#MORO - lite

Fylkeslag til Landsfestivalen 2023

Vil du spele og danse med oss?

Det er for mange spelemannslag og danselag vanskeleg å stille eige lag på kappleikar utanfor fylket. Folkemusikklaget og Folkemusikkarkivet ynskjer å samle spelemenn og dansarar til å stille i lagspel og lagdans under Landsfestivalen i Førde. Landsfestivalen er i perioden 2.-6. august og har fokus på runddans og runddansmusikk.

 

#MORO står for MØRE OG ROMSDAL FOLKEMUSIKLAG. Hensikta med laget er å:

1. Tilby samspel /lagdans i tevlingar der våre lokale spelemannslag ikkje deltek

2. Syne fram folkemusikktradisjon frå Møre og Romsdal i tevlingar der våre lokale spelemannslag ikkje deltek

3. Bygge folkemusikknettverk i fylket der folk blir kjent på tvers av lagstilhøyrigheit

4. Vere eit tilbod til alle medlemmar, det er inga opptaksprøve for å vere med. 

 

Britt Elise Skram er musikalsk leiar for spelemannslaget som øver desse datoane: 

21. mai kl. 15.30-17.00 

11. juni kl.11.00-14.00

6.juli kl.18.00-20.30  

19. juli kl.16.00-19.00 

 

Dei som ynskjer å delta bør møte på minimum to av desse øvingane.

Informasjon om kven som leiar danselaget og datoar for øvingane kjem vi tilbake til.

Kvar øvingane vert i fylket bestemmer vi når vi ser kven som vert påmeldte. 

 

Prisen for å delta: 200 kr per person. 

Då får du øvingane og gjennomgangsbillett på Landsfestivalen i Førde.

 

Send påmelding til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 12. april. Grunna svært stor interesse i fjor, har vi i år begrensa plassar (30 stk.) - fyrstemann til mølla.