17505116_1228721510556848_7466535909857640977_o

Invitasjon til folkemusikkprosjekt: - DILL DALL -

Vestnes Kulturskule/Kulturskulane i Romsdal og Jorun Marie Kvernberg inviterer strykarar frå ungdomsskulealder og oppover til å vere med på eit folkemusikkprosjekt.

Kven: strykarar (fele, bratsj, cello, kontrabass)
Alder: Ungdomsskule og oppover. Tek også imot vaksne støttespelarar, særleg velkome på bratsj, cello og kontrabass!
Når: 10. og 11. mars, 16. og 17. august. (Må kunne alle dagane for å vere med)
Pris: 350 for mars-seminaret + ev. utgifter til reise og overnatting. Mat vil i hovudsak bli dekt. (Augustseminar er gratis).
 
Vestnes Kulturskule/Kulturskulane i Romsdal og Jorun Marie Kvernberg inviterer strykarar frå ungdomsskulealder og oppover til å vere med på eit folkemusikkprosjekt. Det blir øving i Vestnes 10. og 11. mars, i Fræna 16. august og konsert Fræna 17. august. Prosjektet er ein kombinasjon av kulturskulane i Romsdal sitt årlege strykeseminar (Romsdalsstrykerne), og Jorun Marie Kvernberg sin serie med folkemusikkprosjekt. Dette prosjektet tek utgangspunkt i folkemusikken frå Fræna, og Kvernberg arrangerar spesielt for ungdomsorkesteret. Det heile skal inngå i ein konsert under Klangfestivalen i Vågøy 17. august. I tillegg til prosjektet sitt program (ca 20 min lengde) vil konserten innehalde solo og samspel med Jorun Marie Kvernberg, Dag Filip Roaldsnes og Karl Seglem. Sistnevnte skal i tillegg presentere eit anna folkemusikkprosjekt med lokale blåsarar.
 
Eit samarbeid mellom:
Jorun Marie Kvernberg
Klangfestivalen
Fræna Kulturskule
Vestnes Kulturskule
«Romsdalsstrykerne» (= alle kulturskulane i Romsdal)
 
 

«Dill dall, dill dall, song dei uti Bua-garå når dei banka ball ball»...

 

 

Invitasjon - finn du her.

Påmelding - finn du her.