Flagg

Folkemusikken og Folkedansen i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen har fått øynene opp for

7. mai 2014 er ein merkedag for folkemusikken og folkedansen i Møre og Romsdal. Da vedtok Fylkeskulturutvalget å nytte 200.000 kroner til Folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal og fylkes-kommunen si rolle.

Klikk her for å sjå kva som har skjedd sidan sist! 4. februar i 2015 skjedde det store ting:

Skal styrke folkemusikk- og folkedansarven i fylket

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i 4.februar å løyve tre millionar kroner til eit prosjekt som har som mål å styrke folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal.

Her er innstillinga som blei vedtatt utan endringar:

Folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal og fylkes-kommunen si rolle. Utgreiingsarbeid.

Bakgrunn
Kultur er eit av fire satsingsområde i Fylkesplan 2013-2016. I handlings-programmet for kultur 2014, sak U-12/14, er det prioritert økonomiske midlar (inntil kr 200 000) til å styrke vernet av den immaterielle kulturarven gjennom kartlegging, kompetanseoverføring og formidling. Med immateriell kulturarv er det tenkt på folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Møre og Romsdal.
I sak U-32/14, kulturtilskot 2014, er det løyvd 265 000 kroner i driftsmidlar og 240 000 kroner i prosjekttilskot til Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal (FA). I samband med prosjekttilskotet er det gitt uttrykk for følgjande forventingar: «Prosjekttilskotet skal m a stimulere til nytenking i høve andre finansierings- og samarbeidspartar for FA og utvikling av FA generelt. Det er vidare ei forventing at FA deltek aktivt også i utviklingsprosessar på området som blir initiert av fylkes-kommune.», vår ref 20727/2014/151.

Vurdering
Fylkeskommunen si rolle er endra og vi skal i større grad vere ein utviklingsaktør enn drivar av ulike tenester. Denne rolleendringa må også få konsekvensar for kulturpolitikken. I høve til folkemusikk- og folkedanstradisjonen betyr det å vurdere i kva grad og korleis fylkeskommunen kan medverke til å utvikle folkemusikk- og folkedansarven i fylket.
Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler kvart år tilskot til ulike kulturføremål i fylket. Ein stor del av dei fylkeskommunale midlane går til å støtte opp om drift i kulturinstitusjonar og organisasjonar, dei resterande blir nytta til prosjekttilskot av ulik karakter. Tilskotsporteføljen er ein viktig del i fylkeskommunen sin kultur-politikk, og det vil vere viktig å få eit bilete av korleis vi nyttar midlane i dag og korleis vi eventuelt kan nytte desse annleis.
Kven skal undervise innan folkemusikk og folkedans i framtida? I dag skjer opp-læringa i regi av ulike institusjonar og organisasjonar, offentlege og private. Kva kjenneteiknar undervisningssituasjonen i Møre og Romsdal i dag innanfor dette feltet? Kven vil vere viktige aktørar i framtida?
Fleire utdanningsinstitusjonar har tatt opp i seg folkemusikken og folkedansen, og Høgskulen i Volda sender sine lærarstudentar på eit studieopphald ved Ole Bull-akademiet på Voss. Her får dei ei innføring i folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Noreg. Åkerfallet (Tingvoll kommune) er folkemusikkgarden etter songaren Magnhild Havdal Almhjell og spelemann Erik Almhjell. Det har i mange år vore arbeidd for å bruke garden som eit utgangspunkt for å skape eit knutepunkt og ein formidlingsstad for folkemusikken på Nordmøre. Eit styrka folkemusikk- og folke-dansmiljø i Møre og Romsdal føreset eit samla tradisjonsmiljø. Kan Åkerfallet utviklast til å vere eit knutepunkt og ein formidlingsstad for folkemusikken for heile Møre og Romsdal? Kan Åkerfallet utviklast til å bli eit godt undervisningsalternativ for studentane ved Høgskulen i Volda?
Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal vart stifta på byrjinga av 1990-talet. Det var fem stiftarar, og Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av desse. I det vidare arbeidet med å avklare fylkeskommunen si rolle i den vidare utviklinga av folke-musikk- og folkedanstradisjonen i fylket, vil det vere viktig å kartlegge situasjonen til arkivet, beskrive dei viktigaste utfordringane og kome med forslag til konkrete tiltak.

Stadig fleire har folkemusikken som leveveg, slik er det også for fleire frå Møre og Romsdal. Folkemusikkutøvarar og folkemusikk som sjanger er i dag langt meir likestilt med andre sjangrar enn nokon gong. Fylkeskommunen si ordning med distriktsmusikarar, Møremusikarordninga, vart etablert tidleg på 1990-talet og har i stor grad vore drive som ei teneste med fokus på undervisning og utøving. I dag er det 9 tilsette fordelt på 450 prosent stillingsressursar. Korleis har Møre og Romsdal fylkeskommune nytta Møremusikarordninga til å støtte opp under vidareutviklinga av folkemusikken? Kan Møremusikarordninga nyttast til å gje unge folkemusikarar ein første introduksjon til og hjelp på vegen til å etablere seg og leve av å vere utøvarar innanfor sjangeren?

Mandat
Med utgangspunkt i fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør:

  • Evaluer fylkeskommunen sin bruk av kulturtilskot til ulike tiltak og organisasjonar mm innanfor folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal.
  • Kva kjenneteiknar undervisningssituasjonen innan folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal i dag? Kven vil vere viktige aktørar i framtida?
  • Vurdere mulegheitene til å vidareutvikle Åkerfallet som tilbod til lærar-studentane ved Høgskulen i Volda.
  • Kartlegg situasjonen til Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, beskrive dei viktigaste utfordringane og forslag til konkrete tiltak for den vidare utviklinga av arkivet.
  • Vurder om Møremusikarordninga kan nyttast til å gje unge folkemusikarar ein introduksjon og hjelp på vegen til å etablere seg og leve av å vere utøvarar innanfor sjangeren.

Prosjektarbeidet skal resultere i ein rapport som seier noko om prinsipp og intensjonar for det vidare arbeidet med folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal.

Organisering
Arbeidet skal organiserast som eit prosjekt, med styringsgruppe, prosjekt-koordinator, prosjektgruppe og arbeidsgrupper.

  • Styringsgruppa: fylkeskultursjefen, prosjektkoordinator og sekretariat i arbeidsgruppene
  • Prosjektkoordinator: assisterande fylkeskultursjef
  • Prosjektgruppe: prosjektkoordinator og sekretariatet i arbeidsgruppene
  • Arbeidsgrupper

Prosjektkoordinator skal halde oversyn over framdrifta i prosjektet og oppdatere fylkeskultursjefen om dette.
Utgreiingsarbeidet vil omfatte ulike innfallsvinklar på korleis fylkeskommunen best mogleg kan utvikle folkemusikk- og folkedansarven og dette miljøet vidare. Det må derfor settast saman ulike arbeidsgrupper som dekker breidda i miljøet. Fylkes-kultursjefen etablerer arbeidsgruppene og held sekretariatet for utgreiingsarbeidet.

Budsjett
Den økonomiske ramma for prosjektet er løyvd i sak U-12/14 «Handlingsprogram for kultur 2014» og er på 200 000 kroner. Desse vil i hovudsak bli nytta slik:

Kr 50 000   Sekretariat 
Kr 50 000   Reiseutgifter mm for prosjektdeltakarane 

Kr 100 000  Kjøp av tenester 

Kr 200 000  Totalt 

Tidsplan
Arbeidet blir utført som ein del av budsjettarbeidet i fylkeskommunen. Førebels innspel blir å vurdere i samband med strategi- og rammesaka i fylkestinget, juni 2015, og utarbeiding av Handlingsprogram for Kultur 2016.

Forslag til vedtak:
1. Kultur- og folkehelseutvalet sluttar seg til fylkesrådmannen si tilråding til inn-retning, innhald og organisering av utgreiingsarbeidet om fylkeskommunen si rolle i høve til folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal.
2. Kultur- og folkehelseutvalet gir utgreiingsarbeidet følgjande mandat:
Med utgangspunkt i fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør:

  • Evaluer fylkeskommunen sin bruk av kulturtilskot til ulike tiltak og organisasjonar mm innanfor folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal.
  • Kva kjenneteiknar undervisningssituasjonen innan folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal i dag? Kven vil vere viktige aktørar i framtida?
  • Vurdere mulegheitene til å vidareutvikle Åkerfallet som tilbod til lærar-studentane ved Høgskulen i Volda.
  • Kartlegg situasjonen til Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, beskrive dei viktigaste utfordringane og forslag til konkrete tiltak for den vidare utviklinga av arkivet.
  • Vurder om Møremusikarordninga kan nyttast til å gje unge folkemusikarar ein introduksjon og hjelp på vegen til å etablere seg og leve av å vere utøvarar innanfor sjangeren.

Prosjektarbeidet skal resultere i ein rapport som seier noko om prinsipp og intensjonar for det vidare arbeidet med folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal.
3. Utgreiinga blir utført som ein del av budsjettarbeidet i fylkeskommunen. Samla rapport og tilråding skal leggast fram for kultur- og folkehelseutvalet innan utgangen av mars 2015.


Ottar Brage Guttelvik
fylkesrådmann

Heidi-Iren Wedlog Olsen
fylkeskultursjef