Kappleiksføresegner for Møre og Romsdal Folkemusikklag

Kappleiksføresegner for Møre og Romsdal Folkemusikklag

Desse, og vedtektene, er vedtektene av årsmøtet 18. februar 2006 (med små endringar frå 28/3 1998).
 
1. Føremål
Møre og Romsdal Folkemusikklag skal arbeide for å fremje interessa for folkemusikk og folkedans. Laget skal dyrke og ta vare på dei lokale tradisjonane i spel, vokal folkemusikk og dans.
 
2. Kappleikane
a)Tilskipar av Fylkeskappleiken skal vere eit medlemslag i Møre og Romsdal Folkemusikklag. Tilskiparlaget skal vere tilslutta Landslaget for Spelemenn.
b) Fylkeskappleiken skal skipast til årleg og vert delt på fogderia, slik at Sunnmøre skipar til to gonger medan Romsdal og Nordmøre skipar til ein gong kvar.
 
Føremålet med tevlinga er:
1. å gjere songen, musikken og dansen betre kjend.
2. å lage ein møtestad for både aktive og passive vener av norsk folkemusikk, -song og -dans.
3. å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine, og å styrke dei lokale tradisjonane i Møre og Romsdal.
 
3. Tevlingsnummer på kappleik
Kappleikssystemet omfattar tevling i følgjande klassar:
1) Spel på fele, solo, gruppe og lagspel.
2) Spel på hardingfele, solo, gruppe- og lagspel.
3) Spel på trekkspel, solo, gruppe- og lagspel.
4) Spel på toradar, solo, gruppe- og lagspel.
5) Andre eldre folkemusikkinstrument, solo, gruppe- og lagspel.
6) Dans, solo, par- og gruppe.
7) Vokal, solo og gruppe.
8) Open klasse.
9) Nyskaping, instrument eller vokal.
10) Gjesteklasse - for deltakarar ikkje heimehøyrande i Møre og Romsdal.
11) For å unngå mange klasser med ein eller to deltakarar, kan kappleiksarrangøren, i samråd med styret i MRFL, slå saman klassar innanfor solo, gruppe- og lagspel dersom det er lite påmelding.
 
Tevlingsnummer i spel er den eldste tradisjonsmusikken innan kvart distrikt. Tevlingsnummer i spel ,/komp er dei eldste formene for gammaldansmusikk det er tradisjon for i kvart distrikt.
I song gjeld die eldest songtradisjonane for kvart distrikt.
I dans gjeld dei danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt.
I spel deltek utøvarar med to melodiar.
Utøvarane skal leggje vekt på å syne rikdommen i meloditilfanget, og bør spele melodiar/slåttar med ulik taktart eller med ulik karakter. Ein kan ikkje nytte notar.
I vokal folkemusikk er framføringstida om lag to til seks minutt for å få nokolunde likt samanlikningsgrunnlag. Dersom visa er lang, er det nok med ei. Ein kan ikkje nytte skriftleg hjelpetekst.
I dans krevst det berre ein dans. Frå dei områda som har tradisjon for korte dansar, kan det framførast fleire dansar etter kvarandre. Maksimumstid er fem minutt.
 
4. Klasseinndeling
Deltakarane vert delt inn i følgjande klassar:
Kl.A - for dei som har oppnådd 1. premiegrad to gonger på landskappleik i kl. B.
Kl.C - for deltakarar f.o.m. det året dei fyller 12 år t.o.m. det året dei fyller 18 år.
Rekruttklassa - for deltakarar under 12 år (t.o.m. det året dei fyller 11 år).
Kl.D - for deltakarar over 60 år.
Kl.E - for deltakarar over 70 år.
Kl.B - alle andre.
 
A-klassingar som ikkje har stilt opp på landskappleik dei siste fem åra, kan velje om dei vil delta i kl.A eller B.
Deltakarar over 60 år kan velje om dei vil delta i D-klassen, eller i den klassen dei tidlegare har deltatt i. Når dansarar tevlar i D-klassen, har dei høve til å danse med følgje.
 
Lagspel m/komp, for fele, hardingfele, senior og junior (kl. C og Rekrutt):
Eit lag må minimum stille med fem spelemenn utanom komp. Det er ikkje høve til å delta i same klasse meir enn ein gong med same instrument. Inga aldersgrense i lagspel. I lagspel skal fele/hardingfele vere det berande instrumentet.
 
Gruppespel for senior og junior (kl. C og Rekrutt): Gruppa skal vere samansett av to til fem spelemenn utanom komp. Juniorar kan delta i seniorgruppe. Det er inga aldersgrense for musikalsk leiar i juniorlag og grupper.
 
Open klasse - musikk i folkemusikktradisjon: I denne klassen vert det oppmuntra til tradisjonelle, og i dag lite nytta samspelformer. Det vert opna for utradisjonelle instrumentsamansetjingar.
 
I dans blir paret dømt samla. Deltakarar frå kl. A og B som dansar saman, blir dømde i kl.B. Rett til å danse i kl. A gjeld berre den dansen dansarane fekk 1. premie for i kl.B.
Dersom dansarane i pardans tilhøyrar kvar sin klasse (alder), skal dei begge delta i den høgaste aldersklassen. Alternativt kan den eine dansaren delta med følgje. Ein dansar kan vere følgje berre ein gong.
 
I lagdans skal det vere frå fem til ti par. Ein dansar får danse i lagdans berre ein gong. Dessutan kan dansarane også delta ein gong i lagdans, i lausdans.
Juniorar kan i tillegg delta i lagdans junior.
 
Nyskaping:
Her presenterer utøvarane nye tonar i tradisjonell folkemusikkstil. Utøvarane skal delta med eitt musikalsk nummer.
 
5. Utøvarane
Alle deltakarar må ha gyldig medlemskap i LfS.
Lag som deltek i lagspel/gruppespel, må vere medlemslag i LfS.
Utøvarane godtek så vel desse føresegnene, vilkåra for dømming samt dommarane sin dom når dei deltek på kappleik.
Deltakarane betaler same deltakaravgift anten dei deltek i lagdans eller individuell tevling.
Heidersmedlemmene betaler ikkje deltakaravgift når dei deltek på kappleik.
 
6. Dømming/premiering
Kvar tevlingsgrein blir dømd av ei domsnemnd på minst tre medlemmer.
I lag- og gruppespel skal det vere ein fjerde dommar for å dømme kompet. Denne skal vere rådgjevande i høve til dommarkollegiet.
Premieliste blir sett opp med poeng, premiegradene 1., 2. og 3. premie går ut. LfS sine dommarskjema skal nyttast.
Deltakarane i kl. B og C skal ha ei skriftleg vurdering av prestasjonane på eldre folkemusikkinstrument og i lagspel.
Minst 1/3 av deltakarane i kvar klasse skal ha premie.
I rekruttklasse skal alle deltakarane ha premie. I andre klassar skal klassevinnarar motta premie utan omsyn til premiegrad. Tilskiparane vurderer verdien av premiane i høve til betalt deltakaravgift. I pardans betaler t.d. begge dansarane deltakaravgift. Dansarane skal motta kvar sin premie. Alle deltakarar skal ha deltakarpremie.
 
7.Dommarane
Det skal stillast strenge krav til utveljing av dommarar, slik at prestasjonane på kappleiken kan dømmast så sakkunnig som råd.
Dommarkollegiet samla skal först og främst ha kjennskap ti alle tradisjonar innan fylka. Så langt som råd er, skal dommarkollegiet også ha kjennskap til tradisjonar i tilgrensande fylke.
Dommarkollegiet skal vere samansett av tre dommarar, pluss ein reservedommar. Dommarane bør kome frå kvart av dei tre fogderia.
Det skal vere eitt dommarkollegium som dømmer dans, og eit som dømmer instrumental og vokal.
Å vere dommar på kappleik er eit tillitsverv. Dommarane har ikkje rett på økonomisk godtgjersle. Reise- og opphaldsutgifter blir dekte etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar i LfS.
Dommarkollegiet er suverent i høve til tilskipar når det gjeld arbeidsmetode og den tid dei treng. Alle dommarar på kappleiken skal førehandsgodkjennast av styret i Møre og Romsdal Folkemusikklag. Dommarar i instrumental og vokal kan ikkje delta som utøvarar i instrumental(vokal på kappleiken. Dommarane i dans kan heller ikkje delta som utøvarar i dans på kappleiken.
 
8. Stemneansvar
Tilskiparlaget har ansvar for å leggje tilhøva til rette slik at både den musikalske og tekniske gjennomføringa av kappleiken vert sikra på best mogleg måte.
Tilskipar må sørgje for passande øvingsrom til deltakarane. Tilskipar må også kunne tilby former for overnatting og servering.
Tilskiparlaget må innan 01.01. i kappleiksåret melde frå til Møre og Romsdal Folkemusikklag om tid og stad for kappleiken. Møre og Romsdal Folkemusikklag har ansvar for å melde dette vidare til LfS innan 31.01. s.å., slik at Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal kjem med på Terminliste for kappleikar i Spelemannsbladet.
Tilskiparlaget betaler kappleiksavgift til LfS.