frode

Frode Følling Birkeland (1934 – 2013) til minne

Redaktøren av Folkemusikkbladet, Dagfinn Nupen, har skrive dette minneordet

Han var eit kulturelt kraftsenter.

            Med Frode Følling Birkeland har samfunnet mist ein person som alle skulle kjenne. Frå Rogaland kom han, slo rot i Volda, og kunne derifrå sende mange og allsidige verdiar utover kongeriket. Alle vi som fekk den store gleda å arbeide saman med han, har i årevis fanga inn ei mengd verdiar som er forankra i vårt indre.

            Frode, mannen som viste oss vegen gjennom "fjell og dalar", hadde den medfødde evna til å samle og styrkje oss i arbeidet vårt.

Ordensmann framfor nokon, med ein innebygd sans for systematisk arbeid i det daglige livet.

            Kulturpersonen som i årevis såg både verdien av, og gleda, som uendeleg mange voks  på under hans leiing. Innan det lokale kulturfeltet kjenner eit utal av unge og aldrande Frode som sjølve ankermannen som lyfta opp den rike folkemusikken vår. Folkemusikken vart for mange grunnmuren, som låg i botnen for vidare utfalding gjennom fleire aktivitetar.

            Frode hadde berre vener, og dette spegla seg av i veremåten hans. Alltid jordnær, snakka og drøfta alltid i einstroken oktav i styrke, sakleg og grundig gjennomtenkt, som vi andre ovundra han for. Pennen til Frode var rett og slett særdeles med stjerne, red. av Folkemusikkbladet fekk dusinvis av tilbakemeldingar nettopp i den samanhengen.

            Stilte du eit spørsmål, var svaret klart! Frode Følling Birkeland slapp du å spørje to gonger. Nokre av oss vil gjerne ha ei påminning når noko skal skrivast/ordnast. For Frode var dette eit heilt ukjent omgrep. Han fekk ei oppgåve, og løyste denne utan å verte minna om kva som skulle gjerast. Pertentleg! Ein lovnad, liten eller stor, skulle utførast! I tillegg fekk vi sjølve ein tanke å tenkje på.

            Voldasamfunnet var heldig, same kan seiast om mange kringom i fylket vårt.

            I dag, som før, og i morgon, er lag, organisasjonar, kommunar og kongeriket vidare, på jakt etter dei gode, solide medarbeidarane, dei som kan - og har talent for skapande verksemd.

            I Frode F.B. fekk vi uendeleg mykje på fleire felt. Alle som har vore innom Høgskulen i Volda, og teke seg ein tur til biblioteket, vil sanne dette. Der råder orden og ei systematisk oppbygging av verdiar som alle må lovprise. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal fekk plass der på høgskulen. Jostein Fet bygde opp dette til eit mønsterbruk og Frode tok over, og førde arven i same leia.

            Ei eller anna tilskiping, samling av lokalmusikk, framføring av musikk, anten i ord eller tonar - Frode ordna dette også!

            Var vi i beit for tema når folkemusikken skulle nå nye objekt, ja så var ein tur til arkivet 1. prioritet. Resultatet positivt!

            Frode var elles som leiar i prosjektgruppa den som søkte om tilskot, skipa kurs etc.

            I tillegg til sjølve musikkframføringa har det meir og meir i dagens arbeid vorte retta søkeljoset på handverkarane. Dei som skulle byggje instrumenta, i dette tilfelle felene. Frode las og studerte, noterte i fleng, og samla desse mellom to permar. Boka kom som ei kjær oppkome, til glede for alle + stadig nye musikantar.

            I lag og i ettertid spirer mangt og mykje etter denne personen som no er borte. Ein saknad sår for familie, slekt, arbeidsvener og langt vidare i mange miljø.

 

Volda kyrkje var full til siste plass under den gripande syrgjehøgtida. Ord og musikk, vakre blomehelsingar gjorde sterke inntrykk på den store samlinga.

            Veneflokken tok endeleg avskil på turisthotellet etterpå, ei minneverdig høgtidsstund, leia av broren Narve Birkeland.

            Frode gav oss så uendeleg mykje verdfullt og lyfta landet vårt inn i framtida.

            Du planta grunntonen i sinna våre.

            Grunntankane dine du planta i oss, skal vi etter evne ta vare på og spreie dei vidare til komande generasjonar. Du sådde mangt eit frø inn i oss, denne naturens urkraft vil i ettertid spire, bløme over land og rike.

            Signa vere dei gode minna dine!

Dagfinn Nupen