Digital inspirasjonsstund

Møre og Romsdal folkemusikklag inviterer til digital inspirasjonsstund

241630312_10219833487449158_1098172065821230824_n.jpg

Møre og Romsdal Folkemusikklag har den store gleda av å invitere dykk til 4 ulike digitale inspirasjonsstunder! Det er heilt gratis å delta på kursa, det einaste du må gjere er å sende ein påmeldingsmail til mrfolkemusikklag@gmail.com, der du skriv kva kurs du vil delta på. Du får tilsendt lenke til arrangemenet i forkant av kursa.

 

 

 

KURS 1 « Frå innsamlingsferd til studio», torsdag 30.september kl. 19.00-19.45

 

«Då eg starta med folkemusikk, var det vanleg å oppsøkje spelemennene sjølv for å gjere opptak. Det var mange gamle spelemenn som brått fekk slåttehungrige ungdommar inn på kjøkenet for å ta opp slåttar på lydband», fortel Arild Hoksnes.

Under denne økta vil Arild Hoksnes fortelle om repertoarbygging i folkemusikk, frå innsamlingsopptak med kjelder til eit repertoar som blir brukt ute på dans, i platestudio eller andre media.

 

Arild Hoksnes vart født i Aukra i 1956, men bur i dag i Molde. Han har utdanna seg innan musikk, fransk og historie ved Universitetet i Trondheim. I 2015 tok han master innan organisasjon og ledelse, der han spesialiserte seg på motivasjon. I 1981 fekk han spelemannsprisen saman med gruppa «Hørkelgaddan» for «Tøffelmusikk». Han har også vore tilsett som musikkmedarbeidar i NRK Trøndelag og jobba for NRK Radios Musikkavdeling.

 

 

 

KURS 2 «Tips og triks til arrangering av folkemusikk», torsdag 21.oktober kl. 19.00-19.45

 

Trenger du litt hjelp til arrangering av folkemusikk, eller føler behovet for litt ny inspirasjon? I dette kurset vil Øystein Sandbukt fortelle om korleis han arbeider med dei forskjellige besetningane og kva metodar og verktøy han nyttar til arrangering. Øystein vil også lage eit spontan-arrangement i løpet av økta, der han vil demonstrere litt av metodikken han brukar. 

 

Øystein Sandbukt har ein master i tradisjonskunst/folkemusikk frå Rauland 2005. Han har gitt ut to eigne album, «NORMØR» (2011) og «April»(2021), i tillegg til å ha

produsert og medverka på Gro Kjelleberg Solli sitt album «Stien eg fann»(2018), samt ei rekkje andre album (Sturla Eide, Laila Yrvum, Onkel Folke, Fjord og Fjell, Marja Mortensson, Arild Hoksnes osv.) Øystein har også arrangert ein del slåttar for diverse lag og grupper.

 

 

KURS 3 «Songkurs med Anne Sofie L. Valdal», torsdag 28.oktober kl. 19.00-19.45

 

Dette kurset er eit uformelt møte med lokal folkemusikk der utgangspunktet er utdrag

frå Jøsvoldsamlinga i Stordal, men der vil også vere snuttar frå andre kantar.

Hovudfokuset er å oppdage nye måtar å bruke stemma si på, med bakgrunn i den vokale

folkemusikken og korleis den har blitt brukt. Her vil vi m.a. sjå på teknikk, oppvarming og

utforming av eiga stemme. Vi vil også sjå på den vokale tradisjonsmusikken si rolle i dagens

samfunn.

 

Anne Sofie L. Valdal kjem frå Valldal og er oppvaksen i ein tradisjonsrik familie. Ho har folkesong som hovudinstrument, men er også gjerne innom jazz og pop. På repertoaret står også seljefløyte, bodhran og skotsk steppedans. Som frilans musikar har ho fått brukt tradisjonsbakgrunnen sin i fleire prosjekt både i Norge og Skottland, og er blant anna ein av grunnleggjarane av det kritikarroste Nu-Nordic bandet Fribo. Som utøvar har Anne Sofie brei erfaring, både i studio, på scena og i samband med tv-opptak, og har blant anna gjort fleire innspelingar for BBC og NRK. Dei siste åra har Anne Sofie hatt basen sin i Trondheim, der ho ynskjer å utforske det lokale folkemusikkmiljøet der. 

 

 

KURS 4 «Felemakaren sine tips og triks», fredag 12.november kl. 19.00-19.45

 

Lurer du på korleis du kan sjekke at fela er tett? Korleis du kan gjere ein kjapp diagnostisering av fela di? Kanskje du har spørsmål du gjerne skulle stilt ein felemakar? Då er dette kurset for deg! Felemakar Ole Gjerde deler sine tips og triks, og gir oss eit innblikk i felemakarverkstaden sin. 

 

Ole Gjerde er eigar og drivar av Gjerde Felemakeri AS. Han har utdanninga si i Tradisjonsmusikk og Hardingfelemakeri frå Ole Bull Akademiet på Voss, der han har gått i lære hjå Sigvald Rørlien. I tillegg har han ei relativt variert bakgrunn med design og produktutvikling, både frå landbruket, båt og oljebransjen. Felemakarverkstaden er lokalisert i Strandebarm i Kvam Herad i Hardanger.