Nordmøre Spellmannslag_1000x664_cropped_722x567

FYLKESKAPPLEIK I SURNADAL 9.-10. APRIL 2016

Velkommen

Nordmøre Spellmannslag vil ønske alle spellmenn og kvinner velkomne til Fylkeskappleik for Møre og Romsdal i Surnadal 9. og 10. april.

Denne gongen er turen igjen kome til Nordmøre Spellmannslag når det gjeld å arrangere Fylkeskappleiken. Denne vil, som i 2012, gå av stabelen i Surnadal, nærare bestemt på Kulturhuset i Surnadal og Vårsøg hotell. Kappeliken vil bli etter same lesten som for fire år sidan, og vi meiner å ha godt eigna lokale for gjennomføringa av denne tilskipinga.

Påmeldinga må de gjerne gjere gjennom FolkOrg sine kanalar, her vil det koma opp ein link der de kan både melde på og betale. Overnatting tingar de sjølve på hotellet, eller på tilstøytande campingplass. Hotellet veit om dykk, og står klar til å gjere sitt beste for at de skal få ei fin helg. Vi vil og sende ut ein skriftleg påminning pr post til dei kjende laga, men vi må be dykk i dei ulike kretsane å gjere folk de veit om er aktuelle deltakarar eller gjestar om å gjere desse merksam på tid og stad for kappleiken.

Programmet vil vere av tradisjonell karakter, der det blir tevling utover ettermiddagen laurdag, med start kl 13.00. Vi reknar og med å ta nokre klassar på søndag før det blir premiutdeling ikkje alt for seint på dagen.  Vi vil elles særskild nemne Kulturkvelden, som i år vil by på noko av det ypperste innan folkemusikken i Møre og Romsdal. Her vil forutan Nordmøre Spellmannslag  dei beste folkemusikkutøvarane i heile fylket delta. Dette i samband med presentasjon av ei CD-plate utgjeve av Folkemusikkarkivet i Volda. Her vil utøvarar som Ingunn Linge Valldal, Britt Elise Skram, Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp m.fl. delta. Konserten vil og innehalde dans, så her er det ein unik sjanse til å oppleve kremen av fylket sine folkemusikkutøvarar på eitt brett.

Så difor, ta turen til Surnadal og Fylkeskappleiken 9. og 10. april. Velkomne skal de vere.

 

                                                                                   Nordmøre Spellmannslag