Alle deltakarar på preimieutdeling

Folkemusikkhelg for heile fylket

Over 70 born og unge doltok på Sjokoladekappleiken 2017

Helga 4. og 5. november vart det arrangert tradisjonskurs og Sjokoladekappleik for folkemusikkinteresserte frå heile fylket. 

Alle deltakarar på preimieutdeling

Sjokoladekappleik

Sjokoladekappleiken er eit årvisst arrangement i regi av Møre og Romsdal folkemusikklag i samarbeid med ein lokal arrangør. Søndag var UL Ivar Aasen arrangør for kappleiken som vart halde på Blindheim ungdomsskule. Over 70 born og unge frå heile fylket deltok på den uhøgtidlege tevlinga der alle får premie og munnlege tilbakemeldingar frå eit kyndig dommarpanel. Som tidlegare var premien til kvart deltakar ei stor sjokoladeplate som vart delt ut under ein felles seremoni til slutt. Under Sjokoladekappleiken får ungane trening i å opptre og dei får sjå og blir kjent med andre unge som også driv med folkemusikk. Under Sjokoladekappleiken kan ungar delta med spel, song eller dans, men då i folkemusikktradisjon. Ungane har på førehand fått opplæring i tradisjonen av ein lærar eller på kurs. I år deltok det ungar frå mellom anna Ålesund, Hellesylt, Sykkylven, Haram, Valldal, Vestnes og Molde. 

Tradisjonskurs

Laurdagen var mange av ungane også på kurs arrangert av folkemusikklaget. Då var det kurs i felespel, hardingfele, song, dans og toradar. I alt 60 deltakarar i alderen 3 til 70 fikk kyndig veiledning av instruktørane som er blant dei fremste utøverane i fylket og jamvel i landet.  Tradisjonskurs og kappleik blir kvart år arrangert første helga i november. Hensikta med denne folkemusikkhelga er å skape ein samlingsplass for miljøet og inspirere til vidare arbeid med folkemusikktradisjonen både blant born og vaksne. 

5 på Sjokoladekappleik: 

C_hristian G-rønnmyr

Namn: Christian Pitari Grønnmyr
Alder:  10 år
Klasse: 5. klasse
Bustad:  Larsgården, Ålesund
Lagstilhøyrigheit: UL Ivar Aasen /"Futt og Fart"
Aktivitet: Eg speler fargefele og dansar halling. 
Kor lenge har du drive med folkemusikk: Eg har spela fele i 2,5 år. Eg øver ofte heime, nesten kvar dag. Eg øver på fela mi og på stua har eg plass til å danse halling.
Kva liker du med folkemusikk: Å spele fiolin og danse. I fjor vart eg nummer 2 i Larsgården talenter på skulen, då spelte eg fele. 
Har du delteke på Sjokoladekappleik før: Ja, i fjor spelte vi også Bli-Med sangen på Sjokoladekappleiken. Seinare tok vi fly til Oslo for å spele den sangen på TV. 
Kva er kjekt med Sjokoladekappleik: Det er kjekt å opptre og så er eg veldig glad i sjokolade.

Tonje

Namn: Tonje Halonen Giske
Alder: 9 år
Klasse: 4. klasse
Bustad: Ellingsøya
Lagstilhøyrigheit: Ålesund spelemannslag
Aktivitet: Tonje dansar og speler på lur
Kor lenge har du drive med folkemusikk: Tonje har vore med og dansa i 2,5 år. Ålesund spelemannslag annonserte etter statistar då Ålesund fikk besøk av Disney cruise og sidan har heile familien vore med. Fordi eg også speler kornett i korpset fikk eg lov til å spele lur. Dette har eg gjort i eit år, seier Tonje. 
Kva liker du med folkemusikk: Eg liker å danse og bevege beina. Eg er glad i å opptre og er også med på teater. Musikken er veldig kul og ein gong høyrte eg ein song som likna på den i Askeladden. 
Har du delteke på Sjokoladekappleik før: Tonje deltek på Sjokoladekappleiken for første gong
Kva er kjekt med Sjokoladekappleik: Det er veldig gøy å stå på scena og eg gler meg til premieutdelinga med sjokolade.
Martine og Maria
Namn: Maria Tvanna Johnsen og Martine Heidi Johnsen
Alder:  9 år, (tvillingar)
Klasse: 4. klasse på Sellanrå skule
Bustad: Molde
Lagstilhøyrigheit: Romsdalsmuseet sin leikarring
Aktivitet: Dansar
Kor lenge har du drive med folkemusikk: Martine har vore med leikarringen i fire år, mens Maria har vore med i tre år.
Kva liker du med folkemusikk: Det er veldig gøy å vere med i leikarringen. Ein får nye vener seier Maria. Vi får leike mykje, til dømes gjemsel og sisten seier Martine. Begge jentene er glade i musikk, og Maria speler også piano.
Har du delteke på Sjokoladekappleik før: Begge har vore med på Sjokoladekappleik tidligare. 
Kva er kjekt med Sjokoladekappleik: I år skal vi vise fram songleikane Karusellen og Snuspolka, samt at vi skal danse ein fire-tur, seier jentene. Vi gler oss til premien, som er ei stor sjokoladeplate til kvar av ungane som deltek.
Tuva Johanne

Namn: Tuva Johanne Rypdal Hovden
Alder: snart 12 år
Klasse: 7. klasse
Bustad: Tresfjord i Vestnes
Lagstilhøyrigheit: Spelemannslaget Dåm og Drag
Aktivitet: eg speler fele
Kor lenge har du drive med folkemusikk: Eg har spela fele sidan 2. klasse
Kva liker du med folkemusikk: Alt er kjekt med folkemusikk. Det er fin musikk og det er morosamt å danse. 
Har du delteke på Sjokoladekappleik før: Dette er fjerde gongen eg er med på Sjokoladekappleik. 
Kva er kjekt med Sjokoladekappleik: Det er veldig kjekt med godteri, men eg liker også veldig godt å stå på scena og opptre for publikum. Det er artig å spele fele. 

Sykkylven
Namn: Laila Nordstrand (13 år), Mary Ann Drabløs (12 år) og Pia Johansen (12 år)
Klasse: Laila går i 8. klasse, og Mary Ann og Pia går i 7. klasse
Bustad: Sykkylven
Lagstilhøyrigheit: Sykkylven ungdomslag
Aktivitet: Alle tre dansar i leikarring
Kor lenge har du drive med folkemusikk: Mary Ann har holdt på i 7 år, Laila i 6 og Pia i 4 år
Kva liker du med folkemusikk: Det er litt gøy å drive med noko anna enn alle andre seier Mary Ann. Andre driv med håndball, fotball eller turn men vi trivs med å danse folkedans. Vi er ein gjeng på 10-15 born og unge som driv med dette i Sykkylven og læraren vår er Anne Britt Hjortdal. 
Har du delteke på Sjokoladekappleik før: Vi har vore med på kappleik fire-fem gonger tidligare.
Kva er kjekt med Sjokoladekappleik: Det er kjekt å stå på scena, men det kan også vere litt skummelt om ein skal danse aleine. Vi gler oss til premien som er sjokolade
Ville du deltatt om premien var gulrot? Ja! kjem det kjapt frå Mary Ann.