Dagfinn Nupen

Den norske tone

Ytring frå Dagfinn Nupen

Den norske tone

Folkemusikkbladet for Møre og Romsdal var oppegåande i 29 år. Utsendinga av bladet tok til slutt knekken på redaktøren – for lita hjelp, og punktum vart resultatet. I ettertid har både samtalar og telefonar kima, med spørsmål om stopp = slutt.

 Ei eldre soge kom fram, stoveklokka hadde fungert og kima i årevis. Kvem la merke til dette? Når ho ein dag ikkje ville gå lenger.... Stilt i stova, og alle kunne høyre at det viktige, kjære mangla.
 Men, livet og lagnaden går vidare frametter til ukjende med og mål. Spørsmåla har som de skjønar kome i fokus, kva no med folkemusikken vår, kjelda som aldri tømest.. Eg har til tider ymta frampå at heilt sopt og tomt er det ikkje i stovene mine, og at eg i årevis har skrive/sendt artiklar og helsingar m.a. til Midt-Vesten, USA.
 Notat fins framleis, ein god del kring desse har ikkje vore publisert frå meg. Nokre personar veit faktisk at framleis skal mykje verdfullt folkemusikk-stoff vere aktuelt for spreiing.
 I dag har vi dette velsigna NETTET som skulle vere arena for meir publikasjon.
 Øystein Sande har vore ein meister, og skrive inn, plassert foto og stoffet, noko vi har fått god omtale kring.
 Ikkje underleg at slike produkt vert sakna. På dei mange spørsmåla om Sande ville skrive inn frå mitt handskrivne manus... Kan berre nemnast at skrivepapir og pennar framleis ligg på skrivebordet, og mogleg kjem litt folkemusikkstoff framleis, mellom idretts- og historieskrivingar.
 Det var dette med hesten og knegginga, alle skulle vite den lekså.
 
*  *  *
 
Til eksamen på lærarskulen i 1962 skulle skrivast ei særoppgåve, og valet var lett: Norsk folkemusikk. I tillegg leverte eg fleire blåseinstrument, som sensor tykte vel om. Han bad om å få låne desse, og arbeidde vidare med denne viktige delen av musikkfaget. Tilbakemeldingane var rett og slett rørande, og karakteren: Sg.
 Dette bygde eg vidare på, drog omkring, leita og søkte etter gode referansar, personar og prenta publikasjonar – noterte flittig og teikna instrumenta lur, horn, fløyter og munnharpe, med fleire.
 Utetter fekk eg møte mange framståande kjelder, som kunne pøse på og leggje til mengder av kunnskapar i stor stil, og her nemner eg personar som kunne faget sitt, og samstundes hadde evna til å vidareføre denne kulturarven.
 Timane hjå Reidar Sevåg var reine feststunder. Han var den fyrste som «tok meg i skule», spelte diverse instrument, illustrerte og hadde ei talande røyst som sette meg rett inn i folke-musikken sin bokheim. Han skreiv også boka «Det gjallar og det let», som måtte lesast fleire gonger. R. Sevåg fortalde om slåttane våre som vart overførde til klaveret, og eit notat fortel at m.a. Grieg sine slåttar, nedskrivne frå hardingfela, kan kallast eit «relieff». Seinare kom sjølvsagt ei plate, t.d. Opus 72. I dette tilfelle fekk ein forståing av at folket opplevde rett og slett at her møttest «to verdenar» på ein ny måte kring same stoffet.
 Slåttar med hardingfele, kontra på eit klaver, valda store diskusjonar hjå fleire.
 Allereie i 1912 vart slåttar spelte inn på voksrullar, i tillegg har vi grammofonplate ): to innspelingar av same slått, og deretter kunne ein samanlikne desse. Diverse variantar kunne dermed høyrast.
 Fekk også nokre timar hjå Eivind Groven, som lærde meg mykje om spel på seljefløyte. Stilte også spørsmål om hardingfeletonane og nyare tid si tolking av desse på klaver, og han hadde definisjonen klar. Nyansane i hardingfeletonane kjende han godt.
 «Ei ny sjel» kom inn i slåttespelet når klavermusikken tok over.
 Kring dette temaet (hardingfelespel overført til klaver) er skrive mange sider, og må nok sendast til kompetente kjennarar. Eitt er i alle fall sikkert: at mange fleire fekk glede av folketonane våre når desse kom fram med noteskrift for klaver. Mogleg var dette ein viktig lykel for å skjøne den vakre, men for mange ukjende slåttemusikken. Eit stort og vidfemnande arbeid vart gjort for å spreie den eldre norske folketonen ut til folket.
 Nedskrivarane hadde m.a. ein stor vanske: Ikkje alt som lydde frå tonekunstnarar med hardingfele, og heller ikkje frå seljefløyta, kunne noterast ned på papiret. Kva gjorde dei då?
 Ser vi på notering av naturtonerekkja, veit vi at i alle fall eit par tonar ikkje høver med dagens notering av notebiletet vårt. Dette vert notert med ei pil, som skal syne oss at tonen ikkje høver heilt presist til notebiletet.
 Musikkgranskarane hadde til tider ei heller vanskeleg oppgåve når nedskrivingar av notar skulle gjennomførast. Eindåtil Edvard Grieg måtte be om å få høyre ymse strofer ein gong til, før han gav seg med nedteikninga. Takka går til dei mange som «våga» å skrive ned eit stofftilfang som hadde levd i årevis, i dag er i alle fall mykje teke vare på og kan sendast vidare. Dette måtte vel vere viktigare enn å leggje blyanten ned.
 Soga vår kan fortelje at vakne personar har teke godt vare på brev som t.d. komponistane i landet gøymde. Desse brevvekslingane fortel mykje om kva forfedrane våre var opptekne med for over 100 år sidan. Vi nemner at Grieg meir enn gjerne ville kome til Vestfjorddalen for å lytte til Knut Dale sitt spel, noko vi kan lese meir om i den verdfulle samlinga etter dei. Opus 72 av Grieg har såleis ein sentral plass i musikken vår – bygd over Johan Halvorsens Slåttar, og nedteikna av spelemannen sine, som hadde stoffet sitt frå fleire, m.a. Myllarguten og seg sjølv.
 Frå brevvekslinga mellom Dale og Grieg, og denne nedskrivinga, ser vi at det gjekk heile 12 år frå dei tok kontakt til resultatet låg ferdig. I 1888 skriv Dale til Grieg dette:
Da jeg er en ældre natsjonal hardinger-violinist og har lært nøiagtig at spille efter de gode spillememendene Møllergutten, Håvard Gibøen.... har jeg længe grublet over om det ikke kan blive spilt efter noter og ikke blive begravet med kunstneren, ...
 Den tida eg arbeidde med særoppgåva mi i folkemusikk (til Statens lærarkurs i musikk), vart det fleire timar innan Universitetsbiblioteket og musikkseksjonen der. Øystein Gaukstad var den faste person og han hadde stor viten om historie, personar m.m. Då fekk eg for alvor opp augo mine for litteraturen, og den verdi denne kunne auke vårt vesle univers. Eg berre nemnde Valdres som eit stikkord, og han kunne fortelje om L. M. Lindeman sine fjellmelodiar og korleis dei var bygde opp, t.d. kvintmelodiar som stamme frå denne landsdelen.
 Eldre lokkar og enkle bånsullar finn ein over store delkart av landet, og desse vart ganske godt kartlagde og nedskrivne. Ein ting vart presisert. Den dugande Lindeman vart snøgt merksam på at eldre personar med god tonekjensle song tonar som hadde sine «mellomtonar». Tonen som kunne vere både litt høgare eller lågare enn dei meir brukte, som vi har på eit klaver. Song dei reint eller falskt, kunne vore spørsmålet, og korleis skulle desse mellomtonane noterast?
 Lindeman sine nedskrivingar, 1848 frå Valdres, er eit storverk i musikksoga vår, men etter det eg veit, var det salmetonar han var på leiting etter.
 Så kjem dette med endringar av tonen frå ein utøvar til andre. Eller som det står ein stad skrive: «En folketone i levende tradisjon er underkastet forvandlingens lov, den tar farve av omgivelsene og blir omformet etter den tonefølelse som er karakteristisk for hvert enkelt stil. .... Mig tyckis at Verden er underlig.»
 Ein kan vere usamd i mangt, men det grunnleggjande i musikken er nok det melodiske. Svært mange har Grieg som sin favoritt, og både rytme og harmoni går att i komposisjonane hans.
 «Dette var Grieg», seier vi.
 Ein ting kan i alle fall seiast: at det pentatone har eksistert lenge i norsk folkemusikk, og Grieg søkte djupt ned i desse kjeldene og andre tonekjelder som salmar, lokk og dei vesle bånsullane.
 Musikken hans er kjend verda over.
 Då eg for fyrste gong var i USA på ein internasjonal musikkfestival, opna det heile med Grieg-musikk. Vår mann og folketonen her oppe frå nord var i front – over lendet lydde den norske folketone sitt tungemål, til kjennarar som kom frå mange hjørne i verda. Vi kunne faktisk høyre at fjellheimen vår klang i dei venvakre harmoniane. Vemod, lengsel og jublande stemningar...
 Eller som Geirr Tveitt fortalde meg: at Grieg var som ei ånd og fornya kulturen vår, han var universell, den heilt store nasjonale kulturen er «likevel den mest universelle».
 Tveitt kunne få sagt dette, han. Vi som fekk gleda av å lytte til tankane hans, fekk minne for livet. Sikker med blyanten på notearket, og ei imponerande evne til å illustrere.
 Heilt fram til vår tid har vi hatt levande kjelder, som har skrive ned eldgamle tonar som har gått i arv lenge. Kva så med desse tonane som har gått i arv, berre munnleg – kor gamle er dei. og kva med opphavet? Dette er nok delvis uløyste oppgåver. Mykje er allment kjent og slege fast i våre dagar.
 Grieg har kome fram ofte, og hans musikk er stadig omtala og kjend. Men, han bygde ikkje berre komposisjonane sine der han nytta melodidrag frå norsk folkemusikk. Han fekk mykje frå Skottland, og impulsar derifrå. Granskingar seier oss at vi må utom Noreg, og den tonande musikken i samlinga hans.
 I «Dovregubbens Hall» er vel så heilnorsk som heimlege norske fjell, og dalar? Den store kjennaren av nasjonal-musikken vår, Arne Bjørndal, kunne fortelje meg om ei granskarferd han hadde til Skottland (1949), i Aberdeen. Dugande musikantar der borte kunne vise fram notat, som for dei fleste var ukjende.
 I dette tilfelle har Grieg skrive ned, faktisk noterett, frå den skotske. Her kan vi nok snakke om eit lån.
 Vidare fortalde Bjørndal at skotske folketonar og motiv derifrå har vore inspirasjonskjelder til «Solveigs sang», særleg i etterspelet
 «Brudefølget drar fordi» er også bygd delvis over folkemusikk av utanlandsk opphav. Grieg nytta eit tema han fekk, endra litt på rytmikken og det heile verka «Griegsk». Han var den store, eller største tonekunstnaren vår, melodisk skapande både innan vokaltonane, og sjølvsagt med god kjennskap til både klangdåmen i hardingfela sine rytmar, som var framførde i mange årtier og godt kjende av forfedrane våre. Tek med nokre døme. Ukjende for mange?
Bonnie Buchenhaven_888x300.jpg
Where have you been to day_995x300.jpg
Den duble reinlendaren_719x300.jpg
Bestefar_376x300.jpg
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Tradisjonane er gamle, ekte og grunnfesta her i Møre og Romsdal. Mange kjem frå meir eller mindre isolerte gardar, ja den dag i dag er her fleire personar som voks opp i tre-generasjonsbustader utan media som t.d. radio. Påverknad frå verda der ute var såleis minimal, når det snakkast om toneveldet som seinare fløymde over landet.
 Ord og tonar kom inn gjennom munnlege hendingar, der bestefar og ho besta hadde rike kunnskapsmengder, for vidare «sending» til barneborna.
 Kveldane i stovå med varme frå grua (omnen) og kveldsdimmet gjorde desse stundene til trolske opplevingar som særleg borna sette pris på. dei vaksne også minnest med stor glede i ettertid desse høgdepunkta.
 Dei eldre hadde den levande forteljarevna som var ein mykje verdfull skatt å sende vidare. Mange eldre folketonar fekk ein dåmrik sveip, som den nye, unge generasjonen faktisk saug inn med andakt i sinnet sitt. Opplevingane var ein viktig port, ei vekstkraft for livet.
 Bestefar, og særleg bestemor, var meister i å føre dei gode tradisjonane vidare, melodiøse klangar var eit fundament som forma livet sine tankebanar.
 
*   *
 
Den norske tone har vore eit viktig tema, gjennom drøftingar og diskusjonar i årevis. Eitt er sikkert som teikninga syner: Bestefar fortalde og bestemor tralla, lokka og song. Dette var gilde tradisjonar for vidareføring ut i verda. Kvar stad og krok hadde sine særdrag, dialektar, som på fleire vis kan samanliknast med dialektane vi snakkar i daglegtalen vår. Andre nasjonar kan fortelje oss om sine særdrag-
 

DN
Innskrive av Øystein Sande