Dagfinn Nupen

DAGFINN NUPEN

Eldre folkesong i Norderlanda

Åra går, mangt minkar, men interessa for historie (særleg den norrøne) er framleis oppegåande. I år (2016) vert det ikkje kappleikar for meg, men soger kring den eldre folkemusikken + dagens skisport og fotball blømer framleis godt.

Alternativ til framføring på dei eldre folkemusikkinstrumenta kan difor vere å ta ein penn og skrivepapir, kose seg med notatar og klipp, og dermed ta del i kulturen vår på den fronten vidare.

Framleis dukkar spørsmål opp kring musikken før i tida, korleis lage ei enkel fløyte og om utviklinga som har vore, og kva med interessa hjå ungdommen i morgon?

Nettet må difor vere ein høveleg stad å spreie nokre tankar som kan gi svar. Den eldre folkesongen skulle vere eit aktuelt område å kvesse seg på for nokon kvar. Dialektuttrykk er eit ynda tema, og i tillegg er språk svært viktig. På turar til Island, og samtalar med islendingar, kjem TVISONGR raskt på bane. Difor kjem eit klipp om nettopp denne songforma.

Som fleire skulle vite, har eg ei samling av instrument med opplysningar kring desse, etter mange år med systematisk kartlegging. Ein del av denne samlinga skal i år over til ein interessert medarbeidar. Kven denne er? Sons of Norway?

Min gode arbeidsgivar Ørsta kommune er interessert, no ein sentral stad.

Lukke til med fremjing av folkemusikken - den allsidige, morgondagens kjeldeklåre kvardagskrav, der folk ferdast. Neste fase: fleirbrukshallen og Helsesenter!

Med helsing

Dagfinn Nupen

Innskriving v/ Øystein Sande

 

Som ungdom i vår vesle horisont fekk vi etter kvart små glimt frå andre land. Eit og anna inntrykk kunne vekkje dei store interessene våre. Bilete og frimerke frå sagaøya Island sette tankane våre i eit større spenn enn vanleg .

Varmt vatn opp av jorda, som verka eventyrleg på oss unge.

I heimar og elles ute, fekk vi med «teskei» høyre eldre personar både lese og fortelje om dei norske kongane, og deira menn, som drog kringom til framande land. Bygde vikingskip og kriga både på sjø og land, vann sigrar og la landskap og øyar under seg, og dermed auka vidda på landet vårt. Jau, dette var med andre ord forfedrane våre sitt liv, som etter kvart vart lagt merke til også av andre nasjonar.

Fleire namn vart omtala og definert i heimen, og langt vidare, desse kunne ein ved sjølvsyn lese på kartet. Kart over Island kom raskt fram, og atlas vart ein heilt naturleg del som låg lagleg til på bord og i hylla.

Interessa  var vekt, ein gong måtte dette landet, som fekk ei spesialstilling hjå oss unge, verte eit mål når vi vart eldre.

Tida kom, ikkje berre ein gong, men fleire.  Minnest fyrste gongen at landet nærma seg, eg kjende berre eit sug i mitt indre. Vart litt uroleg der mange tankar svirra i hugen, og der fekk vi landkjenning. Dette var altså sagaøya, der mange av slektningane våre hadde vore på fiske. Eit anna språk, som faktisk song i øyro våre med sine musikalske diftongar.

Her skulle verte nokre dagar med nye namn, og krydra det daglege livet med fleire og underlege opplevingar. Kort skal nemnast Bessastadir, Hafnafjördur, Kopavågur.

Fyrste turen til utlandet skulle verte eit hav med utfordringar, men korleis måtte vi fyrstereisgutar ordleggje oss når munnlege spørsmål skulle framførast? Etter evne hadde vi lært oss nokre enkle setningar, men kva så? Historiske fakta måtte fram, men kva med svara ein fekk? Der stod vi som uvitande i mange høve, men fingerspråket måtte heilt naturleg kome betre fram no, enn når ein var heime.

Språket, klangleg og vakkert med markerte lydar, var eit godt og interessant signal. Her måtte vel vere mykje og spanande å få med seg for oss som kom til landet for fyrste gong!? Til tider var språket ei større utfordring, noko ein var klar over. Frå sjølve det munnlege til det skriftlege, kunne også konsentrasjonen ytterlegare få fleire oppgåver. Her var ein sett inn i eit «minefelt».

Neste etappe var musikken. Spreidde små glimt, skrift frå bøker og blad, var sjølvsagt kjærkome og nyttig, og dermed ei ny og vekkjande interesse som folket eg søkte meir kunnskap om. Rett nok hadde eg lese om desse øyane som høyrde til «Det eldre Noregsveldet», men funne svært lite om instrument der. Ei stor og skuffande oppleving.

Kva så med instrument på sagaøya? Opplysningar om folkevisene som vart henta heim til Noreg, frå Færøyane, fekk ein ny og grundig gjennomgang. Hadde personleg vore med i leikarringar og sunge ei mengd eldre historiske viser frå øyane i vestr. Spørsmålet kom dermed innpå - om her på Island måtte vel denne visesongen også ha gammal grobotn for tonar og tekst som forfedrane vårt hadde teke del i, og dermed kunne overførast til oss vestlendingar!?

Ei vakker songbok med masse teikningar som illustrerte tekstgrunnlaget i dagens bruk, kunne denne gi oss eit bilete av den eldre folkesongen på sagaøya?

SKÓLALJÓD av Kristján Gunnarsson måtte studerast, og denne «Rikisutgáfa námsbóka», med svært mange kveðin, vart årsaka til sein middag denne dagen, men tvi-songen var framleis fjern.

Notat eg hadde liggjande, kunne fortelje at både kvædesongen, den færøyske, og «tvi-songen» som vi kjenner frå Island, høyrer inn under overskrifta to-røysta (to-stemmig) song. Granskarar kan fortelje at heilt attende til 1200- (og 1100-)talet er desse musikalske godbitane kjende.

Døme kring tida den fyrste to-stemmige song kan dokumenterast, har engasjert mange.

I dag snakkar vi mykje om ei «andre»stemme til melodistemma, gjerne med fråstanden som ters- eller kvint-fråstand, og ofte parallellar.

Skal melodiar styrkast, vert oktav-parallellar nytta, i tillegg til kvint-parallellar. Eldre folkesong har vi restar av fleire stader både i Norden og sjølvsagt i andre land.

Frå våre unge dagar har mange gode minne frå den gongen skuleklassa tok til å prøve seg med to-stemmige framføringar. Dette lydde vakkert.

Soga kan fortelje om både den færøyske kvædsongen og tvi-songen borte på Island. Musikkgranskarar har funne ein del om dette, attende til 1200-talet, m.a. har vi nokre døme om denne songen nedteikna av Franco frå Köln, også med notar.

Då eg var på Færøyane fyrste gongen (nokre veker), kom vi inn på samtalane våre, nettopp om syngjemåten på denne øygruppa (17 øyar der eg vitja 16 av dei), der det historiske sjølvsagt kom i framgrunnen.

Korleis gjekk dei fram for fleire hundrad år sidan? Utgangspunktet var naturleg nok melodistemma, og vidare forsøk med «andre-røyst» i tillegg. Eldre notenedteikningar eg veit om, er parallellar heile vegen, men kor stor var avstanden?Parallellrøysta var nok ganske konsekvent, men kva var mest naturleg, ... tersane kom nok tidleg i framgrunnen. Kva med sekstane, eller til og med ein fråstand på ein heil oktav?

Mot slutten vart melodien oftast forsterka, dette vart gjort med å nytte oktav-parallellar.

Etter ein tidbolk ser vi at Hucbald i det 900-året meinte ein skulle, i tillegg til parallellføringa, bruke mot-rørsle i songframføringar. Då vi var svært unge, kom til tider ein og annan av dei eldre med si motrørsle til vår einstonige, enkle song, og dette tykte vi svært godt om, for melodiføringa fekk eit fyldigare preg.

Tida gjekk, og åra, litteraturen kom meir til sin rett, og nettopp vårt interesserte indre hungrande etter teoretisk kunnskap større. Nye omgrep kom på dagsorden og spørsmåla søkte etter svar.

Korleis oppstod songen, når den daglege talen vår fekk tonar som komp? Grubling.

Dei mange kulturgreinene har sine vegar i utvikling, såleis er det med den musikalske kunstforma også. Her må ein langt attende i uvissa før konklusjonen er nokolunde klår, og framveksten kartlagd.

Dette har granskarar hatt mangt eit hovudbry med, og vi trur at vegane for å finne dette har vore både mange og spreidde.

Tenkte dei på menneskerøysta eller var der ting i naturen som vart nytta som utgangspunkt? Ymse ting kunne høyrast der ute, men mykje slike lydar kunne ikkje nedskrivast som musikk.

Kva, og kvar, kunne slike lydar høyrast for fleire hundre år sidan, og som framleis er under lupa.

Nokre reglar skal vi repetere. Jamne svingingar gir oss tonar, ujamne, då talar vi om støy. Du har nok lytta til havbåra, som endar i fjellhammaren langt inne i fjordbotnen. Kan vi i dag lage ein regel her? Dunk og drønn har ofte stor effekt i alle fall, dette høyrde nok vikingane ganske klårt.

Då eg var liten, både såg og høyrde eg kor vinden tok tak i greiner og blad. Stigning og fall i trea fortalde meg att tonen/lyden varierte alt etter kor kraftig luftstraumen var.

Blæs du på ein lur, eller i seljefløyta, veit vi at tonen endrar seg etter styrken på luftstraumen.

Blæs du svakt i fløyta, eller luren, ein låg tone, ved kraftigare blåsestyrke, så stig tonen.

I desse to instrumenta talar vi om naturtoneskalaen (sjå teikninga). Få tonar høver ikkje med den tempererte skalaen, og desse tonane vert merka av med ei pil.

Drøftingar om korleis songen starta har gått i årevis, og vil nok halde fram. Kva med tonehøgder hjå menneska? Fast eller varierande, og korleis eller kva var utgangstonen? Fråstranden mellom tonane, storleik, var nok eit anna spørjande tema. Var dei på leiting etter eit instrument som kunne ha ein fast grunntone?

Så kom eit instrument/tonereiskap, og dette kunne dei finne i naturen, konkylar, skjel, eller ei enkel fløyte vart laga av trepinnar eller strå. Så blæs dei ein tone eller to, og etterlikna desse enkle tonane.

Dette siste kjenner vi til, mange av oss, i dag. Gode songarar var sikkert førebilete for fleire, og etter kvart lydde tonar frå fleire strupar, og utan instrument. Kva årstal talar vi om no, dette trur eg må stå ope. Skrivne kjelder og/eller granskarar er nok i tvil her. Historieboka seier ein god del, og nokre tidsepokar vart slukte av oss borna når vikingtida vart illustrert, fortald, og høgtlesing fekk stor merksemd hjå oss unge og røynde.

Vi fekk høyre om at forfedrane våre, i båtar, drog ut frå vestlandsbygdene og hamna m.a. i England og Island. Der kom dei i kontakt med folket på desse øyane, og lærde mykje. Eit anna språk og gjerne andre skikkar enn her heime, for mange hadde vore i andre land og teke del i deira fest- og kvardag.

Desse vikingane har vi lese mykje om, der dei røva, plyndra og gjekk brutalt fram. Dette legg vi vekk her, men tek også fram at dei kom i kontakt med kristne personar, fekk kjennskap til kyrkja, og dermed ein heilt ny kvardag.

I denne tidbolken (kring år 1000) fekk dei for alvor kjennskap til songen, på eit framant mål. Litt i bagasjen hadde fleire av desse vikingane allereie. Stikkordet er skaldekvede, som du sikkert både har lese og høyrt om frå noregssoga!

Nytt spørsmål - vart desse sungne eller berre framsagde? Gjerne med ei taktfast rytme, som lydde nærast som tonande musikk?

Skaldane har fått god omtale i soga vår, og fremst mellom desse er Egil Skallagrimsson, som har fått namnet sitt og gjerningane omtala med fleire avsnitt i sogeboka. Etter notata mine var denne høvdingen sine kvæde påverka av den latinske kyrkjesongen. Skallagrimsson hadde vore i England, der han kom i kontakt med kristninga, i ungdomsåra sine.

Eitt tykkjest sikkert: Han høyrde i alle fall på kyrkjesongen der borte hjå dette kulturfolket.

Latinske hymner lydde i kyrkjene der på øyriket, men vi har heller lite notemateriale frå denne tida. Granskarar kan fortelje at desse latinske hymnene hadde vanlegvis enderim, og dermed noko annleis og framandt i vår norrøne skriftdrakt.

Den geniale Egil Skallagrimsson har nok teke til seg denne språkkjensla seinare. Ein god del av litteraturen dei las, har hatt god grobotn også i dag, for fleire av desse perlene vert siterte og framførde i våre dagar.

«Hofud-lausen» vart dikta i året 950, og framsagd for Eirik Blodøks, som var styrar for den engelske kongen i landsluten Northumberland. Dette kvadet brukte ende-rim i tillegg til det meir vanlege «fram-rimet». Ein kan snakke om eit meir utvikla og moderne preg, noko som var meir ukjent i dei eldre skaldekvæda.

Så gjekk det eitthundrad år, før vi møter desse formene i dei neste dikta. Då veit ein at vi var komne inn i den kristne tida med sine straumdrag.

Song og musikk har fylgt trufast folket vårt gjennom generasjonar. Alder på instrumenta vert i dag drøfta, og til tider kjem spørsmålet opp, kva for instrumentgruppe som er den eldste, streng-, blåse- eller slaginstrumenta. Ofte gløymer vi menneskerøysta, som sjølvsagt er den eldste.

Langt seinare kom instrumenta som i fyrste tida, og seinare også, var heilt enkle, oftast å finne ute i naturen. Eg må berre få sitere den gode Jakob Sande, som seier ein stad: «... ferdig til fløytebruk». Berre tenk over dette, leit, og du vil finne nokre sådanne tett ved stova di.

Namn?

Attende til vikingtida og spørsmålet om kva slag instrument som lydde på sjø og land då.

Snorre sine kongesoger gir oss i alle fall nokre greie opplysningar her. Luren er omtala fleire gonger som eit praktisk signalinstrument for å samle troppene sine. Til krigsbruk hadde dei denne, som forskarane meiner var laga av metall. Metall-lurar har vi også mange opplysningar om frå fleire land kringom både i Europa, asiatiske land og vidare.

I våre dagar tenkjer vi helst på seterjenta som nytta lur av tre, never eller bork, under oppgåvene ho hadde med å samle buskapen på setra og i terrenget.

Luren og seljefløyta har vore tonekjelda som særleg setermusikken, sambandet mellom gjetarlivet på dei mange bondegardane er kjende med. Men alderen på desse blåseinstrumenta har eg ikkje heilt sikre årstal på, attover i tida.

Treklangen som desse gir oss, er eit intervall som vi finn nær sagt over alt på jorda, etterlikning av dei to naturtone­instrumenta har i alle fall vorte repetert i hopetal av mange.

Tonar av ymse intervall, og med eit utal av mange slags sprang, har nok hatt påverknad av andre. Kyrkja veit vi har vore eit føredøme i mange samanhengar, også for den meir «folkelege» songen.

Ganske sikkert må kyrkja inn her, og kristendommen fekk etter kvart eit viktig poeng i folket sin kvardag over til betre tankar, kom i kontakt med høgare makter og dermed leia prestane inn i nye tankebaner.

Soga seier at nyare tider og fredelege tankar førde den nye trua inn i konkrete spor, og no kan vi lese om messesong hjå folket. Ei signing.

Dei mange samlingane under kyrkjekvelven fekk folket til å syngje. Dei nye melodistrofene, som fyrst og fremst prestane og klerkane framførde, auka i omfang.

Legg vi øyro til, høyrest ein god del drag i visemelodiane som kan knytast attende til den katolske kyrkjesongen. Opphavet skulle vel i dette høve vere enkelt å slå fast!?

Tek vi med eit gammalt notat etter Georg Reiss som har studert denne toneverda meir enn dei fleste, og ein stad seier han etter studie av «syrgjesongane»:

«Naar man betænker at hin kirkemelodi paa langfredag blev sunget ikke mindre end 11 gange, kan man ikke egentlig undres over at den har kommet sig ind i folkets sind, og bevidst eller ubevidst tjent forbillede for den der skulde sætte den verdslige tekst i musik.»

I skuledagane fekk vi gleda av å lese mykje, og ymse litteratur. Mangt er borte, vekke, men fleire strofer/vers kjem att. Strofer som har stadig tema tilbake er dette Voluspá med sine velgjerande verseliner. Berre dette namnet vart nemnt mellom islendingar når vi vandra borte på sagaøya, var det garantert ein pause. Linjer siterte, sagastilen i fokus.

I seinare tider har eg fått vere med i kor her i landet, og sunge dette kvadet for og mellom frendfolket borte i Reykjavik:

Ei høgtidsstund for livet.

Vi veit at mange, mange islendingar har sjølve frå eldre tider, og heilt til notida, sunge dette mektige verket med stor innleving.

G. Reiss nemner at her er ein god del likskap mellom melodiar som vart ofte repeterte (sjå eller syng frå «Klagesongane»). Fleire av desse kyrkjemelodiane finn vi nok brotstykke av seinare, så kyrkja hadde nok mykje av påverknaden til forfedrane våre sin syngjemåte.

Islendingane har mangfaldige år sunge, heilt fram til våre dagar, m.a. frå Voluspá. «År var elda på Ymir byggd.», som skal takast med her.

Jón Olafsson frå Grunnavik song denne, nedskriven i 1770-åra i Køpenhamn:

Du hugsa mogleg frå teksta i unge skuledagar?

I opphavs tid, frå Yme levde,

var ei sand ell’ sjø ell’ svale båror;

jord ikkje fanst; opphimmel ei;

eit Ginnunga gap var,

og inkje gras.

Kva tid (år) vart dette Voluspá dikta? Heilt sikre er nok granskarane ikkje, men notat seier at årstalet kan vere omlag 935.

Vidare kan ein slå fast at norske er meister for tekst, gjerne er melodien også norsk, eller islandsk. Etter det ein veit, skulle melodien i dette tilfelle vere den eldste melodi med nordisk opphav. Seier soga om Olav Kyrre noko om dette?

Musikkforskarar meiner i mange høve at vi talar om kopiering frå den vide messesongen i kyrkja. Dersom dette er tilfelle, må nok melodien vi talar om (Voluspá), vere i alle fall hundrad år yngre enn teksta som kom til.

Kunnskapane mellom folk har ein nok ikkje heilt godt oversyn over. Vi kan stille spørsmålet, kven kjende dei mange melodiane som kyrkja sende ut?

I fyrste tida, berre prestane, men desse kom frå andre land. Her må engelske og irske nemnast i fremste rad. Dei var i denne tida læremeistrar for våre norske, i kyrkja. Teksta var ein ting, kva så med meloditilfanget? Vi hadde nok nokre eldre kvede, som låg langt til sides for kyrkja si lære. Kva med kyrkja sine medarbeidarar med å setje melodi til kvad som låg langt unna dei kyrkjelege, som litt etter litt fekk betre fotfeste hjå folket.

 

Kva skjedde utetter på 1100-talet?

Granskarar meiner at både skalde- og dei gode Edda-kvada kom etter kvart i bakgrunnen, for no kom song-dansen meir i siget. Den norrøne diktekunsten, med sin stil og rytme, vart aksentuerande.

Kunne dei skrive ned eit vers på desse tidsepokane, før og etter vikingtida og samanlikne? Islendingane, kontra dei norske, stilte eg eit spørsmål for lenge sidan. Svaret som kom, var tydeleg. Islendingane var meir konservative.

(Innskriving v/Øystein Sande.)