid med innsamling og dokumentasjon. Granskarane noterte ned og systematiserte stoffet, og kunne dermed fortelje oss om landsdelen desse melodiane kom ifrå, og gjerne alder.
 Miljøet, landskapet, innland eller kyststrok, hadde oftast sin særeigne stil. I dag har vi mykje litteratur som har kome til oss frå fleire kantar av verda. Dermed kan vi gjennom aktiv  lesing, samt lytting til plater, gå på konsertar og dermed få kjennskap til musikken i andre land. Eitt spørsmål melder seg ofte: Finn vi drag frå vår eigen musikk i musikkformene hjå andre statar sin folkemusikk?
 Kva skal ein nytte som målestokk i slik høve?  Dermed må vi studere nokre notat, og lese meir keltisk historie. Mogleg tek vi ein utanlandstur, for å setje oss meir inn i materialet.
 Soga fortel ein god del om «Dei norske
utbygdene», dei mange øysamfunna vest i havet. Vi får rett og slett ein trong for meir utdjuping og læring av kulturformer hjå våre forfedrar, t.d. på Dei britiske øyane. Ei lang linje å finne ut av. Kva er ballasten vi tek med oss?
 Tonematerialet i Noreg i dag er bygt over dur- og mollskalaen. Er der eit skilje mellom vokalmusikken og slåttespelet på hardingfela?
 Svevande tonar, kva er dette, og korleis lyder dei i øyrene våre?
 Alderdommelege tonar, tonar frå mellomalderen, må vel vere heilnorske, men skil dei seg frå dagens tonar? Såleis vil spørsmåla litt om senn dukke opp. Kjem vi t.d. til sagaøya Island, eller den eldre busetnaden på Isle of Man, må vi vere godt førebudde på spørsmål.
 Berre nemner at eg var rimeleg godt inne i Noregssoga, og dei norske kongane. Men kom til kort då ei eldre kvinne på Færøyane vart i prat med meg etter ein konsert, i ei lita bygd der borte. Hjå denne og mange fleire var det som å opne eit leksikon.
 Eller kvinna ved Reykjavik som lokka, og illustrerte skilnaden i lokken på husdyra der, og i ei fjordbygd på Sunnmøre.
 Frå Vestlandet drog dei, mange frå Møre og Romsdal fylke, over havet til Dei britiske øyane. Langt attende i soga les vi om vikingane, seinare om mange som dreiv fiske både ved England, Skottland og dei velkjende øygruppene vest i havet. Frå turane mine til desse øysamfunna, etter mykje lesing om deira folkekultur, fyrst og fremst om språkutviklinga, streifa tankane om musikken. Rett nok var det berre små drypp eg fekk med meg.
 Interessant var det å lytte til ein fjern slektning frå heimbygda mi Ørsta, og namnet er O.M. Sandvik. Han hadde mykje å fortelje om, frå denne delen av Europa. Stikkordet her er keltisk, og dermed måtte kartet over desse landa fram, og vidare synfaring over dei ymse språka i desse landa.
 I same rennet kan nemnast at på andre sida av kanalen, nærare sagt i Nord-Frankrike, Bretagne, jau også der vil vi finne keltisk melodikk, sa den dugande musikkforskaren.
 Irland høyrest mykje spennande ut for oss norske, og fleire forskarar har hatt studieturar dit. Vestan Irland finn ein Hebridane, ein del av det eldre Noregsveldet. Der vest finn vi også øya Barra (Castle Bay), som kunne melde om melodiar frå deira miljø. Der var enkle melodiar, med sine fem tonar, og ein med berre fire tonar. Dermed synsar vi litt og spør oss om vi har melodiar med berre fire tonar. Legg også til at i dette vesle materialet var ingen grunntone som sluttar av melodiar, såleis som vi er kjende med i vår musikk.
 O. M. Sandvik nemner kvantsprang i denne samanhengen. Kva seier dette til deg, og kva føler du sjølv når ein song eller melodi skal slutte?
 Også andre melodiar frå desse øysamnfunna med fleire enn desse enkle, hadde sine spesielle slutt. Nærare gransking fortel oss at melodiane der vest kunne også karakteriserast som enklare enn dei pentatoniske. Dermed må vi dra fram songar som byggjer på primitivt grunnlag:
 Her var mange som vert kalla arbeidarsongar, og då vil eg trekkje fram minne frå mine yngre gutedagar. På fleire arbeidsstader både inne på fabrikken og ute på marka, i skogen eller på fjellet, kunne foreldra mine høyre kvar eg hadde vore. Songar og sullar vart repeterte etter mi evne,  og så kom kommentarane kven som var føredøme og hadde sunge/tralla for vesleguten.
 På vesterhavsøyane dreiv mange med å stampe ullklede, og medan arbeidet gjekk, «kompa» dei arbeidet med å trakke til. Eg berre legg til at her i Ørsta har vi den dag i dag ein veg vi kallar Stampevegen, i sentrum. Bestemor kunne fortelje i mine barneår at ho skulle «oppi/til stampå», og alle var vitande om kva for eit lite bygg dette var. Ein kune berre gå etter songen. Ingen tvil, dei nynna og song når arbeid skulle utførast der.
 Materiale ein har samla inn, syner oss ein god del som er, eller vert kalla penta¬toniske, men vi må leggje til at fleire melodiar faktisk har mindre enn dei fem tonane.
 Kva kan vere opphavet til denne syngjemåten? Lite kontakt med andre folkeslag og kulturar? Forskarar seier det må vere rimeleg, rett og slett å dra lina attende til eit primitivt grunnlag. Enkle, mindre songar, arbeidarsongar, og mest heilt utan forsiringar der oftast det daglege arbeidet, t.d. når dei stampar ullklede, har vore eit godt utgangspunkt. Andre enkle melodiar kan vere utførde under syrgjehøgtid, når ein/ei i den nærate familie har gått bort. Mogleg kunne ein høyre strofer som hadde med naturen å gjere, vind, regn osb.
 
Dreg vi lenger vest, til Hebridane, så har forskarar også der funne verdien av å fange inn folket sitt daglege virke og tonane som lydde mellom innbyggjarane på denne vërharde øygruppa. Faktisk har ein samla inn dei enkle tonane frå denne utposten, som i dag ligg føre både med keltisk og engelsk tekst. Framsynt måtte nedskrivaren vere som under notebiletet hadde med dobbel tekst.
 Fleire bøker er samla med denne musikken, som for dei fleste av oss er ganske fjern. Det pentatoniske draget er i fleirtal av meloditilfanget, men vi finn også melodiar som kan kome under overskrifta Kyrkjetonar.
 Ein kort historikk, oppsummering, av det innsamla materialet frå øygruppene vest i havet, Det eldre Noregsveldet, fortel oss at på Hebridane fann ein sjølve urgrunnen i den keltiske musikken. Få tonar, enkle samansette og med små sprang, eller som ein forskar skreiv: til tider med «friske sprang». Nokre samlingar er også gitt ut og harmoniserte i våre dagar. Tek vi atter ein gong eit blikk på kartet, vil ein sjå den vesle øya Skye, austan hovudøya som også har hatt vitjing av forskarar som for fleire tiår sidan skreiv ned melodiar der, like etter hundreårsskiftet (1911).
 Stor honnør til dei som gav oss eit innblikk frå desse avstengde bygdene og med ein musikkultur som gir oss viten om eldgamle former. Dette øyriket vest i havet seier oss tydeleg at her talar vi om mange øyar og øygrupper.
 Shetland, det eldre namnet meiner eg var Hjaltland, er det nørdste av Storbritannia.
 Vi kjenner også Hebridane, og Orknøyane, og i tillegg kjem den einslege øya Man, som ligg omlag midt mellom Irland og England. Vi kjenner til at på denne øya har nordmenn og keltarar levd saman i fleire hundre år. Nordbuarane hadde sin standplass i nord og folket der borte i Irskesjøen hadde mykje norsk/nordisk blod i årane. Ja, endåtil i seinare år kunne vi sjå tydelege drag, som minner om oss nordbuarar. Ein liten rundtur omkring i dette landskapet fortel om ein norsk namneskikk. Skrivemåte på mange ord fortel dette tydeleg. Kva så med musikken hjå dette kulturfolket?
 Ein har nedskrivingar av musikkspråket som er heile 200 år gammalt, ): frå om lag 1820. «Manz National Songs», «Manz Ballads» og fleire publikasjonar, ymse hefte er utgitt av framifrå kjennarar som hadde fyrstehands kjennskap til deira musikktradisjonar. Fyrste gongen eg gjekk der, tykte eg Noreg-soga kom meg svært nær, – likar å nynne på melodiar når eg går for meg heilt åleine. Skulle eg stemme i med «Gud signe Noregs land» eller med ein framandlands tekst. Valet var lett. Rette skrift å blade i var nok «Journal of the Folk Song Society» av A. Gilchrist, som i 1924 gav ut denne gode publikasjonnen, som for det meste går attende til ypparlege arbeid av John Clague sine nedskrivingar. Clague var ein stor og viktig kjennar av ikkje berre musikken, men hadde heile spekteret av folklore-tradisjonane på Man som sitt arbeidsfelt.
 O.M. Sandvik, den allsidige tonesamlaren frå Ørsta (Ivar Aasen sin fødestad) har systematisert mangt og mykje frå denne delen av Norden også. Han kunne fortelje levande frå og om desse eldre utbygdene våre, og seier m.a. at han tok ei saumfaring av Clague sine melodinedskrivingar. 12  nummer av vel 90 var av pentatonisk opphav, ca. 1/4 av alle kjem under kyrkjetoneartar.
 Ca. 30, eller fleire, har eit nordisk preg eller linje. Endeleg kunne 8 seiast å vere primitive eller berre brotsytykke av denne art. Songar og melodiar som vi kjenner som dur og moll frå vår nordiske karakteristikk, finn ein også. I tillegg har vi melodiar som vandrar, går over frå dur til moll.
 Denne «a scandinavian flavour» som går frå G-dur til c-moll og sluttar på 6. trin i durtonen, må reknast som eit pentatonisk drag. I fleire av desse melodiane frå dette kulturområdet finn ein sprang som ikkje er vanlege hjå oss nordmenn. Alle skulle vite kva ein leietone (ledetone) er, og kva vi legg i denne. Korleis er leietonen i ein ganske enkel song, som du syng mest dagleg? Endar melodiane våre på ein septim eller ein sekst?
 Kva med overgangen frå sluttonen og vidare over til neste vers? Her gøymer seg mange spørsmål, som granskarane skal få som oppgåve å skildre for oss.
 
Shetland kom for alvor inn i samtalar under 2. verdskrigen. Mange norske kunne med tyngd snakke om denne øygruppa som eit fridommens land. Ei mengd småbåtar drog frå vestlandsbygdene, og over eit fårefullt havstykke, før dei kunne gå i land på ei av desse øyane, og dermed nyte eit djupare drag i kvardagen sin. Denne øygruppa som er mykje omtala i Noregssoga, er ei av dei eldre norske nybygdene i vesterhavet.
 Gløymer ikkje fyrste gongen eg var der, og kunne ta med meg mange element som synte oss at nettopp norske forfedrar hadde vore der før. Fleire norske ord som eg uttalte, var godt kjende hjå litt eldre personar, dermed kom tanken, kva med musikken? Ville eg finne interessante drag der? I leikarringar har desse reelane vore kjende lenge, og så streifa ein inn på tanken om desse rytmene kom frå denne øygruppa ute i havet.
 Eit anna spørsmål melde seg sjølvsagt for oss som spankulerte der i det vesle øysamfunnet. Eitt og anna måtte vel vere skrive? Den finske forskaren Otto Andersson hadde vore der i mellomkrigstida (1934) og nokre opplysningar kunne han melde om.
 Det eldgamle instrumentet giga eller «gue», som dei sa der, var nok i eldste laget i dag, men spreidde notat måtte vel finnast? O. Andersson nedteikna fleire slåttar og marsjar (for fele) som vart brukte i bryllaup, i tillegg til nokre viser. Desse tekstane er gode prov for dei som ser nærare på språket, for nettopp i desse visene vil vi finne eit mål med mykje blanding.
 Notatane mine seier at av dei 11 nummer som er nedskrivne, kan 9 av slåttane tilhøyre vårt eige, norske musikk-språk. To, mogleg tre, er prega av den keltiske tradisjonen, tonalt sett. Her kan leggjast til at under bryllaup var songen ofte i front, der norsk og nordisk var dominerande.
 Konklusjonen i dette tilfelle seier at musikken der ute i havgapet må ha røter i den norske folketonen. Vidare dokumentasjon vil vere ei oppgåve for musikkforskarane våre.
 Orknøyane, eller Orkney, som også vert sagt, er øygruppa like nord for Skottland. Fyrste gong eg kom til desse øyane der vest i havet, landa flyet der. Ei underleg kjensle av å gange der i gammalt norsk land. Bilete og teikningar frå den norrøne saga vart med eitt røyndom. Heilt frå unge år hadde hugen og tankane mine krinsa kring desse historiske stadene, om ein gong måtte eg kome meg nettopp dit. Minnest ei vakker teikning av ei eldre kvinne som sat der borte på ei av øyane og funderte: Kva heitte ho og kva slag tankar sveiv i hugen til denne framståande kvinna? No skulle eg vel ha ei gylden tid, og finne svar på dei mange spørsmåla som hadde lege i undermedvitet lenge, men som enno mangla svar (sjå Noregssoga).
 Kongane fekk mang ein gong grundige repetisjonar, og namna sat ganske godt utetter til 1263, då Noregsveldet tok slutt. Så måtte musikksoga på nytt gjennomgå med fleire streif, og spørsmålet som sjølvsagt melde seg, var og vart:
 På desse Orknøyane måtte vel finnast musikkformer som enno fengde ein nordmann?!
 Musikksoge var ikkje så mykje å finne. «Folk Song Society» hadde lite omtale av musikkaktivitetar frå denne øygruppa. Mogleg har ein del stoff kome saman med nedskrivingar som stamma frå Skottland. Namn på kongar kom atter ein gong fram, og jarlar, som også er ein viktig del av soga til øyfolket.
 Ei musikkhistorie av stor interesse er ei hymne til Magnus Orknøy-jarl. Notatane mine seier at O. Kolsrud i 1911 fann denne i Uppsalabiblioteket. Ein kan dermed spørje, kvifor der og ikkje heime i Noreg.
 Dette er ein klostersong frå 13. hundreåret som går i parallelle tonesprang og vert rekna som den eldste to-stemmige musikksats frå Norden. Stort meir var visstnok ikke å finne der. Sjå note-utskrift.
 Berre nemner at eg spurde organisten i den gamle, ærverdige Magnus-katedralen i Kirkvall og etterlyste denne hymna, men svaret var negativt (for gammalt).
 I 1885 kom ei bok med namnet «Ancient Orknøy melodies». Denne boka av David Balfour (ein oberst) gir oss mogleg mestedelen eller alt av musikken som kan daterast attende til eldre musikk med røter frå Orknøyane. Nærare granskingar både i norsk og britisk kringkasting kan fortelje at viktigaste melodifanget som desse kulturinstitusjonane rådde over, var henta frå Balfour sine samlingar, heilt eller delvis. Melodiane sitt opphav er mykje likt med tonesamlingar frå vårt eige miljø her ute ved kysten.
 I lange og mørke vinterkveldar vart mykje sunge til det daglege arbeidet.
 Parallelt mellom øyfolket og formødrene her vest, les vi om kvinnene som sydde, spøta (strikka) og sat ved rokken og spann. Eg måtte studere den vesle rokken i ein heim der borte, og likskapen var ganske såleis som heime i gamle-landet. Kulturformene er svært like. Ved fleire høve fekk eg forteljingar, og livlege skildringar, der kveldane hadde eit kulturelt innhald.
 Mange nytta songstemma si flittig og forteljargleda var stor. Eldre segner fanga stor interesse, der borte i øyriket, på same vis som ein kjenner det her på Vestlandet. Ei og anna lita fløyte var å høyre også, og ymse bøker med interessant innhald fekk god plass.
 Vi tek med ei av desse: «To Orknøy these dying echoes of old melodies are inscribed a loving son.»
 Fleire eldre melodiar kom fram når personar var samla, nynna og song. Teksta var i mange høve enkel, kunne ein mann fortelje, og dermed måtte nye tekststrofer fram i dagen. På ein song er dette nedskrive:
 Vain is my sighing,
 vain is my woe,
 low in the grave he lies -
 Elorelo.»
 
Etter notatane mine er enkelt tonefylgje (akk.) sett til av den tidlegare nemnde David Balfour, som var meister for det absolutt meste av eldre melodifang frå Orknøy-musikken. Her kan ein finne melodiar heilt attende til ca. 1830. Soga seier at han hadde nytta kjelder som i alle fall var 90 år gamle. Nærare gammal tid skulle såleis vere vanskeleg å finne i levande live.
 Mennene vert sjeldan gløymde, ikkje i denne samanhengen heller. Dei hadde sine viktige arbeidsoppgåver. Sko skulle lappast, hesteselar måtte reparerast og i naustet var ei mengd fiskeutstyr som trong vedlikehald. Der sat karane og utførde viktige arbeidsoppgåver med eige tonefylgje som eit kjært og viktig «komp». Eit notat seier at både kvinner og menn frå bygda (nærmiljøet) samla seg i ei stove, fyrde på peisen, og samlast såleis i eit sosialt miljø til felles hyggje. Samtalar kom snøgt på bane, og emna vart livleg debatterte, der segner og ymse soger frå eldre tider fekk føter å gå på.
 Også det underjordiske kom på bane. Vi reknar også at ei og anna enkel fløyte kunne lyde i slike lette samankomstar. Eg måtte berre slå fast at fløyter av det eldre slaget ikkje var å finne.
 Mi store, viktige kjelde, O. M. Sandvik, fortel vidare det som eg var mindre kjend med, at Balfour sine nedskrivingar hadde høg leietone. Dette med høg-tone kontra låg-tone ville gi oss ein annan dåm på musikken.
 Opphavet til melodiar frå Orknøyane som er samla frå eldre tider, må musikkgranskarar fortelje meir om. Dei nedteikningane eg har sett, fortel at mange har pentatonisk preg, eit par er heilt pentatoniske. I tillegg kjem kyrkjetonen inn med fleire, og ein god del kan kallast «nordiske».
 Analyse seier også at innan kyrkjetone-melodiane finn ein melodipreg som kan minne oss om eit drag av nordisk element.
 Kva så med vårt norske (nordiske) språk og det meir «britiske» område sine formuleringar? Vi har på fleire vis ein fellesskap på begge sider av Nordsjøen. Her kan det pentatone tonespråket vere ein fellesskap. Vidare er det gregorianske eit viktig tema å røkje nærare etter.
 Kva så med skalaformene, som også vil fortelje oss ein god del når denne delen av den eldre musikken skal kartleggjast på øyane i vest?
 Rein pentatonikk her i Noreg finn ein heller lite til, men forskarane nemner delvis større mengder melodiar som har eit pentatonisk preg i kyrkjetonane. Nærast desse døma vil vi finne i avstengde bygder i Setesdal her hjå oss, i dei kjende steva. Tankar kjem på nytt fram. Fleire norske vandra over sjøen, både til Skottland og desse øyane som ligg like ved, med direkte prov på at det eldre, norske melodifanget, og overføring av den kulturskatten til dei nye folkegruppene i vest har vi nok ikkje fullgodt oversyn over. Likevel er det nok klårt at melodistrofer herifrå sette sitt preg på øyfolket. Kringom i verda har vi som kjent mange døme på at samrøde har vorte overførde til nye, og andre, folkegrupper.
 Då vi var unge, hadde vi ei stor interesse for vikingtida og fedrane til desse forfedrane våre. I denne samanhengen stod Skottland sentralt. I dag kan vi m.a. lese om dei høgskotske melodiane som har ei pentatonisk linje i si utforming. «Opp-ned, opp-ned» seier O. M. Sandvik, som vidare går over til andre toneartar, og nærmar seg dur/moll også.
 At norske tok med seg sitt tonespråk til vesterhavsøyane, er ein ganske sikre på, men når to frontar møtte kvarandre, manglar vi nok heilt sikre prov innan den musi¬kalske utfaldinga. Kva så med det daglegdagse språket? Truleg har musikken og tale¬språket utvikla seg nokolunde i same tempo? Vi talar om det urnordiske, over til gammalnorsk, språk og musikk sine utviklingar har truleg gått stegvis.
 Forskarar kan fortelje at forfedrane våre kom i kontakt både med ein primitiv og ein høgt utvikla musikk. Kyrkja som etter kvart fekk betre og betre fotfeste nordvestover i Europa, sette preget sitt på folket, og dermed musikken. Her må nok Irland nemnast særskilt, og prestane spesielt. Vi har høyrt og lese om Olavsdyrkinga i Norden, som også var godt kjend på Dei britiske øyane. Frå den perioden kom mykje interessant musikkstoff utover til folket, og vi fekk ein kultur som sette sitt preg på livsstilen hjå forfedrane våre.
 Vil ein få betre kjennskap til musikken si utvikling i vesterhavet, må kyrkja sin liturgi saumfarast nærare. Kyrkjemusikken og arbeidet særleg hjå prestar i Irland finst det fleire døme på.
 Vi hadde ei bryting, og nyvinning, kring år 1000 då kristendommen gjorde inn¬toget sitt på Dei britiske øyane, og hjå nordmennene. Musikkstilen, den engelske, smitta ganske sikkert over til oss her oppe i nord. Skal vi studere eldre former av vår eigen musikk, må vi stikke ned i musikken i Storbritannia og Irland for å få det heile oversynet i dei to musikkområda. Eit notat seier: «Melismene er umåteleg utbreidt i irske melodier, mens de synes mindre virksomme i skotsk-engelsk, og annen gælisk musikk.»
 Melismer har vi ein god del av både i salmar frå Nordmøre og i Kingo-tona, som vi veit Lindeman teikna ned i Valdres (1848) og andre stader.
 I denne samanhengen må eg ta fram fyrste gong sekkepipemusikken lydde godt og kraftig på nært hald. Der var melismer i den musikken, og det gjekk ei god stund før eg dermed kunne dra parallellar til andre musikkframføringar.
 Etter turar til Vesterhavsøyane, og fleire år med lesing frå denne delen av og omkring vår eldre kultur frå vi var unge, kjem mange spørsmål fram. Kva slag spor innan musikken fekk vi derfrå? Sette norske vikingar merkespor etter seg i dette Noregsveldet, som ein kan dokumentere i ettertid? Dette må nok i fyrste rekke granskast på Orknøyane og mogleg på Isle of Man.
 Langeleik_500x88.jpgSoga frå andre statar fortel oss om kyrkja sin påverknad til folket si utfalding. Magnus-katedralen med sin musikk har sikkert påverka utover. Sambandet mellom denne og musikken i Nidarosdomen skulle difor vere eit interessant tema å forske på for utviklinga, gjennom fleire hundre år. Olsok-musikken med sin stil skulle vere kjend.
 Pentatonisk musikk var kjent både her heime og på øyane vest i havet. Denne musikkstilen både hjå norske og britisk utøvarar gjekk nok attende ein del kring år 1000. Både keltarane og nordbuarane fekk elles ein del påverknad frå andre i Europa.
 Kan vi snakke om instrument i denne tida?
 Ganske sikkert, og her kjem nok luren inn som eit sikkert døme. Vi har fleire døme på at luren vart brukt med sine markante signal både på land og sjø. Mogleg kan ein slå fast at nettopp dette blåseinstrumentet har vore tonebrøytar og ført til meir bruk av dur-tonalitet.
 Under fyrste turen min mellom Wales og Irland stilte eg spørsmålet kring markerte skilje mellom nordiske og melodiar på Dei britiske øyane. Svaret var: Melismer er godt forankra i irske melodiar, mindre i engelsk/skotsk tonekunst, og gælisk musikk. Her heime finn vi mange døme i «Kingo-tona» (Valdres 1848), og i salmetonar på Nordmøre og litt vidare.
 Tek du fram eit historisk kart over Noreg og øyane vester landet vårt, vil du finne øyane frå sagaøya til Skottland (nord) / Storritannia. Ei fin oppgåve for oss alle.
 
Soga våre seier at den fyrste/eldste melodi, to-stemmig, frå Norden, er denne hymna med sine parallelle tonar heile vegen. (På ein av turane mine til Vesterhavsøyane stilte eg spørsmål til organisten i Magnus-katedralen, Kirkvall, om det skulle finnast notar der, i denne store domen. Svaret var negativt.)
 Orknøyjarlen Magnus leid martyrdauden i 1116, og etterpå vart dette mektige byggverket reist. Nest etter Nidarosdomen var dette kulturbygget høgdepunktet på øyane vest i havet. Like ved katedralen låg bispegarden der Håkon Håkonsson døydde i 1263 (16. desember), og det vide Noregsveldet tok til å rakne.
 Håkonsson tapte slaget i Largs.
 Ei setning seier m.a.: «Midt i vikingvegen låg Orknøyane», som saman med Hjaltland (Shetland) var viktige norske landsdelar i fleire hundre år. Ting talar for at folk på øyane der borte framleis kjenner meir tilknyting til Noreg og Norden enn til Storbritannia. Studer flagget til øyfolket – ganske likt det norske?!